Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 8. desember 1993

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 29

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla eit spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren. Eg må få lov til å gjere merksam på at det dessverre i teksten er ein feil. Der skal stå « læreplanen » i staden for « Mønsterplanen ». Spørsmålet lyder:

Frå lærarhald er det kome sterke reaksjonar på den nynorske utgåva av læreplanen for grunnskulen, vidaregåande skule og vaksenopplæring, generell del. Utgåva inneheld fleire språklege feil. Ho låg heller ikkje føre til same tid som bokmålsutgåva.

Vil statsråden syta for at nynorskskulane får ei ny og rett utgåve av læreplanen?

Statsråd Gudmund Hernes: Ja, eg har gått ut frå at det det har stått om her, har vore den felles generelle del av læreplanen, og ikkje Mønsterplanen.

Eg er alltid open for kritikk, men den kritikken som er komen mot den nynorske utgåva av læreplanen, er eg ikkje utan vidare samd i. Reaksjonane er også sprikjande, det er rett at somme har kritisert språket i planen, men det er også mange som meiner at språket er godt. Dei to utgåvene - altså på bokmål og nynorsk - er haldne i same språklege stil og framstillingsform, og nynorskutgåva er halden innanfor rammene av eit allment generelt sett moderne nynorsk. Dette er sjølvsagt slik det skal vere, noko anna kunne ikkje godtakast. Nynorskutgåva har - som bokmålsutgåva - innslag av ord med lang tradisjon. Somme lærarar finn ord som tagal og tarv gammaldagse i nynorsk, det verkar som dei ikkje er klar over at desse er fullt gangbare, ikkje berre i nynorsk, men også i bokmålsordbøker frå i dag.

Ein har høyrt påstandar om at nynorskutgåva inneheld rettskrivingsfeil, men døme har ikkje vore lagde fram det eg har sett. Eg har høyrt reaksjonar på at det i overskriftene over hovudavsnitta er nytta enkel bestemming: Det meiningssøkjande menneske, Det skapande menneske osv. Å krevje dobbel Å krevje dobbel bestemming her, med tilvising til at nynorsk skal ha dobbel bestemming, er etter mitt syn ei forflating. Om skolen og klassen står det mellom anna på side 19 i bokmålsutgåva at

den må vise særlig omtanke og omsorg når noen kjører seg fast eller strever stridt og kan miste motet

I nynorskutgåva blir dette at

han må vise særleg omtanke og omsut når nokon kjører seg fast eller strevar stridt og kan misse motet

Somme har harselert over dette og liknande ting og har brukt det som døme på « knot » og « læregut-nynorsk ». Eg kan ikkje godta det som alvorleg kritikk.

Som statsråd for utdanning er eg oppteken av å ta vare på den språklege rikdomen vi har og har hatt. Eg må også ta ansvar for at språket ikkje forvitrar. Difor er det eit viktig signal i læreplanen for skolen at han språkleg sett tek vare på og hegnar om tradisjon og kulturarv. Det er også viktig å ta ansvar for å utvikle språket, og eg er glad for den innsatsen som blir gjort, til dømes når det gjeld utvikling av nye ordbøker.

At nynorskutgåva ikkje kom til same tid som bokmålsutgåva, er ikkje heilt rett. Ein må hugse at planen er trykt i eit svært stort opplag: 120000 einingar. Han er òg omsett til samisk, og departementet er i gang med å omsetje han til engelsk. Det lèt seg ikkje gjere å trykkje alle utgåvene samstundes, og både trykking og utsending tek tid når opplaget er så stort. Det er difor ikkje mogleg at alle lærarar kan få planen samstundes, og ein kan i denne samanhengen vanskeleg kalle ein skilnad på ein månad eller to at nynorskutgåva ikkje låg føre til same tid.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg takkar statsråden for svaret. Eg deler statsråden si oppfatning av kor viktig språket er - kor viktig det er i språket å ivareta både vår kultur og våre tradisjonar, kor viktig det òg er å leggja vekt på eit godt språk.

Eg vil nemna nokre eksempel frå læreplanen på nynorsk. Det står at « opplæringa må eggje kvar einskild til drivsemd ». Det står at elevane må « kjenne seg trygg i tradisjonen og budd til brigde », at dei må « oppdage og utvikle dei kimar som ligg i eigne givnader », og at « ein god skole og ein god klasse skal gi rom nok for alle til å brynast og rørast ».

Mitt spørsmål til statsråden blir då: Kan han ha forståing for at det er lærarar som har sagt at denne læreplanen passar betre i revyinnslag enn i norsk skule?

Statsråd Gudmund Hernes: Hovedsvaret på det er nei! Jeg er selvsagt klar over at alle vi som driver med politikk, må være forberedt på å opptre mange steder, ikke minst som revyinnslag, og at også det vi skriver, blir både brukt og søkt karrikert. Men alle de eksempler som her ble trukket fram, er eksempler som er gangbare også i forhold til moderne lærebøker i nynorsk.

Jeg er en av dem som selv er vokst opp i et nynorsk-hjem, selv om det ikke er det språket jeg bruker til daglig. Og det som for meg står som den største trussel mot nynorsken, er at slik den etter hvert får form, med en sterk import av ord fra både engelsk og latin, er jeg overbevist om at « lille Marius » ville funnet seg vel til rette i mye av det som ellers går under navn av nynorsk. Det jeg mener å si med dette, er altså at det største og viktigste språkvern må være å hegne om det som er ord med litt eldre klang. Dem har vi også lagt inn i den bokmålsutgaven som er kommet, for eksempel ved bruk av ord som « høvisk » eller « tarv » eller « rettskaffen » - ord som ellers ikke er en del av det ordinære innslaget i dagligtalen.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg trur nok at dette kan opplevast litt ulikt i ulike delar av landet. Med mi erfaring som lærar i ein ungdomsskule på Vestlandet, må eg seia at eg ville ha sett pris på at det blei brukt noko meir moderne ord i denne utgåva.

Statsråden kommenterte òg at desse to læreplanane kom til ulik tid. Det er spesielt vanskeleg når læreplanen kjem i månadsskiftet september-oktober. Eg samanheld det med dei problema som òg elevar i den vidaregåande skulen har med å få lærebøker til rett tid, og det ansvaret departementet har i den samanhengen med å følgja opp overfor forlaget. Eg er uroleg over utviklinga der, når departementet ikkje sjølv følgde betre opp når det gjeld desse læreplanane, at dei ikkje kunne koma til same tid.

Mitt tilleggsspørmål blir då: Ser statsråden at det både på skulane og for elevane i dei vidaregåande skulane her er problem i forhold til nynorske bøker?

Statsråd Gudmund Hernes: Jeg tror det er riktig at det kan oppleves ulikt i ulike deler av landet. Det som da på en måte er min bekymring i forhold til nynorsken, er nettopp det man kaller moderne ord. Ordet « moderne » er jo selv ikke et norsk ord. Man finner ord som « kritikk », « reaksjon », « eksempel », « akseptere » og « argument » - hele stammen av latin som også har sneket seg inn - istedenfor norske ord som for eksempel « innslag », « motinnlegg », « godtaka », « påstand » osv, som er synonymer, men norske ord og med norske røtter. Det som er viktig for oss, mener jeg, med det språklige trykk vi har utenfra, er særlig å ta vare på og løfte fram denne delen, også de ordene som ved første møte igjen kan ha en litt gammel, men allikevel god klang.

Når det gjelder den ulike tid, er det noe som vi læreboksammenheng selvsagt er svært opptatt av. Stortinget kommer inn her i år med en ekstrabevilgning til parallellutgaver på nynorsk og bokmål, og denne budsjettposten er økt ved et forslag fra kirke- og undervisningskomiteen som jeg er glad for er kommet. Men når det gjelder akkurat læreplanen, mener jeg det er innenfor toleransegrenser vi må kunne akseptere når det gjelder skolens personale.

Presidenten: Vi vil nå ta opp spørsmål 52, fra representanten Tor Nymo til forsvarsministeren. Spørsmålet vil bli besvart av kirke-, utdannings- og forskningsministeren på vegne av forsvarsministeren.

: