Post 50 Tilskudd
Departementet foreslår å redusere løyvinga på
kap. 480 post 50 med 15,5 mill. kroner.
For sjølve svalbardbudsjettet foreslår departementet
følgjande:
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0003,
post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre, med 15,0 mill. kroner,
til støtte for å halde oppe flyfraktkapasitet mellom Svalbard og
fastlandet. Den auka løyvinga blir foreslått som eit ekstraordinært
omstillingstilskot for å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kan
skaffe nødvendig flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane
har komme fram til ei langsiktig løysing. Ein skal kunne tilby kapasitet
til alle aktørar som treng denne typen flyfrakt på marknadsmessige
vilkår, svarande til kjøp av same kapasitet frå kommersielle rutefly.
Dersom meirutgiftene til frakten blir lågare enn tilskotet, skal Longyearbyen
lokalstyre betale tilbake overskytande tilskot.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0003,
post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre med 200 000 kroner
som følgje av overføring frå Helse- og omsorgsdepartementet sitt
kap. 710 til vaksinasjon mot covid-19. Løyvinga skal dekke oppfriskingsdose
til befolkninga 65 år og eldre, og risikogrupper.
Departementet foreslår å auke kap. 0022 Skattekontoret
Svalbard, post 1 Driftsutgifter med 270 000 kroner, mot tilsvarande
auke på kap. 3022 post 1 Diverse inntekter. Dei auka inntektene
skuldast at ein har inngått avtale med Sysselmeisteren om arbeid
med refusjon av miljøavgift for fastbuande.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3030,
post 70 Skatter m.m., med 30,0 mill. kroner som følgje av høgare
rekna skatteinntekter for 2024. Departementet foreslår å auke løyvinga
på kap. 3030 post 71 Utførselsavgift med 700 000 kroner, som følgje
av høgare rekna utførselsavgift for 2024. Tilskotet til svalbardbudsjettet
blir redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.