Søk

Sammendrag

Det blir i meldinga vist til at Datatilsynet og Personvernnemnda er uavhengige forvaltningsorgan som ikkje kan instruerast om behandlinga av einskildsaker eller den faglege verksemda elles. Kvart år sender dei sin årsrapport til departementet, som legg rapportane fram for Stortinget. Rapportane for 2023 er vedlagde meldinga.

I punkt 1 i meldinga går merknader frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til årsrapporten til Datatilsynet for 2023 fram. I meldinga blir det vist til at dei prioriteringane Datatilsynet har gjort i 2023, er baserte på følgjande tre delmål frå strategi til tilsynet:

  • Personvern for barn og unge

  • Internasjonalt arbeid

  • Den regulatoriske sandkassen

Som prioritert verkemiddel har Datatilsynet i rapporteringsåret særleg arbeidd med saksbehandling og kontroll. Tilsynsverksemda har vore høgare prioritert i 2023 enn i dei førre åra. I tillegg har tilsynet prioritert omfattande dialog med verksemder i offentleg og privat sektor, mellom anna gjennom innspelsmøte med om lag 160 verksemder.

I punkt 1.1 i meldinga blir det gjort ein omtale av organisasjon og budsjett og i punkt 1.2 om saksbehandling, mellom anna om auke og kompleksiteten i saksmengda og vidare om avviksmeldingar, vedtak, sanksjonar, tilsyn, krav om dokumentinnsyn, kommunikasjonsverksemd, regulatorisk sandkasse for personvernfagleg innovasjon og digitalisering, og internasjonal verksemd. Til slutt i punktet går vurderingane til departementet fram. Vidare blir det gjort ein omtale av styring og kontroll i verksemda i punkt 1.3 og av framtidsutsikter i punkt 1.4.

I punkt 2 i meldinga går merknader frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til årsrapporten til Personvernnemnda for 2023 fram. Det blir gjort ein omtale av organisasjon og budsjett, om saksbehandlinga og auke i saksmengda og kompleksiteten, omtale av fleire store saker, og om framtidsutsikter. Til slutt i punktet går vurderingane til departementet fram.

Sjå meldinga for nærare omtale.

Dokumenta i saken er tilgjengelege på sakssida på stortinget.no.