Statsråd Geir Pollestad: God morgon.
Eg takkar for moglegheita til å koma her til Stortingets europautval for
å gje ei oversikt over det som skjer på mine ansvarsområde. Eg har
lyst til å seia noko om status på matområdet og korleis me ligg
an når det gjeld etterslep, status på Farm to Fork-strategien, arbeidet
med EUs avskogingsforordning, som ligg under ansvarsområdet til
klima- og miljøministeren, og status i handelsrelasjonar med EU
på landbruksområdet.
Eg startar med etterslepet. Matområdet, som
ligg under Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet
og Nærings og fiskeridepartementet, utgjer bortimot 40 pst. av alle
rettsakter som vert innlemma kvart år i EØS-avtalen. Saksflyten
på omtrent 400 rettsakter årleg krev at arbeidet må verta heldt
i gang i alle ledd i saksbehandlinga både i Mattilsynet og i matdepartementet
for å overhalda fristane.
Dei fleste rettsaktene på matområdet er som
regel ikkje kompliserte, men me har likevel alltid nokre saker, ca.
5–10 pst. av porteføljen, som er meir arbeidskrevjande og som kan
føre til forseinkingar. Talet på forseinkingar må sjåast i lys av
den store saksflyten. Tala viser at me per nå har totalt 44 rettsakter
som er forseinka på matområdet. Mange av dei er ikkje mykje forseinka
og ligg an til å bli innlemma i nær framtid. Tretten av rettsaktene
er likevel meir arbeidskrevjande og noko meir forseinka, der den
eldste er frå 2019.
I tillegg er dei elleve rettsaktene i GMO-pakka
for mat og fôr frå perioden 2003 til 2014 inkluderte. Me har eit
ganske velfungerande system for EØS-arbeidet på matområdet, men
det er alltid rom for forbetringar. Me har nyleg hatt ein gjennomgang
for å sjå om det er noko som kan effektiviserast ytterlegare.
Så til EUs Farm to Fork-strategi: Han vart
lansert i mai 2020, og var ein del av EUs «green deal». I strategien beskreiv
kommisjonen korleis ein ville jobba for eit meir rettferdig, sunt
og miljøvennleg matsystem som varetok tilgang til nok sunn og trygg
mat for menneska. Det vart lansert 27 ulike tiltak i strategien.
På slutten av strategiperioden viste det seg at kommisjonen ikkje fekk
følgt opp fleire sentrale tiltak. Blant anna auka byråkratiet, og
nye regelverkskrav førte til bondeopprør og aukande motstand i EU-landa.
EU-kommisjonen svarte med å setja i gang ein
strategisk dialog om framtida til landbruket i EU med sentrale aktørar
i verdikjeda og interessentar. Blant dei tiltaka som ikkje vart
følgte opp, kan eg nemna eit nytt rettsleg rammeverk for berekraftig
matsystem og fleire forslag om merking av mat som berekraftsmerking
og dyrevelferdsmerking.
Det var òg mykje diskusjon om nye krav til
ernæringsmerking og merking av opphav. Heller ikkje her fremja Europakommisjonen
nokre forslag. I dei nye politiske retningslinene sine har kommisjonspresident Ursula
von der Leyen signalisert at ho vil koma med ein visjon for landbruket
og mat i løpet av dei hundre fyrste dagane kor ein bl.a. skal leggja
vekt på ein langsiktig konkurransekraft og berekraft i EUs landbrukssektor. Det
er òg interessant å merka seg at ho har endra namnet på generaldirektoratet
for helse- og mattryggleik til helse- og dyrevelferd.
I EUs Farm to Fork-strategi vart det vist ulike
uheldige effektar knytt til bruk av kjemiske plantevernmidlar. Det
vert fastsett ei målsetjing om å redusera bruken og risikoen ved
bruk av kjemiske plantevernmidlar med 50 pst. innan 2030. Vidare
skal bruken av plantevernmidlar med høgast risiko verta redusert
med 50 pst. innan 2030. I 2022 la Europakommisjonen fram forslag
til ei ny forordning om berekraftig bruk av plantevernmidlar. Forslaget
inneheldt bl.a. føresegner om at medlemslanda måtte fastsetja nasjonale
mål om reduksjon i bruk og risiko ved bruk av plantevernmidlar.
Etter langvarige diskusjonar om forslaget i Rådet og Europarlamentet vart
forslaget trekt av Europakommisjonen i starten av 2023.
Landbruks- og matministeren i EU har bedd Europakommisjonen
revidera dyrevelferdsregelverket i tråd med rammeverket for eit
berekraftig matsystem i Farm to Fork-strategien. I tillegg har Europaparlamentet
i mange år vist stor interesse for dyrevelferd og gjeve omfattande
innspel til utvikling av eit betre regelverk. EU vedtok difor i
2020 å revidera regelverket for hald av alle artar av produksjonsdyr
for husdyr, regelverk for transport, regelverk for avliving av produksjonsdyr
og å etablera eit felles regelverk for dyrevelferdsmerking. Etter planen
skulle eit revidert og meir omfattande dyrevelferdsregelverk verta
føreslege innan siste kvartal 2023.
Så langt ligg det berre føre utkast til ny
forordning om transport av dyr og utkast til forordning om dyrevelferd
og om at hund og katt skal vera sporbare. Begge utkasta vert framleis
diskuterte i Rådet og Europaparlamentet. Det vil vera opp til den
nye Europakommisjonen og eventuelt ferdigstilla utkasta til nye
reglar. Norske styresmakter vil fylgja prosessen tett.
Avskoginsforordninga vart vedteken i EU i 2023
og erstatta tømmerforordninga som er gjennomført i norsk rett. Målet
med forordninga er å redusera EUs bidrag til global avskoging og
øydelegging av skog ved å hindra at produkt som vert omsette i Europa,
bidreg til dette. Arbeidet med avskogingsforordninga ligg under ansvarsområdet
til klima- og miljøministeren. Forordninga omfattar dei største
drivarane til avskoging og øydelegging av skog globalt – soya, oljepalmar,
storfekjøt og produkt av storfe, tømmer og treprodukt, kakao og sjokolade,
kaffe og gummi. Dette gjeld uavhengig av om dei valde varene er
produserte innafor eller utafor EU. Forordninga forbyr import, omsetjing
på den indre marknaden eller eksport av dei valde varene dersom
det har bidrege til avskoging eller øydelegging av skog etter 2020
eller er ulovleg produserte.
For å importera og omsetja dei utvalde varene
på den indre marknaden eller eksportera til tredjeland må verksemdene
gje aktsemdserklæringar for det enkelte produktet. Føresegnene i
forordninga skal gjelda i EU frå 30. desember 2024. Men EU-kommisjonen
har nyleg foreslege for rådet og EU-parlamentet at dette vert utsett med
eitt år. Rådet har gjeve sitt samtykke til dette. Parlamentet har
ikkje teke stilling til det. Det er eit stort informasjonsbehov
når det gjeld forordninga. I samband med det har Miljødirektoratet
og Landbruksdirektoratet oppretta eigne nettsider med informasjon
om forordninga. Direktorata har òg utarbeidd ein rapport om konsekvensar
av forordninga. Han er tilgjengeleg via nettsidene deira.
Regjeringa jobbar med å vurdera EØS-relevansen
av regelverket og korleis avskogingsforordninga kan verta gjennomført
i Noreg. I dette ligg òg ei vurdering av om gjennomføring bør omfatta
alle råvarer og avleda produkt i forordninga. Det vil òg vera behov
for dialog med EU om korleis ei heil eller delvis gjennomføring
av forordninga skal skje. Forslaget til gjennomføring frå regjeringa
vil verta lagt fram for Stortinget.
Handelen med landbruksvarer med EU har vore
eit sensitivt tema over år. Men dei siste åra har det vore meir
ro enn i tidlegare tider. Den siste avtala om utvida handel med
landbruksvarer gjennom artikkel 19 i EØS-avtala vart sett i verk
i 2018. EU har ikkje bedd om nye artikkel 19-forhandlingar etter
det.
Frå 1. januar 2024 føretok regjeringa ein overgang frå
kronetoll til prosenttoll for eit utval grøntprodukt: issalat, kålrot,
knollselleri, raudbeter og potet. For å gje næringa og dyrkarar
noko tid til å tilpassa seg, vart overgangen til prosenttoll for
potet og potetråvarer fyrst sett i verk frå 1. september 2024. Det
vart òg lagt til rette for å kunne gje særskilde tollnedsetjingar
for industripotet frå 1. mars 2025 for å sikra industrien tilgang
på poteter når norsk potet ikkje lenger er tilgjengeleg.
EU-kommisjonen har uttrykt misnøye med Noregs omlegging
i eit brev til departementet. Dei hevdar bl.a. at overgangen braut
med intensjonen i artikkel 19 om liberalisering av handel med landbruksvarer.
Samtidig erkjenner EU at Noreg har rett til å velja mellom krone- og
prosenttoll etter WTO-avtala. Mi oppfatning er at omlegginga heller
ikkje er i strid med inngåtte handelsavtalar og plikter på landbruksområdet
med EU. Me kan ikkje seia at me har opplevd politisk press frå EU
etter omlegginga. Det var heilt annleis i 2012 då me la om for harde
ostar, som nok er det mest sensitive produktet i handelen med EU,
både for EU og norske konsumentar.
Nasjonalt vart det oppstyr i sommar rundt omlegginga
til prosenttoll for potet. Det vart spådd potetprisar utover hausten
på over 100 kr kiloet. I dag er potetprisen i den norske marknaden
15–20 kr kiloet, og produksjonen av potet er rekordhøg. Med denne
overgangen til prosenttoll for grøntprodukt har regjeringa reetablert eit
fungerande tollvern for desse varene. Når det er tomt for norske
varer, vert tollen redusert eller sett til null, sånn intensjonen
med importvernet er. Det skal beskytta norsk produksjon og norsk
sesong.
Eg meiner prosenttoll på potet har vore vellykka. Det
viser at me må våga å utfordra og bruka handlingsrommet som ligg
føre, for å sikra norsk matproduksjon og styrkja vår beredskap og
sjølvforsyning. Den største importen av jordbruksvarer kjem frå
EU, rundt 60 pst. av importverdien. Av importen kjem brorparten
frå våre nære naboar i Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland.
Eg vil til slutt òg nemna at Noreg er i ferd
med å inngå handelsavtalar med Ukraina og Kosovo. I slike forhandlingar
er målet å unngå konsesjonar som går på kostnad av norsk produksjon
av jordbruksprodukt. Med atterhald om endeleg ferdigstilling av
avtalane har me unngått nettopp dette. Me har likevel gjeve betydelege
konsesjonar for Ukraina, som har fått tollfritak på bl.a. fiskefôr
og olje. Dette er sentrale eksportprodukt for Ukraina og høgt etterspurde
innsatsvarer for norsk havbruksnæring. Den bilaterale handelen med
landbruksvarer er mangedobla dei siste åra.
Den nye frihandelsavtalen med Moldova trer
i kraft 1. november 2024. Desse tre avtalane var det politisk viktig
å forhandla fram, då dei ikkje berre er handelsavtalar, men viktige
bidrag for å støtta desse landa med politisk og økonomisk integrering
i Europa i ei ustabil og krevjande tid.
Statsråd Geir Pollestad: I eit rom
utan publikum trur eg me skal la vera å ta diskusjonen om kor fortreffeleg
potettollen er, men eg trur det bør gleda alle at me har gode potetavlingar,
og at bøndene har tryggleik for at dei får selt varene sine. La
meg seia det slik: Det er hyggelegare å vera landbruksminister når
potetane kostar 15 kr kiloen enn om dei hadde kosta 100 kr. Eg var
landbruksminister då det var mangel på egg i butikkane, og det var
ikkje nødvendigvis ei god oppleving.
Når det gjeld det som skjer no i EU og diskusjonen rundt
landbrukspolitikken, følgjer vi det ganske tett. Me har ein eigen
landbruksråd i Brussel, og me har ein matråd, som rapporterer på
det som skjer der. Landbruksområdet er eitt av dei områda der Noreg
og EU skil seg tydelegast frå kvarandre med tanke på måten me har organisert
det på. Me har jo eit landbruksunntak i EØS-avtalen, som er viktig.
Likevel er det ingen tvil om at landbrukspolitikken i EU påverkar
den norske diskusjonen, så me følgjer både budsjettprosessen og
ikkje minst det som skjer i diskusjonen om berekraftige matsystem, om
dyrevelferd, om bruk av plantevernmiddel – alt det vil ha innverknad
på Noreg.
Så kan eg seia at EU jobbar med berekraftige
matsystem. Me jobbar òg med berekraftige matsystem, og me vil om
ikkje altfor lang tid setja ned ei eige NOU-utval som skal gå gjennom
det norske matsystemet. Føremålet med det er nettopp å kunna ha
ei samla vurdering av heile det norske matsystemet – som ikkje skal
vera basert på globale rapportar og ikkje på europeiske rapportar,
men som tek utgangspunkt i norske forhold. Det er likevel viktig
å seia at norske forhold innanfor matsystem òg er sterkt prega av
det som skjer både i Europa og globalt.
Heilt konkret: Når det gjeld budsjettering,
har eg ikkje veldig mykje å seia, men me er tett kopla på det som
skjer i Brussel på landbruksområdet, rett og slett fordi det har
direkte innverknad på Noreg.