Europautvalget - Møte i Europautvalget tirsdag den 22. oktober 2024

Dato: 22.10.2024
Møteleder: Ine Eriksen Søreide

Sak nr. 1

Arbeids- og sosialministeren ønsker å redegjøre om arbeidet med etterslep på matområdet og status for EUs Farm to Fork-strategi – herunder kort orientering om EUs oppfølging av tiltakene i strategien, særlig forslag om reduksjon av plantevernmidler og om dyrevelferd. Videre om arbeidet med å vurdere EØS-relevans og mulig innlemmelse i EØS-avtalen av EUs avskogingsforordning, handelsrelasjoner med EU på landbruksområde, overgangen til prosenttoll for landbruksvarer fra 1. januar 2024 og EUs reaksjoner

Talere

Møtelederen: Riktig god morgen, og velkommen til møte i Europautvalget.

Da er vi klarte til å begynne. Det er først landbruks- og matministeren som skal orientere. Så da gir jeg ordet videre til ham.

Statsråd Geir Pollestad: God morgon. Eg takkar for moglegheita til å koma her til Stortingets europautval for å gje ei oversikt over det som skjer på mine ansvarsområde. Eg har lyst til å seia noko om status på matområdet og korleis me ligg an når det gjeld etterslep, status på Farm to Fork-strategien, arbeidet med EUs avskogingsforordning, som ligg under ansvarsområdet til klima- og miljøministeren, og status i handelsrelasjonar med EU på landbruksområdet.

Eg startar med etterslepet. Matområdet, som ligg under Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings og fiskeridepartementet, utgjer bortimot 40 pst. av alle rettsakter som vert innlemma kvart år i EØS-avtalen. Saksflyten på omtrent 400 rettsakter årleg krev at arbeidet må verta heldt i gang i alle ledd i saksbehandlinga både i Mattilsynet og i matdepartementet for å overhalda fristane.

Dei fleste rettsaktene på matområdet er som regel ikkje kompliserte, men me har likevel alltid nokre saker, ca. 5–10 pst. av porteføljen, som er meir arbeidskrevjande og som kan føre til forseinkingar. Talet på forseinkingar må sjåast i lys av den store saksflyten. Tala viser at me per nå har totalt 44 rettsakter som er forseinka på matområdet. Mange av dei er ikkje mykje forseinka og ligg an til å bli innlemma i nær framtid. Tretten av rettsaktene er likevel meir arbeidskrevjande og noko meir forseinka, der den eldste er frå 2019.

I tillegg er dei elleve rettsaktene i GMO-pakka for mat og fôr frå perioden 2003 til 2014 inkluderte. Me har eit ganske velfungerande system for EØS-arbeidet på matområdet, men det er alltid rom for forbetringar. Me har nyleg hatt ein gjennomgang for å sjå om det er noko som kan effektiviserast ytterlegare.

Så til EUs Farm to Fork-strategi: Han vart lansert i mai 2020, og var ein del av EUs «green deal». I strategien beskreiv kommisjonen korleis ein ville jobba for eit meir rettferdig, sunt og miljøvennleg matsystem som varetok tilgang til nok sunn og trygg mat for menneska. Det vart lansert 27 ulike tiltak i strategien. På slutten av strategiperioden viste det seg at kommisjonen ikkje fekk følgt opp fleire sentrale tiltak. Blant anna auka byråkratiet, og nye regelverkskrav førte til bondeopprør og aukande motstand i EU-landa.

EU-kommisjonen svarte med å setja i gang ein strategisk dialog om framtida til landbruket i EU med sentrale aktørar i verdikjeda og interessentar. Blant dei tiltaka som ikkje vart følgte opp, kan eg nemna eit nytt rettsleg rammeverk for berekraftig matsystem og fleire forslag om merking av mat som berekraftsmerking og dyrevelferdsmerking.

Det var òg mykje diskusjon om nye krav til ernæringsmerking og merking av opphav. Heller ikkje her fremja Europakommisjonen nokre forslag. I dei nye politiske retningslinene sine har kommisjonspresident Ursula von der Leyen signalisert at ho vil koma med ein visjon for landbruket og mat i løpet av dei hundre fyrste dagane kor ein bl.a. skal leggja vekt på ein langsiktig konkurransekraft og berekraft i EUs landbrukssektor. Det er òg interessant å merka seg at ho har endra namnet på generaldirektoratet for helse- og mattryggleik til helse- og dyrevelferd.

I EUs Farm to Fork-strategi vart det vist ulike uheldige effektar knytt til bruk av kjemiske plantevernmidlar. Det vert fastsett ei målsetjing om å redusera bruken og risikoen ved bruk av kjemiske plantevernmidlar med 50 pst. innan 2030. Vidare skal bruken av plantevernmidlar med høgast risiko verta redusert med 50 pst. innan 2030. I 2022 la Europakommisjonen fram forslag til ei ny forordning om berekraftig bruk av plantevernmidlar. Forslaget inneheldt bl.a. føresegner om at medlemslanda måtte fastsetja nasjonale mål om reduksjon i bruk og risiko ved bruk av plantevernmidlar. Etter langvarige diskusjonar om forslaget i rådet og Europarlamentet vart forslaget trekt av Europakommisjonen i starten av 2023.

Landbruks- og matministeren i EU har bedd Europakommisjonen revidera dyrevelferdsregelverket i tråd med rammeverket for eit berekraftig matsystem i Farm to Fork-strategien. I tillegg har Europaparlamentet i mange år vist stor interesse for dyrevelferd og gjeve omfattande innspel til utvikling av eit betre regelverk. EU vedtok difor i 2020 å revidera regelverket for hald av alle artar av produksjonsdyr for husdyr, regelverk for transport, regelverk for avliving av produksjonsdyr og å etablera eit felles regelverk for dyrevelferdsmerking. Etter planen skulle eit revidert og meir omfattande dyrevelferdsregelverk verta føreslege innan siste kvartal 2023.

Så langt ligg det berre føre utkast til ny forordning om transport av dyr og utkast til forordning om dyrevelferd og om at hund og katt skal vera sporbare. Begge utkasta vert framleis diskuterte i rådet og Europaparlamentet. Det vil vera opp til den nye Europakommisjonen og eventuelt ferdigstilla utkasta til nye reglar. Norske styresmakter vil fylgja prosessen tett.

Avskoginsforordninga vart vedteken i EU i 2023 og erstatta tømmerforordninga som er gjennomført i norsk rett. Målet med forordninga er å redusera EUs bidrag til global avskoging og øydelegging av skog ved å hindra at produkt som vert omsette i Europa, bidreg til dette. Arbeidet med avskogingsforordninga ligg under ansvarsområdet til klima- og miljøministeren. Forordninga omfattar dei største drivarane til avskoging og øydelegging av skog globalt – soya, oljepalmar, storfekjøt og produkt av storfe, tømmer og treprodukt, kakao og sjokolade, kaffe og gummi. Dette gjeld uavhengig av om dei valde varane er produserte innafor eller utafor EU. Forordninga forbyr import, omsetjing på den indre marknaden eller eksport av dei valde varane dersom det har bidrege til avskoging eller øydelegging av skog etter 2020 eller er ulovleg produserte.

For å importera og omsetja dei utvalde varane på den indre marknaden eller eksportera til tredjeland må verksemdene gje aktsemdserklæringar for det enkelte produktet. Føresegnene i forordninga skal gjelda i EU frå 30. desember 2024. Men EU-kommisjonen har nyleg foreslege for rådet og EU-parlamentet at dette vert utsett med eitt år. Rådet har gjeve sitt samtykke til dette. Parlamentet har ikkje teke stilling til det. Det er eit stort informasjonsbehov når det gjeld forordninga. I samband med det har Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet oppretta eigne nettsider med informasjon om forordninga. Direktorata har òg utarbeidd ein rapport om konsekvensar av forordninga. Han er tilgjengeleg via nettsidene deira.

Regjeringa jobbar med å vurdera EØS-relevansen av regelverket og korleis avskogingsforordninga kan verta gjennomført i Noreg. I dette ligg òg ei vurdering av om gjennomføring bør omfatta alle råvarar og avleda produkt i forordninga. Det vil òg vera behov for dialog med EU om korleis ei heil eller delvis gjennomføring av forordninga skal skje. Forslaget til gjennomføring frå regjeringa vil verta lagt fram for Stortinget.

Handelen med landbruksvarar med EU har vore eit sensitivt tema over år. Men dei siste åra har det vore meir ro enn i tidlegare tider. Den siste avtala om utvida handel med landbruksvarar gjennom artikkel 19 i EØS-avtala vart sett i verk i 2018. EU har ikkje bedd om nye artikkel 19-forhandlingar etter det.

Frå 1. januar 2024 føretok regjeringa ein overgang frå kronetoll til prosenttoll for eit utval grøntprodukt: issalat, kålrot, knollselleri, raudbeter og potet. For å gje næringa og dyrkarar noko tid til å tilpassa seg, vart overgangen til prosenttoll for potet og potetråvarar fyrst sett i verk frå 1. september 2024. Det vart òg lagt til rette for å kunne gje særskilde tollnedsetjingar for industripotet frå 1. mars 2025 for å sikra industrien tilgang på poteter når norsk potet ikkje lenger er tilgjengeleg.

EU-kommisjonen har uttrykt misnøye med Noregs omlegging i eit brev til departementet. Dei hevdar bl.a. at overgangen braut med intensjonen i artikkel 19 om liberalisering av handel med landbruksvarar. Samtidig erkjenner EU at Noreg har rett til å velja mellom krone- og prosenttoll etter WTO-avtala. Mi oppfatning er at omlegginga heller ikkje er i strid med inngåtte handelsavtalar og plikter på landbruksområdet med EU. Me kan ikkje seia at me har opplevd politisk press frå EU etter omlegginga. Det var heilt annleis i 2012 då me la om for harde ostar, som nok er det mest sensitive produktet i handelen med EU, både for EU og norske konsumentar.

Nasjonalt vart det oppstyr i sommar rundt omlegginga til prosenttoll for potet. Det vart spådd potetprisar utover hausten på over 100 kr kiloet. I dag er potetprisen i den norske marknaden 15–20 kr kiloet, og produksjonen av potet er rekordhøg. Med denne overgangen til prosenttoll for grøntprodukt har regjeringa reetablert eit fungerande tollvern for desse varane. Når det er tomt for norske varar, vert tollen redusert eller sett til null, sånn intensjonen med importvernet er. Det skal beskytta norsk produksjon og norsk sesong.

Eg meiner prosenttoll på potet har vore vellykka. Det viser at me må våga å utfordra og bruka handlingsrommet som ligg føre, for å sikra norsk matproduksjon og styrkja vår beredskap og sjølvforsyning. Den største importen av jordbruksvarer kjem frå EU, rundt 60 pst. av importverdien. Av importen kjem brorparten frå våre nære naboar i Sverige, Danmark, Nederland og Tyskland.

Eg vil til slutt òg nemna at Noreg er i ferd med å inngå handelsavtalar med Ukraina og Kosovo. I slike forhandlingar er målet å unngå konsesjonar som går på kostnad av norsk produksjon av jordbruksprodukt. Med atterhald om endeleg ferdigstilling av avtalane har me unngått nettopp dette. Me har likevel gjeve betydelege konsesjonar for Ukraina, som har fått tollfritak på bl.a. fiskefôr og olje. Dette er sentrale eksportprodukt for Ukraina og høgt etterspurde innsatsvarer for norsk havbruksnæring. Den bilaterale handelen med landbruksvarer er mangedobla dei siste åra.

Den nye frihandelsavtalen med Moldova trer i kraft 1. november 2024. Desse tre avtalane var det politisk viktig å forhandla fram, då dei ikkje berre er handelsavtalar, men viktige bidrag for å støtta desse landa med politisk og økonomisk integrering i Europa i ei ustabil og krevjande tid.

Møtelederen: Takk for det. Da er det åpent for spørsmål og kommentarer.

Først er det Trine Lise Sundnes.

Trine Lise Sundnes (A): Takk for en god orientering.

Jeg har et spørsmål på et område som landbruks- og matministeren ikke var innom, men som jeg lurer på om departementet har på radaren. Sist uke var EØS-delegasjonslederne i EFTA-landene på besøk til de ulike komiteene i EU-parlamentet. Vice-Chair Norbert Lins nevnte at kommisjonsbrevene fra von der Leyen knyttet til omorganisering av budsjettene kan bety at det ikke blir et landbruksbudsjett, men at disse pengene går til regjeringene direkte. Er det noe dere har på radaren i departementet, og følger dere eventuelt diskusjonene knyttet til det?

Ingrid Fiskaa (SV): Eg har ikkje noko spørsmål, men eg vil berre uttrykkja tilfredsheit med at det går så bra med prosenttoll på potet.

Møtelederen: Er det andre kommentarer? – Det ser det ikke ut til å være. Da kan landbruks- og matministeren få svare på det han fikk spørsmål om.

Statsråd Geir Pollestad: I eit rom utan publikum trur eg me skal la vera å ta diskusjonen om kor fortreffeleg potettollen er, men eg trur det bør gleda alle at me har gode potetavlingar, og at bøndene har tryggleik for at dei får selt varene sine. La meg seia det slik: Det er hyggelegare å vera landbruksminister når potetane kostar 15 kr kiloen enn om dei hadde kosta 100 kr. Eg var landbruksminister då det var mangel på egg i butikkane, og det var ikkje nødvendigvis ei god oppleving.

Når det gjeld det som skjer no i EU og diskusjonen rundt landbrukspolitikken, følgjer vi det ganske tett. Me har ein eigen landbruksråd i Brussel, og me har ein matråd, som rapporterer på det som skjer der. Landbruksområdet er eitt av dei områda der Noreg og EU skil seg tydelegast frå kvarandre med tanke på måten me har organisert det på. Me har jo eit landbruksunntak i EØS-avtalen, som er viktig. Likevel er det ingen tvil om at landbrukspolitikken i EU påverkar den norske diskusjonen, så me følgjer både budsjettprosessen og ikkje minst det som skjer i diskusjonen om berekraftige matsystem, om dyrevelferd, om bruk av plantevernmiddel – alt det vil ha innverknad på Noreg.

Så kan eg seia at EU jobbar med berekraftige matsystem. Me jobbar òg med berekraftige matsystem, og me vil om ikkje altfor lang tid setja ned ei eige NOU-utval som skal gå gjennom det norske matsystemet. Føremålet med det er nettopp å kunna ha ei samla vurdering av heile det norske matsystemet – som ikkje skal vera basert på globale rapportar og ikkje på europeiske rapportar, men som tek utgangspunkt i norske forhold. Det er likevel viktig å seia at norske forhold innanfor matsystem òg er sterkt prega av det som skjer både i Europa og globalt.

Heilt konkret: Når det gjeld budsjettering, har eg ikkje veldig mykje å seia, men me er tett kopla på det som skjer i Brussel på landbruksområdet, rett og slett fordi det har direkte innverknad på Noreg.

Møtelederen: Jeg har ikke registrert flere som ønsker å stille spørsmål eller kommentere, så da kan landbruks- og matministeren få lov til å gå tilbake til kontoret sitt og gjøre annet viktig arbeid.