Europautvalget - EØS-utvalget torsdag 18. september 1997 kl. 15:15
Formalia
Formalia
Møtet vart leidd av leiaren i komiteen, Haakon Blankenborg.
Til stades var: Haakon Blankenborg, John Dale, Kaci Kullmann Five, Brit Hoel, Gro Harlem Brundtland, Tom Thoresen, Einar Steensnæs, Per-Kristian Foss, Vidar Bjørnstad (for Kirsti Kolle Grøndahl), og Aud Blattmann (for Roger Gudmundseth).
Av Regjeringa sine medlemer var til stades: Utanriksminister Bjørn Tore Godal.
Følgjande embetsmenn vart gitt tilgjenge til møtet: Politisk rådgiver Jardar E. Flaa, Utanriksdepartementet, avdelingsdirektør Anders Erdal, Utanriksdepartementet, ekspedisjonssjef Atle Leikvoll, Utanriksdepartementet og byråsjef Beate Ekeberg, Utanriksdepartementet.
Vidare var til stades komiteens sekretær, Åge B. Grutle.
D a g s o r d e n
1. Aktuelle rettsakter for møtet i EØS-komiteen 26. september 1997. Se vedlagte brev fra Utenriksdepartementet, datert 11. september d.å. med oversikt over de relevante rettsakter
2. Eventuelt
Leiaren: Vi har dei vanlege sakene med rettsakter som er omdelte. Vi har Eventuelt som normalt omfattar dagsordenen for EØSkomiteen som også er sende ut, dvs. dei pågåande tingingane på dei ulike områda. Det ville vere nyttig om vi under det punktet får ei oppdatering etter sommaren på dei ulike områda som er nemnde her. Det gjeld veterinærspørsmål, det gjeld i og for seg også Schengen som vi har hatt oppe her eit par gonger, og det kjem vi tilbake til under punkt 2 når vi er ferdige med dei enkelte rettsaktene.
Kaci Kullmann Five (H): Kommer gassdirektivet under Eventuelt?
Leiaren: Ja. Er det andre som varslar noko under Eventuelt? -
Det er det ikkje.
Då kan vi gå på rettsaktene.