Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europautvalget - EØS-utvalet tysdag 9. desember 1997 kl. 15:15

Dato:

Formalia

Formalia

Møtet vart leidd av leiaren i EØS-utvalet, Haakon Blankenborg.

Til stades var: Frå utanrikskomiteen: Haakon Blankenborg, Jan Petersen, Einar Steensnæs, Dag Danielsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Fridtjof Frank Gundersen, Harald Hove, Johan J. Jakobsen, Marit Nybakk, Erik Solheim og Siri Frost Sterri.

Frå EFTA/EØS-delegasjonen: Grete Knudsen, Ranveig Frøiland (for Tom Thoresen), Vidar Kleppe (for Carl I. Hagen) og Arne Lyngstad (for Elsa Skarbøvik).

Av Regjeringas medlemmer var til stades: Utanriksminister Knut Vollebæk.

Følgjande embetsmenn vart gitt tilgjenge til møtet: Ekspedisjonssjef Atle Leikvoll, avdelingsdirektør Anders Erdal og byråsjef Beate B. Ekeberg, alle frå Utanriksdepartementet.

Vidare var til stades komiteens sekretær, Åge B. Grutle.

D a g s o r d e n :

1. Aktuelle rettsakter for møtet i EØS-komiteen 12. desember 1997. Se vedlagte brev fra Utenriksdepartementet, datert 2. desember d.å., med oversikt over de relevante rettsakter.

2. Eventuelt.

Leiaren: Då kan vi gå til sakene på dagens kart. Vi tar som vanleg rettsaktene og eventuelt andre saker pluss saker frå dagsordenen til EØS-komiteen. Alt dette skal vere omsendt, og sakene er, så vidt eg hugser, omsende, med ei tilleggssak som også skal vere omdelt.

Er det nokon som, før vi går laus på sak nr. 1, vil varsle om spesielle saker som ein ønskjer å ta opp under «Eventuelt», slik at vi får førebudd det? - Det er det ikkje.