Et utkast til denne innstillingen er forelagt
utenriks- og forsvarskomiteen, som uttaler følgende:
«Utenriks- og forsvarskomiteen viser
til næringskomiteens utkast til innstilling vedrørende Prop. 35
S (2024–2025) Samtykke til ratifikasjon av avtale om handel og økonomisk
partnerskap mellom EFTA-statene og India av 10. mars 2024.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti meiner at det trengst større samsvar mellom
norsk utviklingspolitikk, beredskapspolitikk og handelspolitikk
og meiner at avtala mellom EFTA og India i større grad enn tidlegare
frihandelsavtaler ivaretar dette.
Desse medlemene merkar seg at avtala ikkje inneheld
TRIPS pluss-element. Det manglande TRIPS pluss-elementet tener som
døme på at det er ein utviklingspolitisk fordel å stå utanfor EU.
Desse medlemene merkar seg også at avtala ikkje pålegg India å slutte
seg til UPOV. Dette er ei positiv utvikling og bør reflekterast
i andre nye EFTA-avtaler.
Desse medlemene merkar seg at avtala opnar for langt
meir samhandel på teneste- og investeringsområdet. India er ein
stor og potensielt sett viktig marknad for norske bedrifter. I denne
samanhengen er det viktig å peika på at det er mogleg å auke norske
investeringar og tenestehandel på ein måte som medverkar til lokal utvikling
gjennom teknologisk overføring, bruk av lokalt tilsette og underleverandørar
og heimfall. Desse medlemene merkar seg at avtala ikkje avgrensar
India til å stille slike krav. Dette er ei positiv utvikling av
norsk handelspolitikk.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet
merker seg at denne avtalen ikke hadde vært mulig å inngå dersom
Norge var medlemmer av EU. At norsk næringsliv nå får bedre muligheter
for eksport og investeringer i India viser fordelen ved å stå utenfor
EUs tollunion. Det føyer seg inn i en rekke av handelsavtaler som
sikrer norsk næringsliv bedre vilkår enn deres konkurrenter fra
EU, som Thailand, Indonesia og Filippinene.
Medlemen i komiteen frå Sosialistisk
Venstreparti viser til at Noreg og India har delvis samanfallande
interesser når det kjem til retten til å subsidiere lokal matproduksjon
og lagre mat for beredskap. Likevel er dette ikkje nemnt i avtala,
til trass for at dette er eit av dei store stridstemaa i multilaterale
handelsforhandlingar. Denne medlemen merkar seg at avtala legg avgrensingar
på kvoter som verkemiddel for å avgrense import og eksport av matvarer.
Sidan det ikkje ligg føre noka konsekvensutgreiing er det vanskeleg
å vite kva komplikasjonar dette kan ha for norsk og indisk mattryggleik
og beredskap.
Utenriks- og forsvarskomiteens øvrige
medlemmer viser til sine respektive partiers merknader i næringskomiteens
utkast til innstilling til Prop. 35 S (2024–2025) og har ingen ytterligere
merknader.»