Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens årsrapport for 2024

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Kort om Riksrevisjonen

1.1.1 Samfunnsoppdraget

Riksrevisjonen er Stortingets revisjons- og kontrollorgan og skal bidra til den demokratiske kontrollen med at ressursane til staten blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.

1.1.2 Kva Riksrevisjonen undersøkjer

  • Er statlege rekneskapar korrekte?

  • Blir det Stortinget har bestemt, gjennomført på ein effektiv måte?

  • Korleis blir pengane Stortinget har løyvd, brukte?

  • Jobbar statsforvaltninga i tråd med lover og reglar?

1.1.3 Kven Riksrevisjonen undersøkjer

Regjeringa

Den utøvande styresmakta i Noreg. Har ansvar for å utføre det Stortinget bestemmer. Har òg initiativrett og føreslår saker som blir behandla av Stortinget.

Statsforvaltninga

Det administrative apparatet til regjeringa. Inkluderer departement, direktorat, tilsyn og andre statlege verksemder.

Statlege selskap

Staten eig mange ulike selskap, både heilt og delvis. Gjennom selskapskontroll undersøkjer vi om regjeringa tek vare på eigarinteressene til staten slik Stortinget har bestemt.

1.2 Aktivitetar og resultat i 2024

1.2.1 Revisjonar og undersøkingar

1.2.1.1 Revisjon av årsrekneskapane og revisjon av statsrekneskapen

Riksrevisjonen har revidert statsrekneskapen og 235 årsrekneskapar for departement, statlege verksemder og fond for 2023. Dette inkluderer årsrekneskapen for Sametinget.

Kontrollen av statsrekneskapen byggjer på den finansielle revisjonen av departementa og dei underliggjande verksemdene og dessutan revisjonshandlingar retta mot sjølve statsrekneskapen.

Dokument 1 (2024–2025) viser at rekneskapane til staten i all hovudsak er rette og i samsvar med lover og reglar.

Riksrevisjonen fann i årsrekneskapane for 2023 at Statistisk sentralbyrå, Forsvaret, Forsvarsbygg, Helsedirektoratet, Kriminalomsorgsdirektoratet, Norsk polarinstitutt og Havforskingsinstituttet hadde vesentlege feil og manglar. Riksrevisjonen avdekte òg brot på administrativt regelverk hos sju verksemder. Dette inneber at verksemda har disponert løyvingane på ein måte som i vesentleg grad strir mot administrative regelverk om økonomistyring i staten.

Statsrekneskapen er ei samanstilling av alle statlege rekneskapar. Kontrollen av statsrekneskapen byggjer på den finansielle revisjonen av departementa og dei underliggjande verksemdene og dessutan revisjonshandlingar retta mot sjølve statsrekneskapen. Riksrevisjonen meiner at statsrekneskapen for 2023 i det vesentlege er rett avlagd og presentert.

Revisjon av disposisjonar knytte til årsrekneskapen handlar om å kontrollere at statlege verksemder brukar pengane slik Stortinget har bestemt, og at dei følgjer lover og reglar. I 2024 rapporterte Riksrevisjonen fem revisjonar av disposisjonane til Stortinget i Dokument 1 (2024–2025).

1.2.1.2 Årleg selskapskontroll

Riksrevisjonen har kontrollert selskap der staten har ein stor eigardel. Riksrevisjonens kontroll for 2023 har omfatta forvaltninga av staten sine interesser under 13 departement og gjeld 42 heileigde aksjeselskap, 24 deleigde aksjeselskap, eitt ansvarleg selskap med delt ansvar, seks allmennaksjeselskap (ASA), åtte statsføretak, fire regionale helseføretak, 15 studentsamskipnader og ytterlegare seks selskap som er organiserte ved særskild lov. Mange av selskapa utfører samfunnskritiske oppgåver eller utgjer ein stor del av verdiskapinga i landet.

Kontrollen for rekneskapsåret 2023 har ikkje påvist større manglar ved eigarskapsutøvinga.

1.2.1.3 Forvaltningsrevisjon

Det nye riksrevisorkollegiet fastsette i 2022 eit rammeverk for strategiske prioriteringar av revisjonsoppgåver. Føremålet med overordna styringssignal er å bidra til at sakene som vert fremja for Stortinget, tek opp dei aller viktigaste temaa for det norske samfunnet. Dei følgjande tema skal prioriterast:

  • Omstillinga i samfunnet for å takle klimautfordringane

  • Samfunnstryggleik og beredskap, inkludert IKT-tryggleik

  • Forbetring av offentleg sektor, inkludert digitalisering

  • Forhold som har særleg betydning for ressurstilgangen i samfunnet

  • Forhold som har særleg betydning for ressursbruken i samfunnet

  • Varetaking av sårbare grupper

Dei seks temaa er ikkje rangerte. Det kan òg vere nødvendig å undersøkje andre tema på bakgrunn av risiko og vesentlegheit.

I 2024 rapporterte Riksrevisjonen 13 forvaltningsrevisjonar til Stortinget.

Grader av kritikk

Riksrevisjonen nyttar tre ulike kritikkformer for dei sakene som vert rapporterte til Stortinget. Kritikken blir kategorisert som anten sterkt kritikkverdig, kritikkverdig eller ikkje tilfredsstillande. Det er kollegiet som vedtek alvorsgraden i kvar enkelt sak.

Sterkt kritikkverdig

Riksrevisjonen nyttar denne kritikkforma når dei finn alvorlege svakheiter, feil og manglar som ofte kan få svært store konsekvensar for enkeltmenneske eller samfunnet.

Kritikkverdig

Riksrevisjonen nyttar denne kritikkforma når dei finn betydelege svakheiter, feil og manglar som ofte vil kunne få moderate til store konsekvensar for enkeltmenneske eller samfunnet.

Ikkje tilfredsstillande

Riksrevisjonen nyttar denne kritikkforma når dei finn svakheiter, feil og manglar, men som i mindre grad får direkte konsekvensar for enkeltmenneske eller samfunnet.

Stortinget har understreka kor viktig det er at Riksrevisjonen vurderer vesentlegheit og risiko på tvers av departementa og gjennomfører sektorovergripande undersøkingar. Fire av dei rapporterte undersøkingane i 2024 involverte fleire departement. Talet på slike undersøkingar vil variere noko frå år til år.

Ved inngangen til 2025 arbeidde Riksrevisjonen med ytterlegare 18 forvaltningsrevisjonar. Åtte av desse involverer fleire departement. Vidare er ni av dei pågåande forvaltningsrevisjonane retta mot statlege selskap eller område der statlege selskap er eit vesentleg verkemiddel.

1.2.1.4 Riksrevisjonens arbeid med misferd

Grunnlaget for Riksrevisjonens ansvar for å bidra til å førebyggje og avdekkje mislege handlingar byggjer på lov om Riksrevisjonen § 1-2. Omfanget av ansvar og den praktiske gjennomføringa byggjer på krava i INTOSAI sine standardar for dei tre revisjonstypane og Riksrevisjonens retningslinjer. Avdekking av mislege handlingar er ikkje hovudmålet med revisjonen, men revisoren tek med risikoen for mislege handlingar ved oppstarten av alle revisjonar. Revisoren er òg merksam på indikasjonar på mislege handlingar ved gjennomføringa av revisjonen. Rutinane gjeld for alle revisjonstypane. Dersom revisoren identifiserer lovbrot eller indikasjonar på dette, må revisoren følgje dette opp i samsvar med lov om Riksrevisjonen og ISSAI 2240.

I 2024 blei det gjennomført ein forvaltningsrevisjon med mislege handlingar som tema: Risikoen for økonomiske misligheter i forvaltningen av bistanden. Riksrevisjonen vurderte det som kritikkverdig at Utanriksdepartementet og Norad sitt arbeid med å førebyggje, avdekkje og følgje opp økonomisk mislege handlingar ikkje er i samsvar med kva eigenarten, risikoen og vesentlegheita til bistandsforvaltninga skulle tilseie. Samla sett er forvaltninga si handtering av risikoen for økonomisk mislege handlingar i bistanden ikkje så effektiv som han kunne og burde ha vore. Svakheitene aukar risikoen for økonomisk mislege handlingar i tilknyting til norske bistandsmidlar og for at desse handlingane ikkje blir avdekte eller stoppa på eit tidleg tidspunkt.

Riksrevisjonen har ein kryptert elektronisk tipskanal der dei får tips om mislege handlingar, opplysningar som gir grunn til mistankar om mislege handlingar, og andre kritikkverdige handlingar i statsforvaltninga. Riksrevisjonen fekk 84 tips i 2024 (82 i 2023). Tipsa fører sjeldan til eigne revisjonar, men er med på å gi relevant sektorinformasjon.

  • 17 av tipsa var frå tilsette som tipsa om forhold i eiga verksemd.

  • 15 av tipsa handla om offentlege anskaffingar.

  • 50 prosent av tipsa blei sende inn med fullt namn på avsendaren. Kanalen er kryptert, og namnet på avsendaren blir skjerma i arkivet. Når tipsaren sender med namn, er det mogleg for Riksrevisjonen å kommunisere med vedkomande.

1.2.2 Måloppnåing innan dei strategiske måla

1.2.2.1 Riksrevisjonen skal vere den fremste leverandøren i samfunnet av aktuell og relevant offentleg revisjon

Bidrag til Stortingets kontroll med forvaltninga

I Innst. 41 L (2024–2025) Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Rapport fra utvalget til å utrede Riksrevisjonens virksomhet viste kontroll- og konstitusjonskomiteen til at Riksrevisjonen har vore eit organ for både Stortinget sin konstitusjonelle kontroll og for den parlamentariske kontrollen med regjeringa. Komiteen framheva igjen det han uttalte i samband med førre lov om Riksrevisjonen, ref. Innst. O. nr. 54 (2003–2004):

«Komiteen viser til at Riksrevisjonen bidrar med viktige innspill til Stortingets egen kontroll og fører kontroll med regjering og forvaltning på Stortingets vegne. Riksrevisjonen legger viktige føringar for Stortingets kontrollarbeid gjennom sin behandling og innstilling på desisjon av de sentrale statsregnskaper, og sine rapporter som gir grunnlag for å vurdere om statsrådane har følgt opp sitt ansvar. Dette gir muligheter for å rette opp feil og mangler. Komiteen viser videre til at Riksrevisjonen har selvstendige revisjons- og kontrolloppgaver i forhold til den underliggende forvaltning».

I samband med behandlinga av Dokument 2 (2023–2024) understreka kontroll- og konstitusjonskomiteen «den svært viktige oppgaven Riksrevisjonen har for å sikre en god, ryddig og profesjonell offentlig sektor i Norge».

Riksrevisjonen kartla Stortinget sin bruk av rapportane i 2023. Denne analysen viste at stortingsrepresentantane i 2023 refererte til 45 undersøkingar frå Riksrevisjonen i arbeidet sitt. Dette kjem i tillegg til den ordinære behandlinga av undersøkingane. Dei 45 undersøkingane blei brukte i totalt 121 tilvisingar og fordelte seg på debattar, innstillingar, skriftlege spørsmål, representantforslag og spørjetimar.

Bidrag til forbetring av forvaltninga

Riksrevisjonen følgjer normalt opp undersøkingar to til tre år etter at Stortinget har behandla dei. Oppfølginga av tidlegare revisjonar viser at forvaltninga gjennomfører endringar og forbetringar i etterkant av revisjonane. I nokre tilfelle avsluttar Riksrevisjonen oppfølginga sjølv om det på tidspunktet for oppfølginga er for tidleg å vurdere om dei endringane som er sette i verk, vil føre til betre resultat. Dette kjem som hovudregel av at Riksrevisjonen vurderer forvaltninga si oppfølging av Stortingets og Riksrevisjonens merknader som tilfredsstillande.

I 2024 har Riksrevisjonen følgt opp 25 tidlegare saker. I 22 av sakene avslutta Riksrevisjonen oppfølginga, men dei resterande 3 sakene følgjast vidare.

Dei årlege brukarundersøkingane viser at forvaltninga opplever at revisjonane er relevante og nyttige, og at dei blir brukte til konkrete forbetringar. Tilbakemeldingane er gjennomgåande gode, og variasjonane er små frå år til år. Den opplevde nytta har lege stabilt høgt dei siste åra. Dette gjeld både for finansiell revisjon og for forvaltningsrevisjon. Undervegs i revisjonane rettleiar Riksrevisjonen departementa og verksemdene. Erfaringa er at rettleiinga er godt eigna til å bidra til læring, utvikling og retting av feil og manglar.

Nytte, truverd og relevans for allmenta

Undersøkingane er viktige bidrag i samfunnsdebatten, og media er den viktigaste kanalen Riksrevisjonen har for å formidle funn til innbyggjarane. I 2024 blei Riksrevisjonen omtalt rundt 5 500 gonger i media. Undersøkingane med flest omtalar i media:

  • Riksrevisjonen si undersøking av Helseplattforma i Midt-Noreg

  • Riksrevisjonen si undersøking av arbeidsretta bistand frå styresmaktene til unge utanfor arbeidslivet

  • Riksrevisjonen si undersøking av styresmaktene sitt arbeid med å redusere forseinkingar og innstillingar på jernbanen

1.3 Ny strategisk plan for Riksrevisjonen (2025–2027)

Ny strategisk plan skulle vore gjeldande frå 1. mai 2024, men blei vidareført ut 2024 i påvente av ei ny lov. Riksrevisjonens strategiske plan for 2025–2027 blei derfor vedtatt av kollegiet 17. desember 2024. Planen er omtala i kapittel 4 i årsmeldinga.

Samfunnsmandat

Riksrevisjonen skal bidra til den demokratiske kontrollen med at ressursane til staten blir forvalta forsvarleg og effektivt og i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.

Visjon

Revisjon til nytte for morgondagens samfunn

Strategisk hovudretning for perioden 2025–2027

Riksrevisjonen skal

  • spesialisere seg innan rekneskapsrevisjonen

  • utvikle ein meir variert portefølje av forvaltningsrevisjonar

  • bruke nye teknologiske moglegheiter

  • effektivisere arbeidsprosessar og organisering

  • hente ut økonomiske gevinstar og investere dei i kompetanse og teknologi

1.4 Internasjonalt engasjement

Riksrevisjonen har stor breidd i det internasjonale arbeidet.

Det internasjonale engasjementet er omtala i kapittel 5 i årsmeldinga. Riksrevisjonen er aktive medlemer i internasjonale fagorganisasjonar for riksrevisjonar, inngår partnarsamarbeid for å styrkje riksrevisjonar i svake demokrati, og deltek i revisjon av internasjonale organisasjonar.

I den strategiske planen for 2025–2027 er det ei konkret målsetjing om at Riksrevisjonen skal «bidra til utvikling av offentleg revisjon internasjonalt og gi hjelp til riksrevisjonar i land der vi kan bidra til auka kapasitet og sjølvstende». Under satsingsområdet «sikre kompetanse» blir det slege fast at Riksrevisjonen skal «samarbeide og dele erfaringar med andre riksrevisjonar, revisjonsmiljø og akademia for å utvikle morgondagens revisjon».

1.4.1 Utvikling av offentleg revisjon

Utviklinga av offentleg revisjon internasjonalt skjer hovudsakleg gjennom The International Organization of Supreme Audit Institutions (INTOSAI), som er den globale organisasjonen for riksrevisjonar. Organisasjonen utviklar standardar og eit felles internasjonalt rammeverk for offentleg revisjon, bidreg til kompetansedeling og arbeider for at riksrevisjonar skal vere uavhengige.

Samarbeid med dei nordiske riksrevisjonane er framleis ein prioritet.

1.4.1.1 Fagleg hjelp til partnarinstitusjonar i utviklingsland og nye demokrati

Felles internasjonale standardar for revisjon gir eit godt utgangspunkt for å støtte andre riksrevisjonar i arbeidet deira med å betre forvaltninga av fellesskapsressursane i landet. Dette støttar opp om norske utanriks- og utviklingspolitiske målsetjingar ved å bidra til utvikling av godt styresett og førebygging av korrupsjon.

I 2024 har Riksrevisjonen ført vidare det bilaterale institusjonelle samarbeidet med riksrevisjonane i Nord-Makedonia, Namibia, Uganda og Albania. Riksrevisjonen har bidrege til etablering og opplæring av einingar for IT-revisjon / IT-revisjonsteam i fleire riksrevisjonar i samarbeidsland. Desse teama har vore med på å kontrollere sentrale IT-system i forvaltninga og styrkje evna landa har til å avdekkje og førebyggje risikoar knytte til digitale styringssystem.

1.4.1.2 Spesielt satsingsområde i 2024: støtte til revisjon av IT-tryggleik på Balkan

Offentleg forvaltning blir digitalisert i raskt tempo over heile verda, og stadig fleire tenester og system er eksponerte for internett. Talet på cyberangrep har stige parallelt med digitaliseringa. For å verne data og offentlege tenester mot forstyrringar og eksponering må IT-revisorar forstå korleis tryggleiksbrot skjer, og korleis dei kan forhindrast. Internasjonalt opplever Riksrevisjonen stadig større etterspurnad etter auka kompetanse på IT-system og betre forståing av korleis dei påverkar tryggleiken og risikoar i ulike organisasjonar.

I 2024 brukte Riksrevisjonen 11,3 mill. kroner i bistandsmidlar til OECD-DAC, mot 11,8 mill. kroner i 2023. Beløpet omfattar kostnader til utviklingssamarbeidet, som direkte utgifter og løn til medarbeidarane som deltek.

Finansiering av bistanden inngår i Riksrevisjonen sitt budsjett utan øyremerking og må prioriterast innanfor den samla budsjettramma. Riksrevisjonen sin bistandsverksemd er noko redusert dei seinare åra. Dette kjem av ein kombinasjon av at det reelt er mindre midlar som er stilte til rådvelde, og at det har vore ei kostnadsutvikling for internasjonale reiser og opphald som langt har overgått inflasjonen innanlands.

Budsjettet til bistandsverksemda er lågt i forhold til det som blir rekna som nødvendig for å ha eit bistandsfagleg godt tilbod over tid. Særleg er det utfordrande at det per i dag ikkje er mogleg å finansiere stadlege rådgivarar i utlandet.

Stortinget har vedteke at det skal setjast ned «eit utval som skal sjå på finansieringa og organiseringa av Riksrevisjonen si deltaking i internasjonal bistandsverksemd, inkludert sekretariatsfunksjonen for INTOSAI Development Initiative (IDI).»

1.4.1.3 Revisjon av internasjonale organisasjonar

Riksrevisjonen ønskjer å medverke til større openheit og betre forvaltning i internasjonale organisasjonar der Noreg er medlem. Riksrevisjonen tek derfor på seg oppdrag som ekstern revisor for internasjonale organisasjonar og har medlemer på oppdrag i revisjonsstyra i somme organisasjonar. Oppdraga gir verdifull kompetanse. Riksrevisjonen har likevel i seinare år gjort ei medviten nedprioritering av internasjonale revisjonsoppdrag.

Riksrevisjonen har ein intensjonsavtale om samarbeid med EFTAs overvakingsorgan, EFTA Surveillance Authority (ESA). Avtalen blei inngått i 2020.

Rapport om arbeidet i INTOSAI Development Initiative (IDI)

INTOSAI Development Initiative (IDI) er eit globalt utviklingsorgan for riksrevisjonar i utviklingsland.

Uavhengige og effektive riksrevisjonar er ein berebjelke i arbeidet for å sikre velfungerande demokrati, nedkjempe korrupsjon og fremje god offentleg finansforvaltning og eit godt styresett. Riksrevisjonar arbeid bidreg òg direkte til delmål 16.6 av FN sine berekraftsmål: utvikle effektive, ansvarlege og opne institusjonar på alle nivå». Revisjon av bistandsmidlar (inkludert frå Noreg) er òg ein del av mandatet til dei fleste riksrevisjonane i IDI si målgruppe. Støtta til IDI bidreg dermed òg indirekte til å styrkje kontrollen med norske hjelpemidlar.

Ei ekstern evaluering av IDI viser at IDI har nådd måla sine i den strategiske planen 2019–2023 trass i den utfordrande geopolitiske situasjonen og dei mange problema riksrevisjonar globalt står overfor.

I 2024 heldt IDI fram med engasjementet for å støtte riksrevisjonar, spesielt i land der dei økonomiske utfordringane er store og korrupsjonen aukar på grunn av mellom anna krigar og intern uro. Meir enn 4 750 tilsette frå totalt 162 riksrevisjonar deltok i IDI sine kapasitetsbyggingsprogram og aktivitetar i 2024. Av desse var 1 870 tilsette frå 47 riksrevisjonar frå sårbare og veldig sårbare statar.

IDI har òg ei rekkje strategiske partnarar som IDI har drege stor nytte av i arbeidet sitt. Desse omfattar mellom anna Det internasjonale pengefondet (IMF), Verdsbanken, diverse FN-organ, Den interparlamentariske unionen (IPU), Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og dessutan norske og utanlandske universitet og fagmiljø.

At riksrevisjonane er uavhengige, er avgjerande for at dei skal kunne utføre arbeidet sitt effektivt og truverdig. Likevel viser IDI sin rapport om utviklinga, utfordringane og moglegheitene til riksrevisjonane, 2023 Global SAI Stocktaking Report, at tilbakegangen for demokratiet i mange land har gått ut over sjølvstendet til riksrevisjonane. Dette er ei alvorleg utvikling, og vi har no sett ti år med svekt sjølvstende for riksrevisjonar på eit globalt nivå.

I 2024 har IDI mellom anna støtta riksrevisjonane i Costa Rica, Polen, Kypros, Montenegro, São Tomé, Sierra Leone og Spania, der det har vore konkrete forsøk på å undergrave sjølvstendet deira. I tillegg har IDI gitt støtte til sivilsamfunn og det juridiske rammeverket for å styrkje sjølvstendet til riksrevisjonane i Malawi, Malta, Nigeria, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Salomonøyane og Zambia.

I tillegg til at riksrevisjonane er uavhengige, er det heilt sentralt at riksrevisjonar i utviklingsland utfører revisjonar på ein profesjonell måte i samsvar med dei internasjonale revisjonsstandardane for riksrevisjonar.

Samandrag

IDI er avhengig av finansiering frå givarar og dessutan store bidrag frå riksrevisjonar for å skaffe ressursar til kapasitetsutvikling. Dei totale utgiftene og den inntektsførte støtta på 129 mill. kroner for 2024 reflekterte at aktiviteten hadde auka med 17 pst. sidan 2023, noko som var i tråd med det reviderte budsjettet. Støtta til finansiering av IDI-programma kom frå givarar i tolv land og frå EU, den asiatiske utviklingsbanken (ADB) og medlemskontingentar frå INTOSAI. Utover finansieringa har IDI fått verdifull støtte til aktivitetar i form av tid som tilsette hovudsakleg frå riksrevisjonar har brukt på dei. Denne støtta utgjorde 3 767 dagsverk som er estimerte til ein verdi på 17 mill. kroner eller 13 pst. av IDI sine kostnader. IDI hadde ved årsskiftet 3,8 mill. kroner i frie reservar som ein buffer for å sikre kontinuitet i drifta.

Årsmeldinga gjer nærare greie for finansieringa av IDI og den økonomiske berekrafta.

Stortinget si løyving (gjennom Riksrevisjonen) til drifta av IDI -sekretariatet i 2024 utgjorde om lag 23 pst. av den inntektsførte støtte til IDI, samanlikna med 29 pst. i 2023 og 36 pst. i 2022. Ein vesentleg del av kostnadene for IDI-sekretariatet (hovudsakleg løns- og reisekostnader) handlar om konkrete programaktivitetar, medan ein mindre del dekkjer intern administrasjon. I 2024 blei tilskotet frå Riksrevisjonen i stor grad brukt til intern administrasjon, men òg til støtte av programaktivitetane. Driftstilskotet har vore ein føresetnad for at Riksrevisjonen har kunna ta på seg oppgåva med å vere vertskap for IDI.

Budsjettet for 2025 er på 154 mill. kroner og reflekterer mellom anna ein framleis vekst i etterspurnaden etter støtte frå IDI, styrking av organisasjonen for å dreie verksemda frå fysiske møte til virtuelle og dessutan ein forventa pris- og lønsvekst. Akkurat som i 2024 planlegg Riksrevisjonen at tilskotet i stor grad skal gå til å støtte drifta av sekretariatet, men det skal gå til støtte av programaktivitetane òg.

1.5 Framtidsutsikter

Riksrevisjonen har som visjon å vere til nytte for morgondagens samfunn. Noreg står overfor store utfordringar. Døme på dette er klimautfordringane, ei aldrande befolkning og det at inntekter frå oljeverksemda vil ha mindre å seie framover. Dette vil få konsekvensar for offentlege budsjett og stille nye og store krav til forvaltninga. Med dette som bakteppe skal Riksrevisjonen levere aktuelle og relevante revisjonar som bidreg til meirverdi for Stortinget, forvaltninga og innbyggjarane.

For å få til dette skal Riksrevisjonen prioritere undersøkingar på områda klima, samfunnstryggleik, forbetring, ressurstilgang og -bruk og dessutan varetaking av sårbare grupper.

I november 2024 arrangerte Riksrevisjonen Forbetringskonferansen for andre gong. Riksrevisjonen planlegg ein ny konferanse i november 2025.

Riksrevisjonen spelar ei viktig rolle for forbetring og omstilling av offentleg verksemd og har ein ambisjon om å styrkje dialogen med forvaltninga for å forstå eigenarten og behovet deira. Målet er å bidra til utvikling av forvaltninga, mellom anna ved å leggje meir vekt på rettleiing. Derfor kontrollen av forvaltninga balanserast med rettleiing og bidrag til forbetring av offentleg verksemd.

Samfunnsutviklinga krev mykje av Riksrevisjonen når det gjeld både kompetanse og måten Riksrevisjonen formidlar funna, konklusjonane og tilrådingane på. I åra som kjem, vil Riksrevisjonen derfor leggje vekt på å vidareutvikle kompetansen i organisasjonen og rekruttere ny kompetanse der det er nødvendig.

Den nye strategiske planen , «Inn i ei ny tid», blei vedteken mot slutten av 2024 og gjeld for perioden 2025–2027. Strategien skal hjelpe med å oppnå samfunnsoppdraget slik det er formulert i § 1 i riksrevisjonslova:

«Riksrevisjonen er Stortingets revisjons- og kontrollorgan, og skal bidra til den demokratiske kontrollen med at statens ressurser forvaltes forsvarlig og effektivt og i samsvar med Stortingets vedtak og forutsetninger.»

Hovudretninga i strategien er at Riksrevisjonen skal spesialisere seg innan rekneskapsrevisjonen, utvikle ein meir variert portefølje av forvaltningsrevisjonar, ta i bruk ny teknologi, effektivisere arbeidsprosessar og organisering og hente ut økonomiske gevinstar som skal investerast i kompetanse og teknologi. Gjennom ein eigen handlingsplan har Riksrevisjonen fastsett og prioritert tiltak som skal setjast i gang fram mot 2027 for å gjennomføre den strategiske planen.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø, fra Høyre, lederen Peter Frølich og Svein Harberg, fra Senterpartiet, Eivind Drivenes og Willfred Nordlund, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, fra Rødt, Seher Aydar, og fra Venstre, Naomi Ichihara Røkkum, viser til Dokument 2 (2024–2025) Riksrevisjonens årsrapport for 2024.

Riksrevisjonens oppdrag er gjennom revisjon, kontroll og rettledning å bidra til at statens inntekter blir innbetalt, og at midlene og verdiene staten rår over, blir forvaltet og brukt på en økonomisk forsvarlig måte.

Komiteen understreker den svært viktige oppgaven Riksrevisjonen har som Stortingets kontrollorgan for å sikre at Stortingets vedtak følges lojalt opp og at Norge har en god, ryddig og profesjonell offentlig sektor. Riksrevisjonen har en historie helt tilbake til Grunnloven i 1814 og dannelsen av det første kollegiet i 1816.

Komiteen mener Riksrevisjonen har utført sitt arbeid på en tillitvekkende og grundig måte, men understreker samtidig betydningen av at det arbeides kontinuerlig med å utvikle og modernisere arbeidsformer og organisering. Komiteen merker seg derfor som positivt at det foregår et målrettet utviklingsarbeid i organisasjonen for å sikre fortsatt høy kvalitet og økt effektivitet i arbeidet som gjøres.

Komiteen merker seg at Riksrevisjonen i 2024 har gjennomført 13 forvaltningsrevisjoner, fem revisjoner av disposisjoner og 235 årsregnskapsrevisjoner, selskapskontroll for 42 heleide statlige selskaper, 24 deleide aksjeselskaper, ett ansvarlig selskap med delt ansvar, seks allmennaksjeselskaper, åtte statsforetak, fire regionale helseforetak, 15 studentsamskipnader og seks særlovsselskaper, samt revisjon av statsregnskapet.

Komiteen mener Riksrevisjonen har utført sitt arbeid i tråd med Stortingets forventninger og på en måte som har gjort det mulig både for komiteen og Stortinget effektivt å ettergå regjeringens og forvaltningens oppfølging av de vedtak Stortinget har gjort.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til årsrapporten og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 2 (2024–2025) – Riksrevisjonens årsrapport for 2024 – vedlegges protokollen.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 27. mai 2025

Peter Frølich

leder og ordfører