Sammendrag
Eidsivating lagmannsrett avsa den 9. oktober
2023 dom i sak mellom Elverum kommune og Mastemoen borettslag. Saka
galdt høvet mellom obligatorisk og lokal reduksjonsfaktor ved utskriving
av eigedomsskatt på bustadeigedom som er verdsett ved bruk av formuesgrunnlag
fastsett av Skatteetaten, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Dommen
er rettskraftig.
Det følgjer av eigedomsskattelova § 8 A-2 fyrste
ledd fyrste punktum at skattegrunnlaget ved utskriving av eigedomsskatt
skal byggje på marknadsverdien til eigedomane når dei vert takserte.
For bustader og fritidsbustader fastset eigedomsskattelova § 8 A-2
fyrste ledd andre punktum at det fastsette verdet (taksten) skal
reduserast med 30 pst. Òg når kommunen vel å verdsetje bustadeigedom
ved bruk av formuesgrunnlag frå Skatteetaten, gjeld det ein regel
om eit tilsvarande frådrag, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1 andre
ledd. Desse frådraga vert i juridisk teori og praksis omtala som
«obligatorisk reduksjonsfaktor».
Slik lovbestemt obligatorisk reduksjonsfaktor
må haldast frå det som vert omtala som «lokal reduksjonsfaktor».
Lokal reduksjonsfaktor tyder at kommunen gjev eit prosentvis likt
frådrag i verdet (takstane) for alle typar eigedom. Bruken av lokal
reduksjonsfaktor er ikkje lovfesta, men er utvikla gjennom kommunal
praksis. Det er kommunestyret i den einskilde kommune som avgjer
om dei vil nytte lokal reduksjonsfaktor.
For kommunar som skriv ut eigedomsskatt på bustader
og fritidsbustader og nyttar lokal reduksjonsfaktor, vert det difor
to reduksjonsfaktorar. Kommunane har i sin praksis lagt til grunn
at det berre skal gjerast frådrag for den høgste av obligatorisk
og lokal reduksjonsfaktor. Dette er i samsvar med fråsegner frå
departementet med omsyn til tolking av eigedomsskattelova. Til skilnad
frå tidlegare praksis slo Eidsivating lagmannsrett i ovannemnde
dom fast at ordlyden i eigedomsskattelova tilseier at det skal gjerast
frådrag både for obligatorisk og lokal reduksjonsfaktor for bustadeigedom
som er verdsett ved bruk av formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Dommen
inneber at det fyrst skal gjerast frådrag for den obligatoriske
reduksjonsfaktoren og deretter for den lokale reduksjonsfaktoren
i det allereie reduserte grunnlaget.
Dommen bryt med eit prinsipp om likebehandling i
eigedomsskatten ved at det totale frådraget vert ulikt for same
type eigedom avhengig av metoden kommunen nyttar for verdsettinga.
Dette gjer òg at val av verdsettingsmetode for bustadeigedom ikkje
lenger er nøytralt. På bakgrunn av desse forholda gjer departementet
framlegg om lovendring for å presisere prinsippa for utrekning av
frådrag når kommunane nyttar lokal reduksjonsfaktor i tillegg til
den obligatoriske. Departementet gjer framlegg om at det ikkje skal
gjevast frådrag for både obligatorisk og lokal reduksjonsfaktor.
Det vert gjort framlegg om ei slik presisering i både eigedomsskattelova
§ 8 A-2 og § 8 C-1. Dette gjer at regelen vert generell og vil gjelde
uavhengig av kva metode for verdsetjing kommunen har nytta for taksering
av bustader og fritidsbustader.
Departementet gjer framlegg om at endringane
skal tre i kraft frå og med skatteåret 2026.
Departementet syner til framlegg om endring
i eigedomsskattelova § 8 A-2 og § 8 C-1 nytt tredje ledd.