Sammendrag

Kultur- og likestillingsdepartementet føreslår i proposisjonen endringar i lov 29. juni 2007 nr. 89 om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova).

Departementet peikar på at kulturlova har vore ei prinsipielt viktig understreking av at styresmakter på alle forvaltningsnivå har eit ansvar for å leggje positivt til rette for ei breidd av kulturverksemd. I ettertid tyder likevel erfaringane på at lova ikkje fullt ut har fungert etter føresetnadene. I Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft – kulturpolitikk for framtida la departementet til grunn at «[u]lempa er at lova i liten grad fungerer som eit styringsverktøy og derfor har liten innverknad på politikkutforminga lokalt og regionalt». Departementet varsla derfor ein gjennomgang av lova «med sikte på at ho skal vere eit styringsverktøy for oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa og reflektere nasjonale mål for kulturpolitikken».

Departementet viser til Ytringsfridomskommisjonen (NOU 2022:9 En åpen og opplyst offentlig samtale – Ytringsfrihetskommisjonens utredning), som tilrådde at «infrastrukturkravet» blir forankra i kulturlova, og understreka kor viktig det er med ein godt utbygd og breitt tilgjengeleg infrastruktur for kunst og kultur. Vidare viste kommisjonen til at prinsippet om armlengds avstand skal sikre at kunsten er fri frå politisk styring, og foreslo at dette prinsippet òg blir lovfesta.

I proposisjonen føreslår departementet lovendringar på tre punkt.

Det blir føreslått å forankre ansvaret styresmaktene har på kulturfeltet i «infrastrukturkravet», jf. Grunnlova § 100 sjette leddet. Det vil seie plikta styresmaktene har til å «leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Føresegna er ei politisk programerklæring, som i seg sjølv ikkje utløyser juridiske rettar eller plikter. Føremålet er å tydeleggjere at offentleg politikk og offentlege verkemiddel på kulturfeltet er sentrale i innsatsen for å leggje til rette for ytringsfridom i samfunnet.

Vidare føreslår departementet ei todelt lovfesting av prinsippet om armlengds avstand («armlengdsprinsippet») på kulturfeltet. Forslaget inneber for det første ei føresegn i føremålsparagrafen. For det andre føreslår departementet ein meir konkret rettsregel for tilfelle der avgjerder heilt eller i hovudsak blir fatta på bakgrunn av kunstnarleg eller kulturfagleg skjønn. Innanfor fastsette økonomiske og juridiske rammer og overordna mål skal slike avgjerder treffast uavhengig av politiske styresmakter og av personar med relevant fagkompetanse. Føremålet er å leggje til rette for ytringsfridom ved å lovfeste prinsipp for avveginga mellom politisk styring og kunstnarleg og kulturfagleg autonomi. Departementet føreslår ikkje konkrete reglar om sanksjonar eller andre rettslege konsekvensar av brot. I praksis vil regelen derfor hovudsakeleg ha ein normativ funksjon.

Det blir endeleg føreslått ei føresegn om fylkeskommunal og kommunal planlegging på kulturfeltet. Føresegna vil påleggje fylkeskommunar og kommunar å utarbeide ei skriftleg oversikt over status og utviklingsbehov på kulturfeltet. Oversikta skal liggje som grunnlag for planarbeidet. Vidare vil føresegna påleggje fylkeskommunar og kommunar å fastsetje overordna mål og strategiar for kulturfeltet. Måla og strategiane skal vere eigna til å møte dei utfordringane som er identifiserte. Kravet vil kunne oppfyllast gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen. Føremålet er å sikre at fylkeskommunar og kommunar tar det ansvaret dei har for å «fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd» (jf. § 1).

Departementet sendte 30. mars 2023 eit utkast til endringar i kulturlova på høyring. Dei fleste høyringsinstansane, både frå kommunal sektor og kultursektoren, støtta forslaga i høyringsnotatet.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.