Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar i følgande lover:
Lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
Lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.
Lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere
Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
Lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsvirksomhet
Lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen
Lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem
Lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning
Lov 10. juni 2025 nr. 31 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover
Folketrygdlova og sosialtenestelova
Det blir foreslått endringar i folketrygdlova kapittel 12 for blant anna å gjere det meir lønsamt å kombinere arbeid og uføretrygd, herunder:
Innføre ein maksimal reduksjonsprosent når uføretrygd skal reduserast mot inntekt.
Erstatte omgrepet «inntektsgrense» med «bunnfradrag».
Fastsetting av inntekt før uførleik.
Harmonisering av minstesatsar for uføretrygd til gifte og sambuande.
Vidare blir det foreslått å endre sosialtenestelova § 18 slik at kommunane kan ta omsyn til barnetrygd ved vurderinga av søknader om økonomisk stønad. Desse to forslaga følger opp tiltak som er fremma i forslaget til statsbudsjett for 2026.
Forslaget om endringar i folketrygdlova § 4-8 gjeld etablering av ein ny heimel for å gi forskrifter om innhaldet i meldeplikta for dagpengemottakarane, mens forslaget til endring av folketrygdlova § 4-19 gjer at lova gir betre uttrykk for gjeldande rett.
Lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv., lov om pensjonsordning for sykepleiere og lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (nye pensjonsregler for personer med særaldersgrense)
Forslaget i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og lov om pensjonsordning for sykepleiere inneber at aldersgrensa på 70 år, som gjeld for alle medlemmane i apotekpensjonslova og for overordna sjukepleiarar i sjukepleiarpensjonslova, blir heva til 72 år, jf. § 6 andre ledd i apotekpensjonslova og § 6 første ledd første punktum i sjukepleiarpensjonslova. Forslaget er ei harmonisering til kva som er den normale aldersgrensa i arbeidslivet, jf. at den alminnelege aldersgrensa i staten blir heva frå 70 til 72 år frå 1. januar 2026. Forslaget vil også innebere at 70-årsgrensa blir heva til 72 år i lov 10. juni 2025 nr. 31 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (nye pensjonsregler for personer med særaldersgrense) med endringar i sjukepleiarpensjonslova.
Dei andre forslaga i proposisjonen gjeld rettingar, presiseringar og endringar av teknisk karakter.
Når det gjeld departementet sine vurderingar og forslag, samt ikraftsetjing og økonomiske og administrative konsekvensar, er dette detaljert gjort greie for under dei særskilte kapitla i proposisjonen.