Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 1994

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Ola S. Apeland (Sp): Eg vil be kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes svara på følgjande spørsmål:

Fagopplæringssystemet vert kraftig utfordra ved gjennomføringa av Reform 94. Det trengst mange nye læreplassar både innan privat og offentleg sektor. Ei rekkje nye fag ventar på godkjenning under lov om fagopplæring i arbeidslivet.

Når vil statsråden syta for at fagplanane innan til dømes omsorgs- og oljesektoren blir godkjende?

Statsråd Gudmund Hernes: Først til læreplanar innan omsorgsarbeidarfaget. Ved innføringa av Reform 94 vil ein finne to nye opplæringsløp under lov om fagopplæring innan studieretning helse- og sosialfag - omsorgsarbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Opplæringa vil følgje hovudmodellen for fag under lov om fagopplæring i arbeidslivet - to år i skole og eitt år i bedrift. Det siste året i bedrift kan strekkjast over inntil to år dersom det inngår verdiskaping.

Grunnkursplanen for helse- og sosialfag blei mellombels fastsett den 15. oktober 1993.

Planane for VK I og VK II/bedrift for omsorgsfaget er under slutthandsaming i departementet. Innhaldet i planane er no angitt av Sosialdepartementet. Planen er i dag til høyring i det mellombels opplæringsrådet for helse- og sosialfag. Etter dette reknar departementet med at omsorgsarbeidarfaget i løpet av kort tid vil bli godkjent som fag under lov om fagopplæring.

Så til læreplanar innan oljesektoren. I brev av 22. desember 1993 gjorde departementet kjent at faget var godkjent med iverksetjing frå 1. august 1994. Fram til denne datoen kunne forsøket i Rogaland halde fram. Brevet gjekk ut til tariffpartane for dei oljerelaterte fagområda og til Rådet for fagopplæring i arbeidslivet.

Departementet har endra dette vedtaket og har sendt ut brev om at opplæringsplanen og yrkeslærekurset for faget blir iverksett frå 31. januar 1994. Planen blir godkjend fram til den blir avløyst av dei nye læreplanane utarbeidde under Reform 94.

Dette brevet er mellom anna sendt til tariffpartane, til Rådet for fagopplæring i arbeidslivet, til skoleverket og til arbeidsmarknadsetaten.

Forsøket i Rogaland i brønnserviceteknikk som blei godkjent av departementet den 5. juli 1991, går over til ordinær verksemd frå 30. april 1994. Kandidatar som har avlagt fagprøve i forsøksperioden, får forsøksbeviset sitt konvertert til fagbrev.

Når det gjeld fagplanar som høyrer til faget brønnserviceteknikk, så vil under Reform 94 lærlingane til faget bli rekrutterte frå to alternative grunnkurs - mekaniske fag og elektrofag. Desse læreplanane blei fastsette hausten 1993. Vidaregåande kurs I vil bli elektromekaniske fag. Denne læreplanen er no ferdig og vil bli fastsett om kort tid.

Med bakgrunn i erfaringane frå forsøksverksemda og erfaringane med læreplanarbeidet under Reform 94 har vi grunn til å tru at dette faget vil kome godt i gang.

Når det gjeld faget fjernstyrte operasjonar under vatn, har søknaden om å få kome i gang med dette faget nyleg blitt handsama av Rådet for fagopplæring i arbeidslivet.

Departementet har i byrjinga av denne veka skrive til tariffpartane for faget og bede om å få klarlagt ein del spørsmål i høve til tilpassinga til Reform 94. Når vi har fått svar på desse spørsmåla, vil vi prioritere saka, og vi vil gje ei rask tilbakemelding om dette faget skal utgreiast nærare med tanke på å bli lagt inn under lov om fagopplæring i arbeidslivet eller ikkje.

Ola S. Apeland (Sp): Eg takkar statsråden for eit langt svar.

Som statsråden kjenner til, har godkjenninga av til dømes omsorgsfaget teke særs lang tid. Faget blei tilrådd av RFA den 1. september 1991 og anbefalt godkjent. Faget er framleis ikkje godkjent som lærefag, og som statsråden kjenner til, er det stor forsøksaktivitet innan området. Mange er no ferdige med læretida, men får altså ikkje fagbrev. Samanlikna med tempoet elles i Reform 94, meiner eg dette er lite tilfredsstillande. Er ikkje statsråden samd i dette, og kvifor tek det så lang tid?

Statsråd Gudmund Hernes: Hovedsvaret på dette er at dette er et fag hvor det ikke bare er mange interessenter, men også sterke interessenter, og i tillegg til det er det her spørsmål om å gi en utdanning på et område som for enkelte av de berørte fagenes vedkommende også krever offentlig godkjenning. Det gjelder for eksempel hjelpepleierutdanningen, og her er det spørsmål om en grensedragning mellom to nærskyldte fag - omsorgsarbeiderfaget og hjelpepleierfaget. Av den grunn har vi også måttet trekke Sosialdepartementet og Helsetilsynet inn, siden det er de som forvalter godkjenningsordningen, og det er først og fremst det pluss de ulike interesser som har kommet til uttrykk i opplæringsrådet, som har bidratt til at denne saken er blitt såpass forsinket.

Ola S. Apeland (Sp): Målet i Reform 94 er 20000 læreplassar i 1996. Til å gje kvalifisert fagleg opplæring treng fylkeskommunane faglege leiarar i lærebedriftene. Dette gjeld både innan privat og offentleg verksemd. Fylkeskommunen treng tida fram til 1996 til å førebu reforma. Ein aktiv bruk av § 20-ordninga vil mogleggjera målet om å nå 20000 læreplassar. Ein kan som kjent ikkje nytta § 20-ordninga før faga er formelt godkjende. Korleis skal fylkeskommunane gjere dette arbeidet dersom ikkje departementet godkjenner nye fag innan privat og offentleg sektor innan rimeleg kort tid? Statsråden sitt svar på førre spørsmål lover ikkje spesielt godt for 1996, og eg håper at me skal få ei raskare sakshandsaming framover.

: