Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Meldinga omhandlar regulering av pensjonar i 2026 og inntektstilhøve for pensjonistar.
Den pårekna effekten av neste års regulering av pensjonar, basert på anslaget for lønnsvekst i statsbudsjettet, vert budsjettert på dei relevante postane på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet direkte og som ein del av den ordinære budsjettprosessen, jf. Prop. 1 S frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Viss det trengst, vil dei relevante budsjettpostane verte korrigerte i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett.
Det er gjennomført drøftingar med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane om talgrunnlaget for reguleringa.
I kapittel 2.1 i meldinga er det detaljert gjort greie for reglar for regulering.
Lønnsveksten i 2026 vart i revidert nasjonalbudsjett anslått til 4,4 pst. Ved reguleringa i 2025 vart det lagt til grunn ein forventa lønnsvekst i 2025 på 4,4 pst. Ifølgje førebelse tal frå nasjonalrekneskapen vart årslønnsveksten 4,9 pst. i 2025. Det ligg dermed føre eit positivt avvik eit år tilbake i tid på 0,5 prosentpoeng som det skal takast omsyn til i årets regulering. Lønnsvekst for 2024 er fastsett til 5,6 pst., og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid. Dette gjev ein samla årleg lønnsvekst i 2026 (vekst i gjennomsnittleg grunnbeløp) på 4,92 pst. Veksten i grunnbeløpet frå 1. mai vert 4,91 pst.
På bakgrunn av desse anslaga vert det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka frå 128 116 kroner i 2025 til 134 419 kroner i 2026. Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2026 er 136 549 kroner.
Veksten i konsumprisane i 2026 er anslått til 3,5 pst. i revidert nasjonalbudsjett. Ved reguleringa i 2025 vart det lagt til grunn ein forventa prisvekst i 2025 på 2,8 pst. Faktisk prisvekst i 2025 er fastsett til 3,1 pst. av Statistisk sentralbyrå. Det er eit positivt avvik i prisveksten for 2025 på 0,3 prosentpoeng som skal takast omsyn til i årets regulering.
Samla prosentvis prisvekst i 2026 er 3,81 pst. Gjennomsnittet av lønns- og prisvekst er 4,37 pst. Den prosentvise auken i alderspensjon under utbetaling og satsane for minste pensjonsnivå og garantipensjon er 4,69 pst. frå 1. mai.
Talgrunnlaget for utrekning av lønnsveksten som vert brukt ved regulering av grunnbeløpet og pensjonar, skal gåast gjennom og drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før den samla lønnsveksten vert fastsett, jf. forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden § 4.
Drøftingsordninga er formalisert i Avtale mellom regjeringen og pensjonistenes, de funksjonshemmedes og arbeidstakernes organisasjoner om regulering av folketrygdens grunnbeløp og pensjoner.
Formålet med drøftingane er å sikre, så langt det er mogleg, ei felles forståing mellom partane om føresetnadene som skal leggjast til grunn for reguleringa. Partane skal også vurdere om det ligg føre særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskildgrupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsveksten.
Etter at talgrunnlaget er drøfta med organisasjonane, fastset Kongen, med heimel i folketrygdloven §§ 1-4, 4-4, 19-14 og 20-18, reguleringsfaktorar og satsar for minste pensjonsnivå.
I drøftingsmøta, som vert leia av arbeids- og inkluderingsministeren, deltek:
Pensjonistforbundet,
SAKO-samarbeidet,
Senior Norge,
Forsvarets seniorforbund,
Landsforbundet for offentlige pensjonister,
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon,
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO),
Landsorganisasjonen i Norge (LO),
Unio,
Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS),
Akademikerne.
I forkant av sjølve drøftingsmøta 18. og 20. mai 2026 vart det 9. april 2026 halde eit møte mellom organisasjonane og Arbeids- og inkluderingsdepartementet der rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2026» frå Det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera vart gjennomgått.
Det var semje om talgrunnlaget.
Det ligg ikkje føre «særlege tilhøve» som det skal takast omsyn til ved berekninga av lønnsveksten.
Pensjonistforbundet, SAKO-samarbeidet og SAFO meiner at trygdeoppgjeret manglar ein sosial profil og at Stortinget må ta ansvar. Dei meiner den ordinære pensjonsreguleringa dei siste ti åra (2016–2025) ikkje har vore tilstrekkeleg til å halde oppe kjøpekrafta til pensjonistane. Dei meiner at ingen bør leve av ein alderspensjon frå folketrygda som ligg under fattigdomsgrensa (EU60). Dei krev derfor at minsteytingane må givast eit løft over dette nivået. Desse organisasjonane krev at pensjonistane får eit kronetillegg som kjem i tillegg til den ordinære oppreguleringa, og foreslår eit målretta tillegg mot utvalde grupper av pensjonistar og trygda. Desse organisasjonane krev at gjenlevendetillegget skal auke på lik linje med resten av pensjonen, slik praksis var før 2024.
Unio, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), Landsorganisasjonen i Norge (LO), Akademikerne, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og Landsforbundet for offentlige pensjonister (LOP) legg til grunn at resultatet er i samsvar med reguleringsreglane, og krev at det i trygdedrøftingane for 2026 skal takast omsyn til eit avvik i lønnsveksten i 2025 på 0,5 pst. og eit avvik i prisveksten på 0,3 pst.
Gjennom reguleringa av pensjonane vert den nominelle inntektsutviklinga til pensjonistane bestemt. For å finne realveksten må ein ta omsyn til prisutviklinga. Både den nominelle og den reelle inntektsutviklinga vert også påverka av endringar i pensjonsreglane. Når ein også tek omsyn til skatt, kjem utviklinga i kjøpekrafta til pensjonistane til syne.
Ein viser til kapittel 3 i meldinga som gjer greie for:
Realvekst i alderspensjon.
Endring av skatt i 2026.
Vekst i utbetalt pensjon for ulike hushaldstypar.
Ein viser til kapitel 4 i meldinga som presenterer statistikk som klargjer utviklinga i samla inntekt for den eldre delen av befolkninga i perioden 2014–2024, jf. rapporten «Arbeid, pensjon og inntekt i den eldre befolkningen. Rapport fra Pensjonspolitisk arbeidsgruppe 2026».
I kapittel 5 i meldinga er det detaljert gjor greie for utviklinga i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå og om utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane.
Ved utgangen av 2025 var det 119 649 minstepensjonistar blant alderspensjonistane. Trenden er at talet på personar som får minste pensjonsnivå, er fallande. Frå 2011 til 2025 har prosentdelen av minstepensjonistar blant alle alderspensjonistar falle frå 24,8 til 11,0.
Kvinner utgjer fleirtalet av dei som får minste pensjonsnivå. I 2011 hadde 39,8 pst. av kvinnelege alderspensjonistar minste pensjonsnivå, medan prosentdelen hadde gått ned til 17,9 i 2025.
Prosentdelen av mannlege alderspensjonistar med minste pensjonsnivå har også falle sidan 2011. I 2025 hadde 3,9 pst. av mannlege alderspensjonistar minste pensjonsnivå. Det er ein nedgang på 2,9 prosentpoeng sidan 2011.
Reduksjonen i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå kjem primært av at yngre kvinnelege alderspensjonistar har meir opptening til pensjon samanlikna med dei eldre årskulla.
Dersom utrekna alderspensjon er lågare enn satsen for minste pensjonsnivå, vert det gjeve ulike tillegg i alderspensjonen. Ein mottakar kan få fleire tillegg.
Prosentdelen med låginntekt blant alderspensjonistar over 67 år har vore svakt fallande sidan pensjonsreforma. I 2024 var om lag 10 pst. av alderspensjonistane over 67 år definerte som å ha låginntekt, mens om lag 40 pst. av minstepensjonistane er definerte som å ha låginntekt. Prosentdelen med låginntekt er klart høgare blant åleinebuande enn blant dei som bur saman med nokon. Dette gjeld pensjonistar generelt, men særleg minstepensjonistane.
Prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar auka i perioden 2011–2015, men frå 2015 til 2022 har den vore relativt stabil. Frå 2022 til 2023 fall prosentdelen med om lag 8 prosentpoeng, til om lag 69 pst., før han auka til 71 pst. i 2024.