Europautvalget - EØS-utvalet fredag 21. november 1997 kl. 14:15
Dato:
Formalia
Formalia
Møtet vart leidd av leiaren i EØS-utvalet, Haakon Blankenborg.
Til stades var: Frå utanrikskomiteen: Haakon Blankenborg, Jan Petersen, Einar Steensnæs, Dag Danielsen, Kjell Engebretsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Fridtjof Frank Gundersen, Johan J. Jakobsen og Elsa Skarbøvik.
Frå EFTA/EØS-delegasjonen: Carl I. Hagen, Asmund Kristoffersen (for Grete Knudsen) og Gunnar Kvassheim (for Harald Hove).
Av Regjeringas medlemmer var til stades: Utanriksminister Knut Vollebæk.
Følgjande embetsmenn vart gitt tilgjenge til møtet: Ekspedisjonssjef Atle Leikvoll, avdelingsdirektør Anders Erdal og byråsjef Beate B. Ekeberg - alle frå Utanriksdepartementet.
Vidare var til stades komiteens sekretær, Åge B. Grutle.
D a g s o r d e n :
1. Aktuelle rettsakter for møtet i EØS-komiteen 28. november 1997. Se vedlagte brev fra Utenriksdepartementet, datert 17. november d.å, med oversikt over de relevante rettsakter.
2. Eventuelt.
Leiaren: Litt om varianten av tidspunktet for møtet. Eg forstår det slik at det skal vere møte i Brussel på tysdag. Alternativet var då å leggje dette møtet til ein dag det ikkje var stortingsmøte. Og vi gjorde eit forsøk på å leggje dette møtet til ein dag det er stortingsmøte - men det kan kome i konflikt med voteringa. Men vi forstår no at debatten drar ut, så vi burde ha god tid - det er ikkje noka oppmoding om å bruke lang tid - vi burde kome gjennom dette møtet. Men bakgrunnen for at vi har lagt det til fredag istadenfor som vanleg til tysdag i pausen, er akkurat det møtet som utanriksministeren skal ha på tysdag i Brussel. Så det var praktisk vanskeleg.
Sakslista er den vanlege - rettsakter pluss andre saker der vi kan kome inn på EØS-komiteens dagsorden. Når det gjeld rettsaktene, har vi fått det vanlege omsendte samandraget og kommentarar, og så har vi fått eit tilleggsdokument som er omdelt. Eg er litt usikker på når det kom ut i hyllene, men iallfall skal det vere omdelt til representantane.