Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europautvalget - EØS-utvalet tysdag 23. mars 1999 kl. 15:15

Dato:

Sak nr. 1

Orientering om forbrukervern v/barne- og familieministeren.

Leiaren: Dette er første forsøk på det vi har bede om, og som også Regjeringa har sagt at den er interessert i, nemleg å systematisere litt arbeidet og setje fleire saker i samanheng, slik at ein slepp å gå på alle store og små saker om kvarandre. Vi set stor pris på at Regjeringa nå har bunta saman ein del av sakene som enten er vedtatt eller er undervegs i EØS-systemet eller i EU-systemet, for ein presentasjon her. Den mest relevante komiteen er også innkalla serskilt for dette punktet.

I forhold til Stortinget kan det vere at nokre av dei sakene som naturleg fell inn under ein av statsrådane sitt ansvarsområde, vil kunne ha fleire adressatar i Stortinget, men det skal vi koma tilbake til og prøve å sortere på best mogleg måte etter som sakene dukkar opp. Det er for så vidt vi på stortingssida som må gå gjennom den lista for kvart enkelt tilfelle, men denne gongen var det rimeleg enkelt, og vedkomande komite er invitert til dette møtet.

Eg gir ordet til barne- og familieministeren.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Takk for det.

Eg helsar med glede denne nyordninga som Stortinget inviterer til. Eg trur det kan bli ein interessant dialog mellom fagstatsrådane og dei ulike komiteane. Eg føler meg litt som ein prøvekanin sidan eg er fyrst ute, men eg reknar med at vi kan koma fram til ein god måte å gjennomføra desse møta på.

Forbrukarvern og forbrukarpolitikk er eit ganske vidt område. Det famnar verksemder som ligg langt utanfor mitt departement. Eg kjem inn på nokre av dei områda som dei andre departementa har ansvar for, men ikkje så veldig grundig. Eg skal prøva å konsentrera meg om det som er Barne- og familiedepartementet sitt ansvarsområde i forhold til forbrukarpolitikk og EØS-/EU-relaterte saker.

EØS-avtalen set i stor grad preg på norsk forbrukarpolitikk, vil eg seia, erfaringane til no er at heile forbrukarregelverket i EU er relevant i forhold til avtalen. Stadig nye rettsakter blir lagt til EØS-avtalen etter kvart som dei blir vedtatt i EU. Men når det gjeld dei rettssakene som er under utvikling og som eg kjem tilbake til, kan ein vel seia at EU etter kvart vil ha reglar som dekkjer det meste av kva vi har funne det tenleg å lovregulera òg i Noreg.

Eg skal oppsummera erfaringane frå mitt eige departement, og det kan gjerast i to hovudpunkt. For det fyrste. EU-regelverket ligg nærare det norske enn mange kanskje kan synast å tru, og tilpassinga har ikkje ført til spesielle problem å snakka om. Jamt over har endringane i lov og forskrifter ført til auka og opprusta forbrukarvern. No tar eg altså dei områda som ligg innanfor mitt departement. Det er klart det er forbrukarrelaterte saker i andre departement, m.a. direktiv som kan vera vanskelege, men dei som ligg under meg, dei er det ikkje serleg problem med.

Punkt 2. På ei rekkje av dei lovområda der det europeiske regelverket er blitt eller vil bli harmonisert, kan ein med den aukande handelen med varer og tenester over landegrensene òg sjå fordelar om norske forbrukarar får like reglar.

Ei stadig sterkare vektlegging av forbrukarpolitikken gjer at ulike former for program og andre tiltak og initiativ blir viktigare også i EØSsamanheng. I samband med Amsterdamtraktaten er det vedtatt ein ny artikkel om forbrukarpolitikk. Artikkelen gir forbrukarpolitikken ein klart styrkt status i forhold til før, m.a. med omsyn til forbrukaren.

Forbrukaren i seg sjølve kan gi grunnlag for å få vedtatt regelverk, mens det til no har vore ein føresetnad at forbrukardirektivet berre skal gis når ein skal fremja den indre marknaden. Artikkelen inneber ein styrkt plikt frå fellesskapet si side med omsyn til forbrukarinformasjon og organisering og til å ta omsyn til forbrukarinteressene i utforming av politikken som har verknad for forbrukaren på andre samfunnsområde. Forbrukarane står altså i sentrum og ikkje fyrst og fremst dei som ynskjer å formidla varene.

Forbrukarane sin tryggleik og deira økonomiske interesse er to hovudområde i forbrukarpolitikken, og begge fell klart inn under EØSavtalen sitt virkeområde. I høve til tryggleik er EU sitt rammedirektiv om produktryggleik - eller produktsikkerhet, som det heiter på bokmål - for 1992 er ein hovudbjelke. Andre viktige regelverk i EØS-avtalen om forbrukarpolitikken er direktivet om leiketøy, om personleg verneutstyr, maskin- og fritidsfartøy og ei forordning om kontroll ved grensa når det gjeld produkt frå tredjeland.

For regelverk som dels set harmoniserte krav til produkt, og som dels har standardar i høve til tryggleik, er det vesentleg at det er nokolunde like fortolkingar og prinsipp som blir lagt til grunn for handhevinga i dei enkelte land og i dei enkelte tilsynsorgana vi har.

Frå norsk side tar vi del i ei rekkje organ som er oppretta under kommisjonen i samband med gjennomføringa av regelverket. Serleg viktig er ein komite som tar opp ulike sider ved forvaltninga av direktivet om produkttryggleik, m.a. prosedyrane for gjensidig varsling og informasjon om farlege produkt og tiltak i samband med dette. På bakgrunn av dei erfaringane ein har med praktisering av direktivet i ein fem års tid, er det no sett i gang eit arbeid med full gjennomgang og revisjon av produktdirektivet. Noreg er med i dette sentrale arbeidet gjennom deltaking i dei hyppige høyringsmøta som kommisjonen arrangerer med EØS-statane i førebuinga av denne revisjonen.

For regelverk som er knytt til forbrukarane sine økonomiske interesser, er situasjonen litt annleis. Det har vore og blir arbeidd med harmonisering av reglane på dei fleste av dei områda der det er vanlege nasjonale regelverk. Ved underteikninga av EØS-avtalen tok vi over regelverk for villeiande reklame, forbrukarkredittar, pakkereiser, prismerking og dørsal. Midt 1990-talet kom direktivet om urimelege vilkår i forbrukaravtalan, om avtalar om bruksrett til tidspartar.

Ferskare direktiv som er innlemma i EØS-avtalen, gjeld fjernsal av varer og tenester og samanliknande reklame. Stortinget har nyleg drøfta desse i samband med samtykkeproposisjonar som gjer greie for verknadene for norsk rett. Gjennomføringa i norsk rett er under arbeid i departementet. Reglane for samanliknande reklame, som stort sett svarar til det som no gjeld i dei generelle prinsippa i marknadsføringslova, vil bli tatt inn meir eller mindre direkte i denne lova. I samband med direktiv om fjernsal har vi dermed funne det tenleg med ein fullstendig revisjon av angrefristlova, som iallfall kan synest nødvendig med den raske utviklinga vi har med sal gjennom nye teknologiske media. Som tidlegare varsla, vil vi ved revisjonen sjå om det er tenleg å ta inn i lova føresegner som kan løysa problemet i høve til dei såkalla kataloghaiane. Det har vi hatt ein del spørsmål og interpellasjonar om i Stortinget.

Eit direktiv om prismerking, som set krav til merking med jamnførepris for å gjera det lettare for forbrukarane å samanlikna, er òg nyleg revidert. Dette direktivet ligg innunder A AD og konkurransestyresmaktene, og dei vil bligjennomført i forskrifta.

Eit nytt forbrukardirektiv som er vedtatt av rådet og av parlamentet, er ennå ikkje innlemma i EØS-avtalen. Det gjeld eit regelverk med heller tungt namn: Om søksmål med påstand om forbod på område verna forbrukarane sine rettar. Det er ikkje så lett å omsetja desse omgrepa til norsk, men ein kan kalla det anten handhevings- eller gjennomføringsdirektivet.

Føremålet med direktivet er å sikra at EU sitt forbrukarregelverk blir etterlevd i praksis, og særleg at regelverket skal kunna fungera tilfredsstillande i forhold til regelbrot, eller at reglane har verknad over landegrensene. Kvart land skal peika ut ei myndigheit, anten ein domstol eller eit administrativt organ, som skal gripa inn mot brot på regelverket. Desse skal kunna leggja ned forbod eller gje pålegg om opphøyr av det ulovlege tiltaket, og gje tvangsbøter for å hindra gjentaking. Vidare skal kvar stat peika ut organ, t.d. forbrukarorganisasjonar, som skal ha rett til å innleie søksmål hos denne myndigheita.

Systemet etter direktivet svarar i stor grad til det norske systemet med marknadsføringslov og dei inngrepa som Forbrukarombodet og Marknadsføringsrådet kan gjera mot ulovleg reklame og urimelege avtalevilkår. Det er grunn frå vår side til å helsa dette direktivet velkomen som eit middel til å styrkja forbrukarane sine rettar i heile Europa, og jamvel verna norske forbrukarar mot ulovlege tiltak utanfrå.

Andre direktiv som vedkjem forbrukarane, er under førebuing på ulike stadium i EU-systemet. Kommisjonen presenterte i haust framlegg til direktiv om fjernsal av finansielle tenester som skal supplera det generelle fjernsalsdirektivet som har eit unntak nettopp for slike tenester. Framlegget skil seg på enkelte punkt vesentleg frå det generelle direktivet. Der omstridt på fleire punkt, og det er rimeleg å venta at det vil ta fleire år og ganske gjennombrytande endringar før det blir vedtatt.

I haust kom kommisjonen med eit framlegg til direktiv om elektronisk handel. Her er det òg tale om eit fyrste utkast der vi truleg vil sjå mange endringar etter kvart. Frå EFTA si side har vi likevel tatt det alvorleg; dette ligg an til å bli eit viktig direktiv med mange interesser.

Det vil bli skipa ei arbeidsgruppe med nasjonalt oppnemnde deltakarar for kvart av EFTA/EØS-landa for å analysera og vurdera framlegget, med sikte på å koma i ein dialog med EU-kommisjonen. Dette vil sjølvsagt bli drøfta i den forbrukarmeldinga som Stortinget får i løpet av våren.

Eit direktivframlegg om forbrukarkjøp og tilknytte garantiar er til annan gongs høyring i parlamentet. Der er vi inne i ein avsluttande fase. Direktivet tar sikte på å harmonisera på eit minimumsnivå viktige sider ved kjøpsretten i EØS-landa for å sikra minimumsrettar i heile området, ikkje minst for at forbrukarane skal vera trygge på at dei har slike rettar når dei handlar utanlands. Forslaget inneheld føresegner om krav til vara, og om seljaren sine plikter ved manglar, om reklamasjon, om form, innhald og verknad ved bruk av garanti. Ansvaret for dette regelverket ligg på norsk side i Justisdepartementet, fordi det ligg under kjøpslova.

Frå norsk side set vi ned som observatørar ei gruppe under kommisjonen med eit medlem frå kvart land som ser nærmare på dei ulike reglane kvart land har for restriksjonar på reklame og i kva grad dette kan verka negativt for handelen, og om det er ønskjeleg med meir harmoniske reglar for reklame.

EU-forordning frå 1992 om miljømerking er innlemma i EØSavtalen. Gjennom dette tar Noreg aktivt del i arbeidet med å utvikla kriteria for miljømerking under det europeiske systemet. Ordninga er no under revisjon, og det er ei kraftig tautrekking om utforminga av denne reviderte ordninga. Hovudtemaet er korleis miljømerkeordninga skal vera organisert, utforminga merka, og ikkje minst tilhøvet mellom denne ordninga og andre nasjonale og regionale miljømerke i Europa. Og her er problemstillinga særleg om EU-merket skal ha ein slags forrang framfor andre merkeordningar, t.d. Svanemerket hos oss. Kommisjonen sitt merke skal vera einerådande for produkt der EU-ordninga har utvikla kriterium for merking. I denne prosessen har kommisjonen ført ein brei dialog med EU og EFTA- og EØS-landa, og no har dei andre nordiske landa har engasjert seg veldig aktivt. Haldninga i dei nordiske landa og i dei andre landa som har eigne merkeordningar, er negativ til kommisjonen sitt opphavlege framlegg om ei forrangsordning for kommisjonen. Det blir no arbeidd ganske intensivt i rådet i arbeidsgruppa med løysingar som er akseptable for alle når det gjeld dette og ei rekkje andre stridsspørsmål.

Vi føler at vi i denne saka har fått god spreiing og gode reaksjonar på vårt syn i saka. I dette og fleire andre spørsmål har den nordiske plattforma vore viktig for oss, for norsk synspunkt og innspel.

Den andre viktige plattforma for medverknad er EFTA - dels for å koma med innspel, dels for å nytta seg av EØS-avtalen som praktisk argument mest mogleg for å sikra norsk deltaking. Vi har nyleg oppnådd å koma med i ei ny kontaktgruppe i kommisjonen for forbrukarspørsmål, der kvart av EU-landa er representert med øvste ansvarlege embetsmann for forbrukarspørsmål. Det blir vidare arbeidd med representasjon for forbrukarorganisasjonane frå EFTA-landa i forum der dei til no ikkje har hatt tilgang.

Mellom ein rad viktige enkeltregelverk som er vedtatt, eller er under arbeid, er det likevel ei større sak som krev særleg merksemd, særleg i høve til mogleg medverknad. I desember 1998 vedtok rådet og parlamentet EU sitt fyrste rammeprogram for forbrukarpolitikk. Der må vi inn i ein dialog, sjølvsagt med Island og Liechtenstein, om EFTAlanda skal gå inn i dette programmet. Det er mogleg å koma inn undervegs etter at programmet er starta. Men der har vi òg ein dialog.

Eg trur eg sluttar her, med dette rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Vi er ikkje inne i det enno, men det er ein dialog mellom desse andre landa i forhold til det, og vi har kontakt med EU om dette rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Eg trur det har veldig mange positive sider, sånn at det kan vera var nyttig for Noreg å vera aktiv deltakar i dette rammeprogrammet.

Leiaren: Ja takk. Her var det ikkje mange problem - kan vi finne på nokon?

Marit Nybakk - ver så god.

Marit Nybakk (A): Jeg skal ikke ta opp noe problem, men bare takke statsråden for orienteringen.

Jeg registrerte at statsråden bemerket innledningsvis at vi har fått et bedre forbrukervern totalt sett gjennom de ulike EU-direktivene. På den bakgrunn var det veldig nyttig å få denne gjennomgangen. Jeg syns også det var interessant at statsråden sa om forbrukerpolitikk.

Siri Frost Sterri (H): Jeg har bare lyst til å ta ett kontrollspørsmål - det var jo en veldig grundig og grei redegjørelse fra statsrådens side som tyder på at dette er ukomplisert, og at her går alt greit. Finnes det i det det nå ble redegjort for - jeg tenker da særlig på direktiver som nå enten er i ferd med å bli vedtatt, eller som er vedtatt - noe som kan innebære problemer, slik statsråden nå vurderer det?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ja, for å seia det sånn:

Eg uttalte meg veldig positivt til det som på ein måte er mitt ansvarsområde her. Eg meiner, som eg sa, at vi har fått eit godt forbrukarvern. I nokre av desse sakene har EU gått foran, og vi har tatt opp deira forslag. På andre område har vi hatt eit godt regelverk på førehand, men likevel, det er lett å harmonisera det.

Men det er opplagt at dersom ein ser på forbrukarspørsmål i eit større perspektiv, har vi enkelte direktiv som sjølvsagt er vanskelege - det går t.d. på matvarer, som i høgste grad er forbrukarspørsmål. Eg har ikkje tatt det opp her, fordi det ligg ikkje under mitt ansvarsområde, men det er klart at barnematdirektivet osv., inneber problem som eg ikkje på nokon måte skal unnlata å nemna.

Leiaren: Ja, takk. Det punktet vi var inne på, som var uløyst - det var vel fleire uløyste punkt - var særleg rammeprogrammet for forbrukarpolitikk, men der forstår eg at det er ein dialog, slik at ein har eit håp om å finne ei positiv løysing på det.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Ja, det har vi. Det er òg eit økonomisk spørsmål om vi skal gå inn dette. EU har jo sjølvsagt mange ulike program som det er interessant for oss å vera med i. Det er òg eit økonomisk spørsmål i forhold til midlar vi brukar på den delen av forbrukarpolitikken.

Leiaren: Ja takk. Det var sak nr. 1, forbrukardelen av EØSarbeidet.