Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 27. oktober 1993

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Syver Berge (Sp): Eg stiller følgjande spørsmål til kommunal- og arbeidsministeren:

Det er utryggheit rundt framtida til dei lokale vaktsentralane. Dei lokale vaktsentralane er ein tryggheitsfaktor i lokalsamfunnet. Dei skapar arbeidsplassar i distrikta.

Vil kommunalministeren arbeide for at dei lokale vaktsentralane framleis får ha ansvaret for nødmeldetenesta i sine distrikt?

Statsråd Gunnar Berge: Det er i Noreg lagt opp til ei samordning av nødmeldetenesta i kommunar og fylkeskommunar. Bakgrunnen for dette er eit framlegg frå Norske Kommuners Sentralforbund, Justisdepartementet, Sosialdepartementet og Kommunal- og arbeidsdepartementet frå 1986. Denne samordninga skal gi folk ei einsarta og trygg varslingsordning. Same kor i landet ein er, kan ein ringe 001 for å varsle brann, 002 for å varsle politi og 003 for å varsle lege/ambulanse. Nødnummera for varsling av brann, politi og helse skal knytast til kvarandre i eit landsomfattande nett for handtering av alle typar ulykker på ein rasjonell måte på tvers av sektor- og etatsgrenser.

Når det gjeld brannvarsling, er det lagt opp til at kommunane skal kome fram til frivillige løysingar. I dei fleste høve har kommunane klart det. I nokre høve har Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern på bakgrunn av faglege kriterium gjort vedtak om tildeling av nødnummer for varsling av brann til ein sentral i regionen. Enkelte av desse sakene er påklaga til Kommunal- og arbeidsdepartementet. Over 80 pst. av befolkninga i landet er i dag slutta til varslingsnummer 001 for varsling av brann.

Tildeling av nødnummer 001 hindrar ikkje at dei lokale vaktsentralane kan oppretthaldast for andre typar meldingar. Men dette vil vere eit økonomisk spørsmål for den einskilde kommunen. Eg gjer merksam på at brannmeldingar berre utgjer nokre få prosent av alle meldingar.

Helsevesenet har i ei eiga lov regulert varsling av helsemeldingar. Ein legg vekt på at utdanna helsepersonell skal motta meldingane. Utvalde sjukehus er tildelte nødnummer 003. Legevaktsentralar ved utpeikte sjukeheimar er under etablering.

Innføring av nødnummer 002 er i hovudsak innført i alle kommunane i landet og tildelt døgnbemanna politistasjon i politidistriktet.

Ut frå ein tryggingsmessig synsvinkel er det viktig å sikre ei god og trygg varsling i ein nødsituasjon. Vi har nøye vurdert eksisterande løysingar, men det har særleg vist seg vanskeleg å handsame kravet til god koordinering med utgangspunkt i lokalt avgrensa løysingar. Det er vidare viktig å sikre eit godt og profesjonelt samarbeid mellom dei innsatsstyrkane det gjeld, særleg i samband med større ulykker, til dømes kompliserte kjemikalieulykker, der ulike faglege innsatsstyrkar er nødvendige. Men det er viktig å vere merksam på at organiseringa av nødmeldetenesta over 001, 002 og 003 regulerer den akutte ulykkessituasjonen. Dei lokale varslingssentralane vil framleis ha eit behov å dekke i kommunane, til dømes med mottak av tryggleiksalarmar, kommunens tekniske tenester osv.

Syver Berge (Sp): Eg takkar for svaret og takkar for greie standpunkt som eg på ingen måte deler.

Eg er skremt over den sentraliseringa som vi er vitne til når det gjeld den framtidige organiseringa av nødmeldetenestene. Det vert ikkje teke omsyn til lokale ynske. Det har vore underskriftskampanjar som sluttar 100 pst. opp under den tryggleiken som dei føler dei lokale varslingsstasjonane er i lokalsamfunnet. I St.meld.nr.15 (1991-1992) vart det opna for at ein kan etablere ordningar på dei lokale vaktsentralane. Men ved å ta ut nødmeldetenesta eller delar av denne riv ein grunnlaget bort frå dei lokale vaktsentralane. Eg stiller då spørsmålet: Kan sentrale organ tvinge kommunar til å kjøpe tenester sentralt når dei allereie har godkjende lokale varslingstenester, som for eksempel brannvarsling?

Statsråd Gunnar Berge: Som jeg viste til i mitt svar, har en kommet fram til løsninger i de aller fleste tilfeller uten at sakene har blitt anket inn til avgjørelse i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Det tyder på at en her har lagt opp til ordninger som også er i samsvar med det som lokalbefolkningen finner hensiktsmessig og fornuftig. Men i enkelte saker har det altså oppstått ulikt syn, men Kommunaldepartementet undergir disse en veldig nøye og nitid granskning og vurdering, hvor de ulike hensyn og selvfølgelig også de synspunktene som kommer til uttrykk fra lokalbefolkningen, blir tillagt stor vekt. Det vil også bli våre retningslinjer i fortsettelsen.

Syver Berge (Sp): Statsråden er vel på lik linje med meg klar over at ein no har rive grunnlaget under dei lokale vaktsentralane. Ser statsråden dette som ei ulempe for lokalsamfunna når det gjeld den servicetenesta som dei lokale vaktsentralane har stått for?

Statsråd Gunnar Berge: Først vil jeg fastslå at de lokale vaktsentralene kan opprettholdes. Det er en kommunal avgjørelse som må ligge til grunn for det. Selvfølgelig kan det bety noe økonomisk om en ikke også får brannmeldingstjenesten, men en skal være oppmerksom på at disse under alle omstendigheter bare vil utgjøre en liten del av inntektsgrunnlaget for disse vaktsentralene.

Presidenten: Spørsmål 31 vil nå bli tatt opp. Det er fra representanten Øystein Hedstrøm til nærings- og energiministeren. Det vil bli besvart av kommunalministeren som rette vedkommende.

: