I proposisjonen vert det fremja forslag om endringar
av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid
og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda,
programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda samt enkelte av inntektene for
2024.
Dei reviderte overslaga for folketrygda sine
utgifter og inntekter i 2024 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap
per 30. september 2024.
Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane under
utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med
2 590 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale
formål, folketrygda med 3 990 mill. kroner og å auke løyvingane
under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 765 mill. kroner.
Samla vert det foreslått at løyvingane under utgiftskapitla blir
auka med 2 165 mill. kroner.
Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane
for inntekter under inntektskapitla med 150 mill. kroner.
I tillegg omhandlar innstillinga forslag til
endringar i statsbudsjettet 2024 under:
-
Energidepartementet,
kap. 1860 og 4860, jf. Prop. 17 S (2024–2025),
-
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet,
kap. 1565, 4565 og 5607, jf. Prop. 21 S (2024–2025).