6. Oppheving av skattefritak for Biblioteksentralen SA

Skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav g listar opp fleire offentlege verksemder som er heilt fritekne frå skatteplikt. Ei av desse er «Andelslaget Biblioteksentralen», jf. § 2-30 fyrste ledd bokstav g nr. 2. Biblioteksentralen er eit samvirkeføretak som vart etablert i 1952 for å utvikle og drive fellestenester for bibliotek. Føretaket har i dag kommunar, fylkeskommunar, KS og Norsk bibliotekforening som medlemar.

Biblioteksentralen fekk skattefritak i 1958.

Biblioteksentralen kontakta Finansdepartementet hausten 2024 og bad om at skattefritaket vert oppheva, då føresetnadene for fritaket ikkje lenger er til stades. Biblioteksentralen synte til at sjølv om dei i samsvar med vedtektene ikkje har økonomisk vinst som føremål, er dei i dag ein marknadsaktør som genererer inntekter gjennom sal av produkt og tenester i ein konkurranseutsett marknad.

Departementet gjer framlegg om at skattefritaket for Biblioteksentralen i skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav g nr. 2 vert oppheva. Verksemda til Biblioteksentralen har endra seg betydeleg sidan 1958 og til i dag. Den opphavlege grunngjevinga for skattefritaket etter skatteloven § 2-30 gjer seg ikkje lenger gjeldande.

Departementet tek ikkje stilling til om Biblioteksentralen kan verte friteken frå skatt etter skatteloven § 2-32. Skatteloven § 2-32 fritek «selskap eller innretning som ikke har erverv til formål», for formues- og inntektsskatt. Det er Skatteetaten, og i siste instans domstolane, som avgjer om eit selskap er omfatta av denne føresegna.

Departementet legg til grunn at endringa ikkje vil innebere nemneverdige provenyverknader.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav g nr. 2. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2025. Biblioteksentralen vert då skattepliktig frå same tidspunkt.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.