Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europautvalget - EØS-utvalget torsdag 14. juni 2001 kl. 15:15

Dato:

Sak nr. 2

Orientering om gassmarkedsdirektivet og kommisjonens «Statement of Objections» v/olje- og energiministeren

Statsråd Olav Akselsen: Eg vil først visa til tidlegare orienteringar i dette utvalet om spørsmålet om innlemming av gassmarknadsdirektivet i EØS-avtalen.

Frå norsk side har ein ved fleire høve meldt frå til kommisjonen at siktemålet frå norsk side er innlemming av direktivet i EØS-avtalen. Som følgje av kommisjonen si uttalte meining om at direktivet må innebera at GFU-ordninga blir avvikla, og som følgje av kommisjonen si omfattande undersøking av GFU-selskapa sine aktivitetar, har Noreg i lang tid vore i dialog med kommisjonen for å prøva å finna gjensidig akseptable løysingar på desse spørsmåla. Desse drøftingane har ikkje ført fram så langt.

Spørsmålet om ei avvikling av GFU-ordninga har modna seg i løpet av den tida som er gått. Behovet for ei samla, feltnøytral avsetjing av gass via GFU er redusert fordi sokkelen no er modna, og fordi den europeiske gassmarknaden i veldig stor grad er opna. Eigarskapet til dei påviste gassressursane er òg sterkt konsentrert i Noreg. Omsynet til god ressursforvalting tilseier ikkje det same behovet for ei GFU-ordning no som tidlegare. Ved kgl. resolusjon 1. juni 2001 blei det derfor vedtatt å avvikla GFU-ordninga frå neste årsskifte. Ordninga med gassal via GFU blei samstundes avvikla førebels frå det same tidspunktet innafor EØSområdet.

Av denne grunn er det nok ikkje noko i sjølve gassmarknadsdirektivet som er til hinder for ei innlemming av det i EØSavtalen. Direktivet dreier seg i det alt vesentlege om nedstrømssektoren, og den er som me alle veit, lite utvikla i Noreg. Det vil derfor ikkje vera særlege problem knytte til gjennomføring av direktivet på dette punktet. Det same gjeld i høve til oppstrømsreglane i direktivet. Usemja med kommisjonen om GFU-ordninga er foreinleg med direktivet eller ikkje, har det ikkje lenger nokon relevans å drøfta vidare.

Eg vil derfor gå inn for at ein frå norsk side tar dei naudsynte skritta i høve til EØS-komiteen for å få eit formelt vedtak der om innlemming av gassmarknadsdirektivet i EØS-avtalen. Dette kan ein gjera på neste møte i EØS-komiteen, som er 19. juni, ved at Noreg formelt trekkjer oppmodinga om ein overgangsperiode for gjennomføring av direktivet i norsk lovgjeving.

Etter eit formelt vedtak i EØS-komiteen om innlemming av gassmarknadsdirektivet i EØS-avtalen, vil ein ha seks månader på seg til å gjennomføra direktivet norsk lovgjeving. Kommisjonen har no levert eit klageskrift, eit såkalla «Statement of Objections», under GFU-undersøkinga. Ein hevdar frå EU si side at det norske gassavsetningssystemet er i strid med konkurransereglane i EU og EØS. Klageskriftet er sendt til Statoil og til Norsk Hydro. Men kommisjonen har gjort det klart at dei har som formål å senda liknande klageskrift til alle andre som produserer gass på norsk sokkel.

I denne samanhengen vil eg understreka at forvaltinga av petroleumsressursane framleis er nasjonalstaten sitt ansvar. Dette gjeld i høve til alle land i EØS-området. Den eksklusive retten til og ansvaret for ressursforvalting inneber samstundes ein rett for nasjonalstaten til m.a. å etablera nasjonale målsetjingar for utnytting av naturressursane og for forvaltinga av slike ressursar. Den overordna målsetjinga for norsk ressursforvalting har alltid vore å sikra at dei ressursane som me har, blir utnytta så effektivt som mogleg.

GFU blei etablert av staten i 1986 for å sikra at ein når denne målsetjinga. GFU har vore eit svært viktig element i gjennomføringa av den norske ressursforvaltinga. GFU har fått ansvar og utført sine oppgåver på vegner av den norske staten og under instruksjon og kontroll frå staten si side.

I ei pressemelding i går har vi gjort det klart at den norske staten går imot klageskriftet frå kommisjonen. Norske styresmakter stadfestar at utforminga av ressursforvaltingssystemet ligg til nasjonalstaten, og at ein vil følgja denne saka svært aktivt framover.

Samstundes vil eg peika på at kommisjonen sidan 1996 har undersøkt GFU-ordninga under konkurransereglane i EU/EØS. Det klageskriftet som no er kome, er eit resultat av at kommisjonen i denne samanhengen har vedtatt at dei vil starta ein formell prosedyre mot produsentselskapa i Noreg. Kommisjonen meiner såleis at samla gassal via GFU er eit brot på konkurransereglane, og at GFU-ordninga er i strid med desse reglane.

Sjølv om både spørsmålet om innlemming av gassmarknadsdirektivet i EØS-avtalen og om klageskriftet har ei side mot GFU-ordninga, heng desse tinga ikkje saman. Kommisjonen har gjeve klart uttrykk for at det òg er deira syn, sjølv om dei to sakene til tider har vore drøfta samstundes i dialogen med kommisjonen. Når ein frå norsk side vedtok å avvikla GFU-ordninga 1. juni, var årsaka likevel at ein i Noreg ikkje lenger ser det same behovet for denne ordninga som ein hadde tidlegare. Klageskriftet er eit angrep på historiske forhold, og det ville ha kome utan omsyn til om gassmarknadsdirektivet alt hadde vore innlemma i EØS-avtalen.

Slik situasjonen er no, meiner eg at det vil tena norske interesser best om spørsmålet om innlemming av direktivet i EØS-avtalen og klageskriftet frå kommisjonen blir sett uavhengig av kvarandre. Mi tilråding vil derfor vera at klageskriftet frå kommisjonen i forhold til GFU-undersøkingane blir handsama av styresmaktene uavhengig av spørsmålet om innlemming av gassmarknadsdirektivet i EØS-avtalen.

Jan Tore Sanner (H): Høyre har ingen problemer med avviklingen av GFU.

Formålet med gassmarkedsdirektivet er å få lavere pris til sluttbruker i det europeiske markedet, og da er det ikke overraskende at EU-kommisjonen retter søkelyset mot produsentinteressene, men de bør i like stor grad rette søkelyset mot nedstrømsmarkedet. Det er en kjent sak at det ikke først og fremst er konkurranse som preger nedstrømsmarkedet særlig i Tyskland og Frankrike. Det er i vår interesse at det blir større fokus på konkurransebiten nedstrøm. Der er det et betydelig effektiviseringspotensial, og det vil også være i vår interesse å kunne stå overfor flere kjøpere enn det vi gjør i dagens marked.

Så mitt spørsmål til statsråden er: I hvilken grad stiller man fra norsk side krav om at kommisjonen og EU også skal rette søkelyset mot sitt eget marked? Det er et betydelig effektiviseringspotensial som kan komme sluttbruker til gode.

Ellers, når det gjelder det refererte klageskriftet, har vi heller ingen problemer, verken med statsrådens vurdering, eller holdning til måten det skal håndteres på.

Hallgeir H. Langeland (SV): SV er skeptisk til å legga ned GFU, men me ser det ut frå den situasjonen at ein på ein måte må tilpassa seg EU her, og at ein nå får ei privatisering av Statoil, og at ein ser desse tinga i samanheng, sjølv om statsråden avviser den samanhengen.

Det er forskjellige ting her som er interessante. Det eine er m.a. kva dette presset mot Hydro og Statoil vil bety for det komande aksjesalet i Statoil. Det er ei veldig interessant problemstilling, og om det kan få konsekvensar for den tidsprosessen som det er lagd opp til. Det vil eg gjerne ha ein kommentar på.

Så vil eg òg gjerne ha ein kommentar på dette i forhold til Russland og Algerie. Korleis blir dei behandla som ikkje er EØSmedlemmer, i forhold til den same problematikken?

Til slutt: Når ein vel strategi i forhandlingar, og når ein part går ut så aggressivt som dette, går det an å tenkja seg andre strategiar for norske myndigheiter enn berre å tilpassa seg den strategien dei har. I og med at bøtene her tilsvarer norsk fiskerieksport, har ein vurdert å setta spørsmålsteikn ved eksistensen av heile EØS-avtalen?

Hilde Frafjord Johnson (KrF): Vi har vel i fellesskap med andre partier i utgangspunktet vært kritisk til innlemmelse av gassmarkedsdirektivet i EØS i det hele tatt. Nå er jo dette slaget tapt, og vi har akseptert det, i likhet med andre partier, likeledes avvikling av GFU. Vi har ingen innvendinger mot den håndteringen som statsråden legger opp til.

Det ville vært veldig interessant å få svar også på representanten Sanners spørsmål i forhold til hvilken kommunikasjon man nå har mot EU, og hvordan fokus rettes. For det er ingen tvil om at her har man hatt en importinteressedominert union som ønsker å ivareta sine interesser i forhold til eksportland. Slik sett bør også vi kunne bidra til at fokus rettes i eget område.

Statsråd Olav Akselsen: Me må vel vedgå at me frå norsk side har hatt hovudfokus på dei spørsmåla som har vore retta mot Noreg og i forhold til kva verknad dette direktivet vil få for Noreg og dei norske selskapa. Samtidig er vårt inntrykk at det er veldig stor interesse i EUsystemet òg overfor EU-landa, altså medlemslanda, og dei selskapa som opererer innafor.

Ein kan seia at i den prosessen som har vore no, har ein halde seg til to ulike instansar i EU. Dei som no kjem med dette klageskriftet, er konkurransestyresmaktene, og dei gjer det altså på bakgrunn av dei generelle konkurransereglane i EU og ikkje gassmarknadsdirektivet. Når det gjeld forhandlingane om gassmarknadsdirektivet, har me halde oss til energistyresmaktene i EU, og eg må berre vedgå at me ikkje har på ein måte svart på angrepet på det norske systemet med å seia at dei må først rydde opp på eige bord. Det har me ikkje gjort. Men mitt inntrykk er at dei no går igjennom heile kjeda og ser kva som kan gjerast for å endra på den.

Når det gjeld spørsmåla frå Langeland, er det slik at ein har visst i lengre tid at dette var ei svært aktuell problemstilling. Undersøkingane begynte allereie i 1996, og me har vore klar over at det har nærma seg ei avgjerd i EU. Me har ikkje visst kva som ville bli utfallet av den, men det har iallfall vore slik at Statoil i all den dokumentasjon som er lagd fram i samband med børsintroduksjonen, har informert om og tatt høgd for at den situasjonen som me no har kome opp i, kunne oppstå. Me har ikkje merkt noka avtakande interesse etter at den situasjonen har oppstått. Det er vel òg rett å seia at denne typen klagar skjer med jamne mellomrom, og det er ikkje sikkert at dei endar ut i korkje bøter eller andre tiltak når så langt kjem. Så langt er det ikkje blitt noka som helst avtakande interesse for Statoil-aksjen.

Når det gjeld forholdet til andre eksporterande land av gass som Russland og Algerie, er det sjølvsagt slik at dei må forholda seg til dei same reglane i EU-systemet, altså i sjølve marknaden. Dei endringane som måtte skje i sjølve marknaden som er uavhengig av om ein sjølv er medlem av dette området eller ikkje, må sjølvsagt dei òg forholda seg til.

Det gjeld prisar og måten ting blir prisa på. Det vil ikkje vera slik at norsk gass f.eks. blir billegare enn gass frå andre leverandørar. Men på den andre sida er det sjølvsagt slik at desse landa òg framleis har ei samla avsetning av gassen, og eg kan ikkje svara på i detalj kva EU meiner. Men eg veit at i forhold til Russland er det òg gjort forsøk frå EU si side på å få til ein større grad av konkurranse der.

Så er det sjølvsagt slik at ein kan vurdera denne «Statement of Objections» på ulikt vis frå EU-systemet. Det beste hadde vore om den ballen blei lagd død. Men i og med at dette kjem frå konkurransestyresmaktene og er utforma ved dei generelle konkurransereglane og på ein annan del av EU-systemet enn det me held oss til når det gjeld GFU, føler me at det beste no er å få avklart situasjonen i forhold til gassmarknadsdirektivet, og at desse tinga ikkje bør blandast saman. Me trur vel heller ikkje at ein meir aggressiv tone frå vår side ville bidra nemneverdig positivt i spørsmålet om desse historiske sakene tilknytte GFU-ordninga.

Lederen: Da var det ikke flere spørsmål, og da takker vi olje- og energiministeren og energi- og miljøkomiteen.