Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innledning

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet legg i proposisjonen fram tilråding om lønsregulering for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje er dekte av hovudtariffavtalane og forslag til endringar i statsbudsjettet for 2024.

I punkt 2 i proposisjonen blir det gjeve ein omtale av lønsforhandlingane i det statlege tariffområdet 2024, i punkt 2.1 nærare om lønsforhandlingane med temaa forhandlingane, den økonomiske ramma og forhandlingsstader og i punkt 2.2 om lønsregulering m.m. for dei embetsmenn og statstilsette som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

I punkt 3 i proposisjonen blir det gjeve ein omtale av endringar på statsbudsjettet for 2024. Dette gjeld kap. 1560 Tariffavtalte avsetningar, post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde, kan overførast.

Det blir vist til proposisjonen for nærare omtale.

Dokumenta i saka er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.