Europautvalget - Møte i Europautvalget onsdag den 10. juni 2020 kl. 8:30

Dato: 10.06.2020
Møteleder: Anniken Huitfeldt

Sak nr. 1

Samferdselsminister Knut Arild Hareide vil etter planen redegjøre for følgende: Innholdet i Prop. S 101 LS (2019-2020) Endringer i jernbaneloven mv. (fjerde jernbanepakke) og samtykke til deltakelse i to beslutninger i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2012/34/EU om et felles europeisk jernbaneområde og rettsaktene som utgjør EUs fjerde jernbanepakke. Proposisjonen inneholder forslag til nødvendige lovendringer for å gjennomføre de omhandlede rettsaktene. Lovendringene omhandler både reguleringen av persontogmarkedene, rammer for organisering av sektoren og prosesser for utstedelse av kjøretøytillatelser og sikkerhetssertifikater til jernbaneforetak. Sistnevnte innebærer myndighetsoverføring til EUs jernbanebyrå, og de grunnlovsmessige og EØS-rettslige sidene ved dette blir også omfattet av redegjørelsen.

Talere

Møtelederen: Da gir jeg ordet til samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Statsråd Knut Arild Hareide: Eg vil takke Stortinget for denne moglegheita til å få lov til å gjere greie for EUs fjerde jernbanepakke.

Eg har lyst til å starte med å understreke at denne pakka er ei naturleg utvikling av etablerte ordningar for jernbanesektoren, nettopp ut frå eit ønske om å styrkje jernbanen som transportform. EU satsar sterkt på jernbanen som ein del av ryggrada i deira Green Deal. Kommisjonen har føreslått at 2021 skal vere jernbanens år.

Lat meg streke under med ein gong at EUs medlemsstatar og Noreg, dersom Stortinget sluttar seg til denne lovgivinga, vil bevare fridomen til å velje innretning på jernbanepolitikken sin. Ein står fritt til å velje sine nasjonale verkemiddel for å satse på jernbanen. Ein står fritt til å velje sin eigen modell for organisering av sektoren og korleis ein innrettar dei offentlege tenestene. Ein står òg fritt til å kontrollere og handheve jernbaneverksemdas drift på territoriumet sitt og stanse verksemd som ein meiner ikkje er sikker. Det er rammene for den nasjonale jernbanesatsinga som blir trekt opp i dette regelverket. Det handlar om at ein må ha gode og trygge jernbanetenester gjennom å leggje til rette for verksam og sunn konkurranse og å hindre kryssubsidiering og ved å fremje teknologisk utvikling og nyvinningar gjennom å effektivisere tillatingsprosessane for køyretøy og signalsystem. Det handlar om ein god sikkerheitskultur for jernbanesystemet i heile Europa.

EUs jernbanebyrå, ERA, har fått ei utvida rolle for at me skal ha forenkla og harmoniserte prosesser og gi tillatingar til køyretøy og sikkerheitssertifikat til togselskap. Men det er viktig å peike på at ERAs myndigheit er avgrensa til å treffe vedtak om å gi køyretillatingar og sikkerheitssertifikat og eventuelt kalle dei tilbake eller avgrense deira gyldigheit. ERA har ikkje myndigheit til å gi tillatingar for infrastruktur og skal ikkje føre tilsyn med drifta. Fordi ein kan velje nasjonal myndigheit til å behandle søknadene der bruksområdet er avgrensa til ein stat, trur me at ein ganske stor del av sakene framleis vil bli behandla av Statens jernbanetilsyn.

Mange verksemder driv berre i Norge. Den operative drifta vil vere underlagt tilsyn frå nasjonale myndigheiter. Statens jernbanetilsyn, eg har lyst til å understreke det, kan stanse verksemd om omsyn til sikkerheita krev det. Dette gjeld sjølv om ERA har fatta vedtak med gyldigheit for Noreg. I medhald av gjeldande regler har det allereie gått føre seg eit stort arbeid med å tilpasse lovgivinga vår når det gjeld sikkerheita og på tekniske området, slik at me no endar opp med få nasjonale reglar. Dei attverande nasjonale reglane våre kan me halde på så lenge det er behov for det. Noreg har nokre viktige tilpassingar bl.a. basert på klimatiske forhold og eigenskapar ved straumforsyningsanlegget. Desse krava gjeld for køyretøy som har tilknyting til sitt bruksområde i Noreg. Statens jernbanetilsyn skal, som ein del av byråets tillatingsprosess, vurdere om desse krava er oppfylte.

Denne pakka medfører endringar i direktivet om eit felles europeisk jernbaneområde, som innhaldsmessig er gjort til norsk rett frå 1. januar 2017. Målet med endringane, som no kjem med fjerde jernbanepakke, er å sikre likeverdige vilkår for tilgang til jernbanenettet og å styrkje ein sunn konkurranse i dei nasjonale jernbanemarknadene.

Endringsdirektivet, direktivet om eit felles europeisk jernbaneområde, medfører at togselskap skal kunne få tilgang til jernbanenettet for å drive kommersielle tenester. Men det gjeld viktige avgrensingar i denne tilgangsretten, der den økonomiske likevekta i ein eksisterande trafikkavtale kan forstyrrast. I tillegg treng ein ledig kapasitet til slike kommersielle tenester.

Eg trur det er lite ledig kapasitet igjen på nettet vårt i dag. Det blir spennande å sjå om det er nokon interesse for å utvikle den kommersielle marknaden for langdistansetog mellom dei største byane i Noreg og Skandinavia, særleg med tanke på den smellen den internasjonale persontrafikken har fått ved covid-19-utbrotet.

Kollektivtransportforordninga inneheld krav til korleis ein går fram ved inngåing av kontraktar om offentlege tenester og kva krav slike avtaler skal innehalde. Endringsforordninga medfører at det som utgangspunkt skal vere obligatorisk bruk av konkurranse ved tildeling av kontraktar om offentlege tenesteytingar av persontransport på jernbane. Men det vil vere mogleg å direktetildele kontraktar i følgjande situasjonar:

  • ved manglande interesse i marknaden eller mangel på tilbydarar

  • ved låg kontraktsverdi eller avgrensa togproduksjon

  • hastetiltak ved fare for trafikkavbrot

  • når det gjeld særlege strukturelle eller geografiske forhold som gjer at direktetildeling av kontraktar vil gi betre kvalitet på tenestene eller høgare kostnadseffektivitet

– Det er særleg rekkjevidda av sistnemnde situasjon som har vore diskutert. Med den erfaringa me no har med konkurranseutsetjing, meiner me at det ikkje bør vere nødvendig å bruke denne.

Den usikkerheita som tidlegare kom til uttrykk om at jernbanepakka kunne medføre svekte sikkerheitskrav og eventuelt eit redusert sikkerheitsnivå, har ikkje slått til. Dei nye krava og sikkerheitsmetodane er både meir treffande sidan det gjeld direkte for sikkerheitsstyringsystemene til verksemdene og er meir dekkjande sidan det òg omhandlar alle delar av verksemdas sikkerheitsstyring.

Fordi ERA skal treffe vedtak som får direkte verknad for norske aktørar på enkelte område, er det nødvendig å vurdere forholdet til Grunnlova. Dette er det gjort grundig greie for i proposisjonen som er lagt fram for Stortinget. Lovavdelinga har som vanleg vore involvert i arbeidet med å utarbeide og kvalitetssikre proposisjonen. Så har me i tillegg bedt lovavdelinga om å føreta ei særskilt vurdering, slik at me kan føle oss trygge på at me har gjort dei riktige vurderingane. Når den særskilte vurderinga ligg føre, vil den sjølvsagt bli offentleg.

Eg meiner det er riktig å vedta myndigheitsoverføringa etter Grunnlova § 26 andre ledd ut frå læra om lite inngripande myndigheitsoverføring. Eg har merka meg at fleire har reagert på at me ikkje legg opp til å bruke EØS-avtalens topilarstruktur. Det er i proposisjonen nemnt ei rekkje gode grunnar for dette. For meg er det sentralt at det er tryggleik for aktørane at det er eitt organ som gir felles europeiske sertifikat og køyretillatingar samtidig som det er ei nasjonal involvering ved vurderinga av samsvar med dei nasjonale reglane som gjeld. Jernbanetilsynet kan i tillegg bruke ein naudbrems om det viser seg at togkøyring i Noreg kan utgjere ein større sikkerheitsrisiko, sjølv om det er ERA som har gitt sertifikat eller tillating.

Det er i dag ikkje noko organ i EFTA-pilaren som har den nødvendige tekniske kompetansen for å ta dei faglege vurderingane som er påkravde for å ta stilling til ein søknad om sikkerheitssertifikat eller køyretillatingar. Gjennom utviklinga av eit felles europeisk jernbaneområde har ein sett behovet for å harmonisere og å forenkle prosessane for tillatingar og sertifiseringa ved å samle dei i eitt europeisk organ, som har ein koordinerande funksjon og kompetanse når det gjeld sikkerheita og det jernbanetekniske.

I denne situasjonen meiner eg at det er sterke faglege og sikkerheitsmessige argument som talar for at det er betre for Noreg å flytte myndigheita frå eit kompetent norsk fagorgan til eit anna kompetent fagorgan – i dette tilfellet ERA – enn til eit EFTA-organ som ikkje har den nødvendige tekniske eller sikkerheitsfaglege kompetansen. På dette svært tekniske området vil det derfor ikkje vere rasjonelt å utvikle ESA til å bli eit byrå med tilsvarande kompetanse som ERA – altså å utvikle ESA til å ha den kompetansen meiner me ikkje er rasjonelt.

Eg vil avslutningsvis seie at det har vore ei god involvering av dei instansane det gjeld i arbeidet med fjerde jernbanepakke. Jernbanestilsynet har meldt frå om at dei har involvert dei tilsettes organisasjonar. ERA vil hjelpe til med rettleiingsaktivitet i Noreg. Eit harmonisert regelverk på sikkerheitsområdet og det tekniske området kopla saman med kva me ser me kan få til av ny (.. ord manglar …) på transportmarknaden, er etter mi meining det beste for norsk jernbane. Me treng å leggje til rette for at me kan utvikle jernbanesystem, slik at me får meir ut av det me har, og at me kan ta i bruk nye og betre teknologiske løysingar. EUs fjerde jernbanepakke vil medverke til at togtransport blir betre, meir attraktivt og meir effektivt i heile Europa.

Møtelederen: Da sier jeg tusen takk til samferdselsministeren.

Nå er ikke dette en helt ordinær sak i Europautvalget. Vanligvis er det sånn at statsråden orienterer, og dermed er man konsultert. Men denne saka ligger til behandling i Stortinget. Det betyr at selv om ingen sier noe nå, har de ikke godtatt den. Det skal være en behandling av saka i stortingssalen. Men dette er en mulighet for å stille statsråden spørsmål om denne pakka.

– Det er ingen som har tegnet seg foreløpig. Da ser vi fram til en debatt om dette under behandlingen av saka i Stortinget.

Da sier vi tusen takk til samferdselsministeren. Det er godt å ha deg tilbake på en måte, selv om vi vet at du gjør en god jobb der du er nå.

Da går vi til neste sak.