Søk

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. «1. Stortinget ber regjeringa styrke den offentlege fødselsomsorga gjennom å fremme ein handlingsplan, som skal utarbeidast på bakgrunn av den nasjonale undersøkinga av erfaringane til brukarar av svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Handlingsplanen skal ha som mål å sikre tilliten til det offentlege føde- og barseltilbodet.

  2. 2. Stortinget ber regjeringa sikre at éin-til-éin-oppfølging av kvinner under aktiv fase av fødselen blir ei rettigheit alle fødande kvinner har, og sørge for ei bemanning av fødetilbod som legg til rette for dette.

  3. 3. Stortinget ber regjeringa gjennomføre ein opplysningskampanje i befolkninga om kvifor fødslar ikkje må planleggast utan helsepersonell til stades, og opplyse om risikoen ved uassisterte heimefødslar.

  4. 4. Stortinget ber regjeringa legge fram forslag om å endre lov om alternativ behandling ved sykdom mv. slik at det blir lovfesta at fødselshjelp ikkje skal kunne gis av andre enn autorisert helsepersonell, jordmor og lege.

  5. 5. Stortinget ber regjeringa sikre eit desentralisert fødetilbod og følgeteneste til sjukehus for fødande med meir enn éin times reiseveg, og legge fram sak for Stortinget på eigna måte.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.