Kommunal- og distriktsdepartementet legg i lovproposisjonen
fram forslag til føresegner om bustadkjøpsmodellar i burettslagslova
og eierseksjonsloven. Bakgrunnen for forslaget er at burettslagslova
og eierseksjonsloven i dag set grenser for kven som kan kjøpe og
eige bustader, noko som igjen avgrensar kor mange bustader som kan
tilbydast med bustadkjøpsmodell i eitt og same bustadselskap.
Lovproposisjonen foreslår føresegner som skal
leggje til rette for at tilbydarar av bustadkjøpsmodellar kan eige fleire
bustader i eitt og same bustadselskap for å tilby desse med leige
til eige og deleige i same bustadselskap. I proposisjonen vert det
foreslått lovføresegner som definerer leige til eige og deleige,
og som gir departementet høve til å fastsetje i forskrift at tilbydarar
av slike modellar kan ha ein større andel i burettslag og eigarseksjonssameige.
Lovforslaget inneheld også føresegner som skal
bidra til å styrkje forbrukarvernet ved bruk av slike modellar.