1.2.3 Hovedmerknad fra Senterpartiet
Heile Noreg
Medlemene i komiteen frå
Senterpartiet arbeider for eit samfunn der ein har trygge
lokalsamfunn og tenester nær folk i heile Noreg. Det at vi har små skilnader
geografisk og sosialt, har over tid bidrege til høg tillit mellom
folk i Noreg, noko som igjen har bidrege til å gjere Noreg til eit
høgproduktivt land med stor velstand og tryggleik. Tillit er også
viktig for beredskapen i Noreg, at vi stiller opp for einannan og
fellesskapen i kvardag, krise og i ytste konsekvens krig. Høg tillit kjem
ikkje av seg sjølv, til dømes kan tilliten bli truga om ein ikkje
tek vare på dei felles verdiane det norske samfunnet er tufta på,
om avgjersler blir tekne for langt borte frå folk eller at politikk
ikkje blir utøvd med tilstrekkeleg syn for alle delar av landet.
Vi må samle oss om det vi har felles og styrkje fellesskapen i Noreg,
i bygd og by. Tilliten vi har i det norske samfunnet, er det viktig
og riktig å ta vare på og styrkje. Den norske velferdsmodellen må
utviklast, verdifellesskapet styrkjast, den private eigedomsretten
hegnast om, og folkestyret og blandingsøkonomien må løftast fram.
Desse medlemene strekar
under at perspektivmeldinga gjev eit viktig kunnskapsgrunnlag for
å diskutere strukturelle utviklingstrekk nasjonalt og internasjonalt,
økonomisk handlingsrom og politiske vegval som vi står overfor i
åra og tiåra vi har framfor oss. Men det gjev også høve til å reflektere
over dei verdiane vi har felles i Noreg, og det vi står saman om
som samfunn.
Desse medlemene vil
samstundes minne om at historia i stort og utviklinga dei siste
åra med stor kraft viser at det er krevjande eller umogleg å vete
noko sikkert om framtida. Til dømes er den tryggingspolitiske situasjonen
i dag ein heilt annan enn nokon kunne tru for berre få år sidan,
og Noreg sin økonomiske situasjon frametter er på mange måtar betre
fordi oljefondet har stige langt meir i verdi enn det ein trudde.
Det er difor viktig at ein er tydeleg på at perspektivmeldinga ikkje
er nokon fasit på kva framtida vil bringe, men at den er ei fagleg
forankra framskriving av utviklinga frametter gjeve den beste kunnskapen
ein har tilgjengeleg i dag. Desse medlemene viser
til at perspektivmeldinga er eit verktøy for styring av samfunnet
frametter, men at dette verktøyet må nyttast riktig og med klokskap.
Ein sterk nasjonalstat
er viktigare enn nokon gong
Desse medlemene viser
til at nasjonalstaten i dag er under press. Makt og ressursar blir
sentraliserte og blir flytta frå folkevalde organ til overstatlege
institusjonar og organisasjonar som EU, internasjonale finansinstitusjonar
og multinasjonale selskap. Ein har også dei siste åra sett ein aukande
tendens til rettsleggjering, der avgjersler som tidlegare vart tekne
av folket gjennom demokratiet, i staden blir tekne av domstolar.
Ei slik rettsleggjering kan vere ein trugsel mot folkestyret og
derigjennom tilliten som kjem av at alle i samfunnet får høve til
å vere med å påverke eige liv gjennom val.
Desse medlemene vil
minne om at nasjonalstaten er det sterkaste dei svake har, og at
nasjonalstaten er ein føresetnad for eit samfunn med små skilnader
og der alle innbyggjarar, høg og låg, blir høyrde.
Desse medlemene vil
vise til at det norske folket gjennom to folkerøystingar har sagt
nei til norsk medlemskap i Den europeiske unionen. Dette har vist seg
som eit klokt og framsynt val, som har tent Noreg godt. Desse medlemene vil vise til at den politiske og
økonomiske integrasjonen i EU undergrev folkestyret og fråtek medlemslanda
økonomisk og politisk handlefridom. Desse
medlemene vil vise til at Senterpartiet er sterk motstandar
av norsk medlemskap i EU og meiner ein medlemskap ville fått store
konsekvensar for norsk utanriks-, handels-, landbruks- og fiskeripolitikk,
energipolitikk og dessutan pengepolitikk.
Desse medlemene vil
vise til at stortingsfleirtalet gjennom dei seinare åra gjennom
EØS-avtalen har gitt stadig meir makt til EU på vitale område for
Noreg. Mellom anna er det norske Finanstilsynet underlagt EUs finanstilsynssystem
på viktige område. Gjennom tredje energimarknadspakke og Noregs
medlemskap i Acer er sentrale delar av norsk energi- og industripolitikk
lagd i EUs hender. Dette er ei utvikling som desse medlemene er
sterkt usamde i, og desse medlemene vil
vise til at Senterpartiet valde å gå ut av regjering fordi vi ikkje
kan vere med på å starte innføringa av fjerde energimarknadspakke
i Noreg. I staden har Senterpartiet fremja forslag i Stortinget
om at regjeringa skal setje i gang prosessen med å melde Noreg ut
av Acer som eitt av til saman 26 forslag for å sikre folk og næringsliv
i Noreg låge og stabile straumprisar.
Desse medlemene minner
om at EØS-avtalen ikkje berre inneber fri flyt av varer, tenester
og kapital, men også av arbeidskraft. Vi har i lang tid, og særleg
etter EU-utvidinga i 2004, erfart at konsekvensane av dette er stadig
dårlegare forhold for norske arbeidsfolk i stadig fleire bransjar.
Desse medlemene meiner
at nasjonal suverenitet og rettferdige og likeverdige handelsavtalar
er ein rettare veg enn dagens ordning, som trugar heilt grunnleggjande
eigenskapar ved og verdiar i det norske samfunnet, som velferdsstaten,
likskap, det organiserte arbeidslivet og gode arbeidsvilkår for
alle.
Desse medlemene vil
understreke at alle land skal ha rett og plikt til å produsere mat
til eiga befolkning. I dagens usikre globale tryggingssituasjon
bør ein arbeide for å auke sjølvforsyningsgrada og i tillegg styrkje
innsatsen for bevare matjord, som er ein knapp ressurs som kan bli
svært avgjerande i ein krisesituasjon. I tillegg bør arbeidet med
beredskapslager for korn halde fram.
Desse medlemene vil
vise til at Noreg har lang tradisjon for omfattande handel med andre
land og som aktiv deltakar i internasjonalt samarbeid. Spørsmålet
er ikkje om vi skal samarbeide med andre land, men kva samarbeid
som tener våre interesser. Desse medlemene vil
vise til at Senterpartiet ønskjer eit sterkt internasjonalt samarbeid
mellom sjølvstendige statar, basert på tanken om folkesuverenitet,
menneskerettar og folkeretten.
Fødselstala bør aukast
Desse medlemene viser
til at fødselstalet i Noreg var på berre 1,40 i 2023, ned frå 1,98
i 2009. For at innbyggjartalet skal halde seg stabilt over tid,
er det naudsynt med eit fødselstal på 2,1. Desse
medlemene viser til at det i perspektivmeldinga blir peikt
på at dei låge fødselstala vi har sett i Noreg dei seinare åra,
på lengre sikt vil føre til økonomiske ubalansar, auka forsørgjarbyrde
og mangel på arbeidskraft. Låge fødselstal er ei av dei største
samfunnsutfordringane vi ser for åra framover. Desse
medlemene vil peike på at låge fødselstall gjev særlege utfordringar
i distrikta, der gjennomsnittsalderen er høgare og befolkningsprognosane gjennomgåande
meir krevjande enn i meir sentrale delar av landet.
Grunnane til at fødselstala er låge, er samansette,
og det er inga enkeltforklåring som ligg til grunn for utviklinga.
Vi veit likevel at både kvinner og menn ynskjer seg fleire born
enn dei faktisk får. Dette inneber at samfunnet kan og bør leggje
betre til rette for barnefamiliar og at folk vel å få fleire born.
Det er såleis svært positivt at Senterpartiet og Arbeidarpartiet
i regjering fekk gjennomført ei rekke tiltak for å sikre at folk
får så mange born dei ynskjer seg. Blant tiltaka er lågare barnehagepris,
gratis kjernetid i SFO, auka barnetrygd, betre tilgang til lån for
familiar med mange born, styrking av foreldrepermisjonen mv. Barnehageprisen
er redusert til 2 000 kroner per månad i heile landet. I dei mest spredtbygde
distriktskommunane er prisen halvert til 1 500 kroner per månad.
Dette gjer det lettare for familiar å kombinere arbeid og familieliv,
og bidreg til å sikre at alle barn får tilgang til gode oppvekstvilkår.
Til saman har regjeringa brukt heile 18,5 mrd. kroner på slike tiltak
i laupet av de 3,5 åra Senterpartiet var del av regjeringa. Dette
er ei svært kraftfull satsing, men også ei heilt naudsynt satsing.
Eit samfunn med små
skilnader
Desse medlemene vil
streke under at gode tenester nær folk gjev tryggleik og føreseielegheit
i kvardagen. Alle bør få gode tenester i nærmiljøet. Oppvekst- og
utdanningstilbod, helse- og omsorgstenester og politi og brannvesen
skal vere godt utbygd over heile landet. God beredskap krev lokal
forankring. Oversiktlege samfunn der alle tek vare på kvarandre
og har gode levekår, er etter desse medlemene si
meining den beste beredskapen.
Desse medlemene meiner
det er eit grunnleggjande trekk ved det Noreg vi ønskjer å ta vare
på, at det finst folk, aktivitet og busetjing over heile landet.
Det mangfaldige Noreg med små grender og tettstader, større og mindre
byar, gjev folk høvet til sjølv å velje den ramma om sine liv som
gir størst glede og livskvalitet for den enkelte. For at dette skal
vere mogleg, er det likevel ein føresetnad at fellesskapet stiller
opp med grunnleggjande velferdstenester som vi alle er avhengige
av, slik som helsehjelp, utdanning og beredskapstenester.
Desse medlemene understrekar
at Senterpartiet ønskjer eit samfunn med likeverdige tenester over heile
Noreg. Desse medlemene meiner det er
viktig at grunnleggjande kvalitetar ved Noreg blir tekne vare på
og vidareutvikla for framtida. Perspektivmeldinga viser til viktige
utviklingstrekk både nasjonalt og internasjonalt, peikar på krevjande
utfordringar, men også moglegheiter. Det er eit viktig dokument,
som gjer tydeleg sentrale vegval for landet vårt. Det er likevel
viktig at ein ikkje stirer seg blind på usikre prognosar i meldinga og
dermed gløymer at vi kan styre den utviklinga som kjem. Det er og
kan ikkje vere slik at det berre skal vere utviklinga – eller den
forventa utviklinga – som skal styre oss. Det er det som er politikk
– å seie noko om kva Noreg vi vil ha.
Desse medlemene og
Senterpartiet er tydeleg på dette: Senterpartiet vil ha eit Noreg
med små forskjellar, høg tillit mellom folk, gode vilkår for arbeidstakarar
og næringsdrivande, betre samferdsel, sterk norsk matproduksjon,
eit sterkt forsvar og gode tenester nær folk i heile landet. Senterpartiet
vil ha eit Noreg i framtida som skal vere kjenneleg, og som skal
ha mange av dei gode kvalitetane dagens Noreg har. Det er viktig
at vi stiller oss slik at Noreg også i framtida er eitt av dei beste landa
i verda å bu i.
Desse medlemene viser
til at Senterpartiet fleire gonger har fremja forslag for betre
infrastruktur, kollektivtransport og kommunikasjonsmiddel i mindre sentrale
strøk for å redusere avstandsulemper og knyte Noreg tettare saman
gjennom effektiv person- og varetransport.
Desse medlemene strekar
under at Senterpartiet gjennom dei siste tre åra i regjering har
fått sett i verk fleire tiltak for å styrke heile Noreg. Eitt av
tiltaka er innføringa av ei ny gjeldssletteordning for yrkesaktive
i distriktskommunar. Frå 2026 vil dei som bur i dei minst sentrale
distriktskommunane, kunne få sletta opp til 25 000 kroner årleg
av studiegjelda, medan dei som bur i tiltakssona, kan få sletta
opp til 60 000 kroner årleg. Dette tiltaket er meint å gjere det
meir attraktivt for kompetent arbeidskraft å busette seg i distrikta
og bidra til å oppretthalde gode velferdstilbod.
Eit anna viktig tiltak er reduksjonen av barnehageprisar
i heile landet, med særleg fokus på kommunar i sentralitetsklasse
5 og 6. I tiltakssona, som omfattar Finnmark og Nord-Troms, er barnehage
no gratis for alle. Dette gjer det lettare for familiar å bu og
arbeide i distrikta og bidreg til å sikre likeverdige oppvekstvilkår
for barn uavhengig av bustad. I tillegg har regjeringa halvert ferjetakstane
og innført gratis ferje for samband med låg trafikk, noko som gjer
det enklare og billigare å reise i heile Noreg. Samstundes er billettprisane
på kortbanenettet halverte.
Desse medlemene viser
også til at Senterpartiet har arbeidd for å sikre betre tilgang
til offentlege tenester i distrikta. I regjeringssamarbeidet med
Arbeidarpartiet har ein oppretta nye polititjenestestader i heile landet.
Vidare har partiet jobba for å sikre at alle barn har ein skule
nær seg ved å gi kommunane økonomisk støtte til å drive skolar i
barnas nærmiljø. Desse tiltaka viser Senterpartiets engasjement
for å utvikle heile Noreg og sikre gode levekår i heile Noreg. Senterpartiet
har også fått gjennomslag for nye og betre kapitaldekningskrav for
sparebanksektoren, som gjev høve til meir finansiering av folk og
næringsliv i heile Noreg.
Oljenæringa er Noregs
viktigaste økonomiske næring
Desse medlemene strekar
under at oljenæringa er Noregs viktigaste økonomiske næring. Ho
har vore ein hjørnestein i norsk økonomi sidan 1970-talet og bidreg
med store inntekter til staten. I 2022 var den samla netto kontantstraumen
frå petroleumsverksemda på heile 933 mrd. kroner. Dette er ein betydeleg
auke frå tidlegare år, mykje grunna høgare olje- og gassprisar. Inntektene
frå olje- og gassverksemda utgjer ein stor del av statens inntekter
og er avgjerande for finansieringa av velferdsstaten.
Oljenæringa sysselset også mange menneske og skapar
ringverknader i andre delar av økonomien. Investeringar i teknologi
og infrastruktur knytte til olje- og gassutvinning har ført til
utvikling av avansert teknologi som også kan nyttast i andre sektorar.
Sjølv om det er eit aukande fokus på fornybar energi, vil olje-
og gassverksemda framleis vere ein svært viktig del av norsk økonomi
i mange år framover. Dette gjer at Noreg kan oppretthalde ein høg
levestandard og sikre økonomisk stabilitet.
Arbeid er eit gode
Desse medlemene peiker
på at det i dag er altfor mange som står utanfor arbeidslivet. Dette
har store kostnader for oss som fellesskap, men også for den enkelte.
Gjennom arbeid kan ein oppleve meistring, fellesskap og utvikle
eigne ferdigheiter og kompetanse. Det er avgjerande for finansiering
av fellesskapet og beredskapen at flest mogleg deltek i arbeidslivet.
Desse medlemene vil
som tidlegare nemnt påpeike at med dagens utvikling i fødselstal
i Noreg vil store område av Noreg kunne oppleve forsterka nedgang
i folketal i åra framover.
Desse medlemene vil
vise til at det ifølgje meldinga er venta at veksten i befolkninga
i arbeidsdyktig alder i åra fram mot 2030 vil bli langt svakare
enn før, og i perioden 2030–2060 er veksten i denne aldersgruppa venta
å stoppe heilt opp. Auken i kvinners sysselsetjing har også flata
ut. I motsett retning peikar meldinga på som positivt at betre helse
og høgare utdanning blant eldre bidreg til at eldre står stadig
lenger i arbeid. I sum har likevel talet på sysselsette nordmenn
gått ned det siste tiåret.
Desse medlemene vil
påpeike at det trengst nye strategiar for å auke arbeidsinnsatsen
i Noreg framover. Sjølv om andelen av eldre i befolkninga aukar,
så er det framleis ein stor – og aukande – del av befolkninga i
arbeidsfør alder som står utanfor arbeidslivet, nokon i kortare
periodar, andre permanent. Sjølv om mange av dei som står utanfor
arbeidslivet, er sjuke eller slit med helserelaterte utfordringar,
så er det eit stort potensial for å inkludere fleire i arbeidslivet.
Ei særskild utfordring er at yrkesdeltakinga hjå innvandrarar er
langt lågare enn hjå resten av befolkninga, og at innvandrarar som
er i jobb, ofte jobbar få timar. Desse medlemene er opptekne
av å sikre at yrkesdeltakinga må auke også hjå desse gruppene. Tilflyttinga
og innvandringa til Noreg må avgrensast og kan ikkje vere høgre
enn at ein kan sikre god integrering.
Desse medlemene viser
til at Noreg har ein høg andel på ulike helserelaterte trygdeytingar,
ein del som meldinga dokumenterer er aukande. Medan talet på mottakarar
av uføretrygd, arbeidsavklaringspengar og sjukepengar utgjorde om
lag 13 pst. av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år på midten av
1990-talet, var tilsvarande del om lag 17 pst. i 2019. Det er svært
få som vender tilbake til arbeidslivet når dei først har fått innvilga uføretrygd.
Av dei som slutta å få uføretrygd i 2019, gjekk om lag 75 pst. over
til alderspensjon og berre i overkant av 3 pst. over i jobb. Andelen
som går ut av uføretrygd og over i arbeid, er låg samanlikna med
andre europeiske land.
Desse medlemene vil
understreke at arbeidslivet må gi ordna forhold og ha plass til
alle med heil eller delvis arbeidsevne. Desse
medlemene støttar tiltak som gjer det lettare å kombinere
arbeid med pensjon og andre velferdsytingar. Det er spesielt viktig
å satse på lønnstilskot til bedrifter som tilset folk med delvis
arbeidsevne. For mange er trygg arbeidsplass i skjerma verksemd
det beste, og slike tiltaksplassar er å vurdere som arbeid.
Desse medlemene påpeikar
at EØS-avtalen hindrar Stortingets høve til å styre arbeidsmarknaden
i stort. Ukontrollert innvandring frå EØS-området utanfor Norden
gir auka press på norske lønns- og arbeidsvilkår og fører til at
stadig fleire norske arbeidarar opplever større uvisse for sine
lønns- og arbeidsvilkår. Taparane er ofte arbeidstakarane som har
manglande formelle kvalifikasjonar og låg fagorganisering. Norsk
ungdom og menneske med delvis arbeidsevne stiller svakare og svakare
i kampen om arbeidsplassane.
Desse medlemene vil
vise til at det ikkje er mogleg å oppnå full sysselsetjing og eit
velorganisert arbeidsliv samtidig som ein har ei ukontrollert arbeidsinnvandring.
Derfor er Senterpartiet den største pådrivaren for at Noreg må få
kontroll på arbeidsinnvandringa frå EØS-området. Desse
medlemene meiner arbeidsinnvandringa må regulerast slik at
næringslivet får tilgang på kompetanse som ikkje finst i Noreg,
samtidig som den norske arbeidslivsmodellen blir verna mot ukontrollert
arbeidsinnvandring. Desse medlemene vil
vidare vise til at Senterpartiet ønskjer å ta i bruk tryggingsklausulen
i EØS-avtalen (artikkel 112) når ukontrollert arbeidskraftinnvandring
frå EØS-området truar den norske arbeidsmarknaden.
Desse medlemene vil
vise til at den ukontrollerte arbeidsinnvandringa rammer både personar
som har innvandra til Noreg på permanent basis, folk som har falle
ut av skulen og folk med ulike helseproblem. Det gir naturleg nok
svakare og dårlegare rekruttering i ei rekkje yrke frå ungdom som
ønskjer å ta slik fagutdanning. Inntektsforskjellane i arbeidslivet
aukar, og etterspurnaden etter folk med berre delvis arbeidsevne kjem
på eit lågmål. Med det blir stadig fleire av dei som har svak tilknyting
til arbeidslivet, avhengig av ytingar over Nav.
Desse medlemene påpeikar
at dette også har viktige implikasjonar for produktivitet og innovasjon
i fleire næringar. Desse medlemene meiner
at det er viktig å leggje til rette for størst mogleg grad av faste
stillingar. Mellombelse arbeidsforhold speler negativt inn på involvering
og engasjement blant arbeidarar, og dermed også på innovasjon. Involvering
av medarbeidarar vil generere fleire idear i bedrifta, det vil seie
fleire idear kjem fram som følgje av auka engasjement blant medarbeidarane.
Ved faste tilsetjingar har arbeidsgivar større insentiv til å investere
i utvikling og kompetanse for arbeidstakarane sine, då dette vil
komme arbeidsgivar til gode seinare. Dette insentivet stansar eller
blir svekt kraftig ved innleige og midlertidigheit.
Desse medlemene påpeikar
at høg organisasjonsgrad er eit definerande trekk ved den norske
arbeidslivsmodellen, og ser med uro på at organisasjonsgrada gjennom
fleire år har vore fallande, særleg i privat sektor.
Desse medlemene vil
understreke at det er fleire store utfordringar knytte til høg arbeidsinnvandring, som
lågare produktivitetsutvikling, lågare lønnsvekst og lågare status
innanfor fleire tradisjonelle handverksyrke. Det overordna omsynet
er å vareta den norske arbeidsmarknaden og vårt eige behov for sysselsetjing. Vårt
viktigaste verkemiddel er fagorganisering, trepartssamarbeid og
kontrollert arbeidsinnvandring for å sørgje for at norske lønns-
og arbeidsvilkår gjeld i Noreg.
Folk skal få det betre
Desse medlemene er
opptekne av at folk i Noreg skal få det betre. Oljepengane skal
nyttast for å gjere at folk i Noreg kan ha betre liv, ha tryggleik
og velstand. Klimatiltak må innrettast slik at dei ikkje slår urettferdig ut
eller påverkar folk si velferd i stort.
Desse medlemene viser
til at Senterpartiet gjennom si tid i regjering innførte fleire
tiltak for å betre økonomien til folk flest. Eit av dei mest merkbare
tiltaka er straumstøtteordninga. I tillegg har regjeringa redusert
elavgifta, noko som har bidratt til å senke straumkostnadene ytterlegare.
Desse tiltaka har vore avgjerande, men er ikkje nok, og Senterpartiet
har etter at ein gjekk ut av regjering, føreslått 26 tiltak for
å sikre folk låge og stabile straumprisar. Desse
medlemene er opptekne av at det er bra at forbrukarane blir
kompenserte når straumprisane er høge, men at den endelege løysinga
ligg i å gjere systemgrep som sikrar at prisane er låge og stabile
for alle.
Desse medlemene vil
trekke fram eit anna viktig tiltak som Senterpartiet fekk til i
regjering, nemleg reduksjonen i inntektsskatten. Regjeringa har
redusert inntektsskatten for personar med låge og middels inntekter,
noko som har gitt ein samla skattelette på 10 mrd. kroner. Dette
har ført til at folk har fått meir pengar til å dekke daglege utgifter
og betre økonomisk tryggleik. I tillegg har regjeringa auka personfrådraget og
redusert trygdeavgifta, noko som har gjort det meir lønsamt å arbeide.
Senterpartiet har også fått gjennomslag for
å redusere moms på vatn og avløp frå 25 til 15 pst. Dette tiltaket
har ført til lågare kommunale avgifter og har bidratt til å redusere
levekostnadene for hushaldningar over heile landet. Samla sett har
desse tiltaka frå Senterpartiet i regjering vore viktige for å gi
folk betre råd og sikre økonomisk stabilitet i kvardagen.
Desse medlemene vil
streke under at politikkens fremste oppgåve er å gjere livet til
folk betre.