Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1993
Spørsmål 17
Ole Johs. Brunæs (H): Jeg skal få lov å stille samferdselsministeren følgende spørsmål:
Det er oversendt brev til Samferdselsdepartementet om flere brudd på forvaltningsloven ved saksbehandling i Luftfartsverket.
Anser statsråden saksbehandlingen i Luftfartsverket å være forsvarlig og i henhold til forvaltningsloven?
Statsråd Kjell Opseth: Det brevet representanten siktar til, gjeld, etter det eg har fått opplyst, ei klage på Luftfartsverket si handsaming av ein flyskole i samband med at skolen fekk avslag på ein søknad om å drive utdanning av flygarar. Klaga er handsama på vanleg måte i departementet. Luftfartsverket si handsaming i høve til reglane i forvaltningslova vart då vurdert av departementet. Departementet stadfesta Luftfartsverket si avgjerd.
Same flyskole har i ei anna sak reist krav om erstatning for inntektstap ved ikkje å få Luftfartsverket si godkjenning av eit særskilt undervisningsopplegg. Denne saka er no til avgjerd i retten. Eg vil difor ikkje kommentere spørsmålet ytterlegare.
Ole Johs. Brunæs (H): Jeg har full forståelse for at statsråden ikke kommer inn på en sak som er til behandling i retten.
Men jeg skal nevne ett eksempel av flere som forelå i dette brevet jeg her viser til. Ved en anledning ble det sendt en forespørsel til Luftfartsverket om godkjenning av en såkalt syntetisk flygetrener. Luftfartsverket opplyste ved denne anledningen at svar ville foreligge i løpet av 14 dager. Etter fire år uten svar og etter gjentatte purringer ble saken oversendt departementet som klagesak. Det er ikke selve saken jeg kommer inn på, men det er behandlingstiden som synes å være underlig lang. Det jeg vil spørre statsråden om, er: Kan statsråden forsikre oss om at så lang saksbehandling ikke lenger vil forekomme i Luftfartsverket?
Statsråd Kjell Opseth: Det hadde vore meir tenleg for både spørjar og svarar at spørsmålet hadde vore like konkret i utgangspunket som det no vart, at det gjekk på behandlingstida. Då kunne eg truleg gitt eit meir konkret svar også.
Reglane i forvaltningslova når det gjeld tidsrammene, er heilt tindrande klare, og dei påligg det sjølvsagt også Luftfartsverket å halde seg til. I den grad det tek lengre tid, er dei pliktige å orientere motparten om det. Om dette er gjort i dette tilfellet, kan eg dessverre ikkje seie her og no, fordi problemstillinga ikkje vart reist så konkret i spørsmålet.
Ole Johs. Brunæs (H): Jeg takker statsråden for svaret og velger å tolke det slik at han vil pålegge at forvaltningsloven blir fulgt, og at han vil ta opp disse forholdene med Luftfartsverket og eventuelt andre etater.
Statsråd Kjell Opseth: Eg kan ikkje her og no tilkjennegje at Luftfartsverket har brote forvaltningslova, men dersom representanten Brunæs' utsegn er reell og det ikkje finst nokon mellomliggjande korrespondanse, kan det tyde på at det er skjedd i dette tilfellet. Når det gjeld framstillinga av saka, skal eg sjølvsagt ta den opp med Luftfartsverket, men eg kan ikkje no erkjenne at det er skjedd noko brot på forvaltningslova i Luftfartsverket.