Europautvalget - EØS-utvalet torsdag 14. mai 1998 kl. 17
Dato:
Formalia
Formalia
Møtet var leidd av leiaren i EØS-utvalet, Haakon Blankenborg.
Til stades var:
Frå utanrikskomiteen: Haakon Blankenborg, Jan Petersen, Einar Steensnæs, Dag Danielsen, Kirsti Kolle Grøndahl, Harald Hove, Johan J. Jakobsen, Marit Nybakk, Elsa Skarbøvik, Siri Frost Sterri, Tom Thoresen og Ranveig Frøiland (for Thorbjørn Jagland).
Frå EFTA/EØS-delegasjonen: Carl I. Hagen.
Av Regjeringas medlemmer var til stades: Utanriksminister Knut Vollebæk.
Følgjande embetsmenn vart gitt tilgjenge til møtet: Ekspedisjonssjef Atle Leikvoll, Utanriksdepartementet, avdelingsdirektør Anders Erdal, Utanriksdepartementet og byråsjef Johan Kr. Meyer, Utanriksdepartementet.
Vidare var til stades fung. sekretær, Bård Hopland.
D a g s o r d e n :
1. Aktuelle rettsakter for møtet i EØS-komiteen 29. mai 1998. Se vedlagte brev fra Utenriksdepartementet, datert 7. mai d.å., med oversikt over de relevante rettsakter.
2. Eventuelt.
Leiaren: Sakslista er som vanleg rettsaktene og Eventueltsakene.
Er det noko å melde under Eventuelt? - Det er det ikkje.
Elles har eg eitt spørsmål. Det gjeld gassdirektivet, som har vore omtalt i media som aktuell sak, og som vi for så vidt har diskutert tidlegare. Det gjeld den vidare handteringa, om vi kunne kome inn på den vidare behandlinga, og ikkje på substansen i gassdirektivet - det trur eg få er førebudde på - og Regjeringas vidare behandling av denne og forholdet til Stortinget.
Av andre aktuelle saker vil eg også nemne patentdirektivet. Det er tillyst ein interpellasjon om det i Stortinget i morgon. Men i og med at det er ei rettsakt som normalt fell inn under denne komiteens arbeid, vil eg også spørje om det same der, korleis prosedyren er tenkt vidare handtert, utan å gå inn i innhaldet. Det er jo delvis fordi vi har vondt for å forstå innhaldet i det, så det er best å la den liggje litt på sida substansielt!
Andre saker som fell inn under denne komiteen? - Det er det ikkje.