Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 3. november 1993

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Magne Aarøen (KrF): Eg tillet meg hermed å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Den nye lesetidsavtalen med lærarorganisasjonane fører til at skuleåret for elevane vert forlenga frå 37 til 38 veker. Minstetimetalet for barnesteget vert etter dette 143,13 timar.

Kva vil departementet gjere for at ein frå 1. januar 1994 kan få eit heilt veketimetal for barnesteget og 90 timar for ungdomssteget?

Statsråd Gudmund Hernes: Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sende 28. juni 1993 ut eit rundskriv, F-63/93, der iverksetjinga av arbeidstidsavtalen i skoleverket er omtala.

Når det gjeld fag- og timefordelingsplanen som står i M 87, gjeld denne framleis. Men planen må tilpassast slik at elevane får det same samla undervisningsvolumet på 38 veker som dei til no har fått på 37. Ein får på denne måten ei årsramme for faget. Undervisningstimetalet er etter dette ikkje endra. Elevane skal såleis ha eit minstetimetal på 147 timar pr. veke fordelt på alle åra på barnesteget, men no over 38 veker pr. år.

Reint praktisk kan dette løysast på ulike måtar, til dømes ved periodelesing, anna organisering av skoledagen, tilpassingar innanfor lærarteam e.l. Departementet føreset at tenlege ordningar kan iverksetjast ved den einskilde skolen.

Reknestykket som kjem fram i spørsmålet, 143,13 timar, inneber at timetalet skal vere det same kvar veke. Det er ikkje tilsikta i den nye avtalen, idet omfanget av undervisninga no er nedfelt i årsrammene for faga. Dermed fell eigentleg grunnlaget for spørsmålet bort. Undervisninga kan ein organisere på ulike måtar over tid, med ulike timetal pr. veke. Den nye avtalen gir rom for slik fleksibel organisering, og kvar skole har fullt høve til å finne fram til gode løysingar.

Magne Aarøen (KrF): Eg takkar statsråden for svaret. Eg trur statsråden vil vere omtrent åleine i dette landet om å sjå det slik at grunnlaget for dette spørsmålet skulle ha falle bort. På samtlege barne- og ungdomsskular over heile landet er dette eit stort praktisk problem, som dei som har det formelle ansvaret, vrir seg for finne løysingar på. Også på utdanningsdirektørkontora er dei fortvila over dette. Dei kan ikkje sjå meininga med at ein ikkje skal følgje opp med å justere timetalet. Det har også ei praktisk side når det gjeld skuleskyss, som særleg råkar utkantane. Difor er det ikkje så lett å endre timetalet frå periode til periode som statsråden her gav uttrykk for.

Ein elles offensiv statsråd synest på dette området å ha vore litt for defensiv, og eg vil stille følgjande tilleggsspørsmål til statsråden: Kan statsråden tenkje seg i samarbeid med fagkomiteen i Stortinget på nytt å sjå på dette i samband med budsjetthandsaminga, for om mogleg alt frå komande nyttår å finne praktiske løysingar på dei problema som samtlege i skuleverket i dag strir med?

Statsråd Gudmund Hernes: Jeg tror det umiddelbare svar må bli nei. Jeg har ikke registrert at det er noe parti som i sitt alternative budsjettforslag har gått inn på dette spørsmålet. Og at man nå skulle komme med endringer her, tviler jeg på at det vil være grunnlag for - heller ikke politisk grunnlag.

Spørsmålet er stilt på en måte som viser at spørreren er god i desimalregning. Men jeg tror man her må satse på at man i norsk skole er god nok i administrasjon til at den tilpasning avtalen her åpner for, kan benyttes, og at man organiserer arbeidet slik at også denne siste timen på 0,13, altså minstetimetallet, kan innpasses ved fleksibilitet på den enkelte skole. Hovedpoenget ved denne avtalen var nettopp å gi rom for å handle lokalt, og da vil det heller ikke være naturlig å gi retningslinjer for dette sentralt.

Når det gjelder timetallet, tror jeg som sagt at det i dagens budsjettsituasjon ikke er særlig grunnlag for endring her.

Magne Aarøen (KrF): Eg er ein av dei som på måndag skal setje seg ned og arbeide vidare med å finne dei praktiske løysingane, og vil stå midt oppe i det fram mot jul. Eg kan forsikre statsråden at eg ikkje står heilt åleine - eg har faktisk ikkje treft nokon innanfor administrativt personell som forstår denne ettergjevinga når det gjeld å finne handterlege løysingar. Det er dessverre ei typisk teoretisk løysing ein her har kome fram til, med liten sans for den praktiske kvardagen.

Eg vil tillate meg på nytt å be statsråden om å vurdere dette.

: