Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. november 1993

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 17

Anita Apelthun Sæle (KrF): Eg tillèt meg å stilla følgjande spørsmål til justisministeren:

Kva vil justisministeren gjera for å stoppa den ulovlege omsetjinga av videovald og porno, som media - Dagbladet 26. oktober 1993 - synest å ha avslørt?

Statsråd Grete Faremo: Den nemnde avisartikkelen avdekkjer ei urovekkjande utvikling og illustrerer kor viktig det er at politiet er merksam på og også rettar innsatsen sin mot dette området. Ved Oslo politikammer har eg fått opplyst at ein der er uroleg for den negative utviklinga og har sett i verk aksjonar mellom anna mot omsetnadsstader som er nemnde i artikkelen. Fleire aksjonar og tiltak er planlagde, samstundes som politikammeret går gjennom omfattande materiale som er beslaglagt med tanke på strafferettsleg oppfølging.

Eg har eit klart inntrykk av at politiet også andre stader i landet tek problemet alvorleg og gjer sitt beste for å avsløre og kjempe mot den uakseptable innførsla og salet av ulovleg videovald og pornografi. Ei kort rundspørjing til sentrale politikammer viser likevel at Oslo har dei langt største problema.

Eg har notert meg Oslo politikammer si forvissing om at problemet blir tatt alvorleg, men eg vil likevel følgje utviklinga nøye gjennom kontakt med politikammeret og Riksadvokaten.

Denne omfattande omsetnaden av pornografi viser at det er etterspurnad og ein marknad, noko eg finn urovekkjande. Ein innsats som skal lukkast, kan derfor ikkje berre avgrensast til politiet. Vi må vere viljuge til å diskutere kvinne- og menneskesyn, og mange må ta eit oppgjer med eigne haldningar. Her ligg store oppgåver for mange som har med ungdom å gjere.

Det er slik at mykje av den ulovlege pornoen som blir omsett, er produsert i utlandet. Noreg vil derfor halde fram med si internasjonale pådrivarrolle for vidare å utvikle samarbeidstiltak og det formelle regelverket. Det er også naudsynt at politi- og tolletaten samarbeider, slik at mest mogeleg av dette kan bli stansa før det kjem inn i landet.

Anita Apelthun Sæle (KrF): Eg takkar for svaret, og eg er glad for det ministeren seier om menneskeverdet i denne samanhengen, for videovald avlar vald. Åtte valdsoffer i Oslo dagleg er nok ikkje tilfeldig. Nyare forsking stadfestar det vi visste. Dersom ikkje folk såg vald på TV, ville det årleg vore 10000 færre drap i USA, seier forskinga. Den konkluderer også med 70000 færre valdtekter og 700000 færre skadar på grunn av åtak dersom ein reduserte valden i TV.

Også i Noreg haustar vi som vi sår, det må vi rekna med, og mitt oppfølgingsspørsmål til justisministeren er då: Ser justisministeren på ulovleg videovaldomsetnad som eit isolert onde, eller ser ein også på det som ei av årsakene til valdsbruken i samfunnet?

Statsråd Grete Faremo: Denne kriminalitetsformen kan ikke ses isolert, og ikke minst i Oslo har vi større oppmerksomhet rettet inn mot den organiserte kriminaliteten med forgrening til både økonomisk kriminalitet, narkotikakriminalitet og den kriminalitetsformen vi her diskuterer. Det er for meg nødvendig å ta utgangspunkt i det kvinnesyn, det menneskesyn, vi vil skal ligge til grunn. Derfor er også Regjeringen opptatt av å styrke det holdningsskapende arbeidet i tillegg til arbeidet med regelverk og den etterfølgende oppfølging og kontroll.

Anita Apelthun Sæle (KrF): Takk for svaret igjen. Eg er også glad for det statsråden sa i sitt første svar om at ho vil følgja utviklinga i politiet og hos Riksadvokaten nøye. Men Kvinnefronten fortel at dei har meldt forhandlarar av grov og ulovleg pornovald til politiet gjentekne gonger og fått lagt bort sakene. Mitt spørsmål er då: Er grensene mellom lovleg og ulovleg porno og videovald kanskje for utydelege, og i så tilfelle, vil justisministeren klargjera lova og be politiet forsera innsatsen på det grunnlaget?

Statsråd Grete Faremo: Det er for så vidt ingen deler av dette som vil være unntatt fra en gjennomgang, men det er vel grunn til å nevne at for pornografiområdet har vi hatt en ganske brei gjennomgang nylig. Det er også nødvendig å se nærmere på voldsvideoproblematikken, hvordan vold fremstilles på fjernsyn. Og når vi ser et år eller to tilbake, er det ikke grunnlag for å si at politiet har prioritert ned dette området; det er gjennomført ulike aksjoner. Det er likevel slik at politiet må prioritere sine ressurser ut fra et nokså breit kriminalitetsbilde. Men som jeg sa i mitt første svar, politiet har allerede konkret arbeid i gang og har satt i verk aksjoner mot de omsetningsstedene som var nevnt i artikkelen.

: