Odelstinget - Møte tysdag den 24. november 1998 kl. 11.55
Sak nr. 2
Innstilling fra næringskomiteen om lov om endringer i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven) m.m.
Talere
- Hovedinnlegg
Votering i sak nr. 2
lov
om endringer i lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a.
I.
§ 61 andre ledd skal lyde:
Dom etter § 17 og rettsfastsettande vedtak etter 17a kan ankast til lagmannsretten. Rettsforlik kan ankast til lagmannsretten i samsvar med § 286 andre ledd i lov 13. august 1915 nr 6 om rettergangsmåten for tvistemål. Vedtak etter 87 første punktum i saker etter 6 første til tredje ledd kan ankast til lagmannsretten når det gjeld rettsbruk og sakshandsaming. Det same gjeld for vedtak etter 62 femte og sjette ledd i saker der jordskifteretten held skjønn etter 6 første til tredje ledd. I saker som nemnt i 6 første til fjerde ledd, kan rettsbruken, sakshandsaminga og erstatningsutmålinga ankast til lagmannsretten. For øvrig kan jordskifterettens avgjerder i saker som nemnt i 6 første til fjerde ledd, berre påkjærast etter tredje ledd.
§ 61 tredje ledd bokstav d skal lyde:
Avgjerd om gebyr og sideutgifter etter § 74.
§ 62 femte ledd skal lyde:
Når jordskifteretten finn det tenleg, kan vedtak om fremme av jordskifte, jfr. § 14 første ledd andre punktum, stillast til påanking til jordskifteoverretten straks.
§ 74 første ledd skal lyde:
For jordskiftesak, grensegangssak og rettsutgreiingssak behandla ved jordskifterett skal ein betale 5 gonger rettsgebyret i registreringsgebyr og 1,5 gong rettsgebyret pr. part (partsgebyr). Ved grensemerking skal det betalast 2 gonger rettsgebyret pr. påbegynte 0,5 km (grenselengdegebyr).
§ 74 andre ledd nytt andre og tredje punktum skal lyde:
Når jordskifte vert krevd med heimel i 5 femte ledd og jordskifteretten held skjønnet i medhald av 6, skal sideutgiftene betalast forskottsvis av den som har krevd skjønnet. Kan utgiftene ikkje fastsetjast på førehand, skal det betalast så store forskott som vedkomande jordskiftedommar meiner er tilstrekkelege.
§ 74 nytt åttande ledd skal lyde:
Jordskifteretten kan endre dei samla gebyrkostnadene dersom arbeidstida i saka avvik nemnande frå det vanlege.
Votering:Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.Presidenten: Presidenten vil her gjere merksam på ei lita retting. Her skal fylgjande inn:
«§ 74 noverande åttande og niande ledd vert nye niande og tiande ledd.»
Vidare var tilrådd:
§ 91 første ledd første punktum skal lyde:
Avgjerd tatt ved offentleg jordskifte og rettsutgreiing og i grensegangssak er tvangsgrunnlag.
§ 91 første ledd andre punktum skal lyde:
Når avgjerda er endeleg, kan ho settast i verk etter reglane om fullføring av dom.
II.
Loven trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.
Votering:Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile.
Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile vart samrøystes vedteken.Presidenten: Lovvedtaket vil verte sendt til Lagtinget.