Søk

Innledning

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2024.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskudd

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 480 post 50 med 15,5 mill. kroner.

For sjølve svalbardbudsjettet foreslår departementet følgjande:

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0003, post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre, med 15,0 mill. kroner, til støtte for å halde oppe flyfraktkapasitet mellom Svalbard og fastlandet. Den auka løyvinga blir foreslått som eit ekstraordinært omstillingstilskot for å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kan skaffe nødvendig flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane har komme fram til ei langsiktig løysing. Ein skal kunne tilby kapasitet til alle aktørar som treng denne typen flyfrakt på marknadsmessige vilkår, svarande til kjøp av same kapasitet frå kommersielle rutefly. Dersom meirutgiftene til frakten blir lågare enn tilskotet, skal Longyearbyen lokalstyre betale tilbake overskytande tilskot.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 0003, post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre med 200 000 kroner som følgje av overføring frå Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 710 til vaksinasjon mot covid-19. Løyvinga skal dekke oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre, og risikogrupper.

Departementet foreslår å auke kap. 0022 Skattekontoret Svalbard, post 1 Driftsutgifter med 270 000 kroner, mot tilsvarande auke på kap. 3022 post 1 Diverse inntekter. Dei auka inntektene skuldast at ein har inngått avtale med Sysselmeisteren om arbeid med refusjon av miljøavgift for fastbuande.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3030, post 70 Skatter m.m., med 30,0 mill. kroner som følgje av høgare rekna skatteinntekter for 2024. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3030 post 71 Utførselsavgift med 700 000 kroner, som følgje av høgare rekna utførselsavgift for 2024. Tilskotet til svalbardbudsjettet blir redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.

Kap. 481 Samfunnet Jan Mayen

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten blir foreslått auka med 745 000 kroner som følgje av eit anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen til Finansdepartementet.