Medlemene i komiteen frå
Arbeidarpartiet, Ragnhild Male Hartviksen, Odd Harald Hovland og
Hadia Tajik, frå Høgre, Aase Marthe J. Horrigmo og Mari Holm Lønseth,
frå Senterpartiet, Sandra Borch og Else Marie Rødby, frå Framstegspartiet, Tor
André Johnsen og leiaren Helge André Njåstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Andreas
Sjalg Unneland, og frå Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik,
merkar seg at ein i våpenlova foreslår eit nytt andre ledd i § 38
som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte
avgjerder i saker etter våpenlova, og at endringsforslaget vil gje
politiet høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming
åleine, utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka
resultatet. Komiteen registrerer at
det i samanheng med dette vert foreslått ei tilføying i § 41 nr.
32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk av
automatiserte avgjerder.
Komiteen merkar
seg vidare at det vert foreslått ei endring i § 37 for å gje heimel
for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i
medhald av lova. Komiteen registrerer
at endringsforslaget vil gje politiet høve til å krevje gebyr sjølv
om søknaden vert avslått, og at lovforslaget legg opp til at departementet gjev
nærare føresegner om gebyret i forskrift.
Komiteen merkar
seg at politiet i hovudinstruksen for etaten er gjeve pålegg om
å nytte teknologi som hever kvaliteten og effektiviserer arbeidsprosessane, mellom
anna i form av digitale publikumsløysingar.
Komiteen registrerer
at Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei ny digital
våpenforvalting med føremål om å utvikle ei betre og meir effektiv
våpenforvalting som skal møte publikum sine behov, og at digitalisering
av verksemda er framheva som ei prioritert oppgåve også i tildelingsbrevet
til politiet for 2024.
Komiteen merkar
seg at søknader som tidlegare vart handsama manuelt, i aukande grad
vert handsama maskinelt. Komiteen merkar
seg vidare at heilautomatisert handsaming i eigna saker vil gje
ei endå meir effektiv søknadshandsaming og oppgåveløysing i våpenforvaltinga.
Komiteen registrerer
at det er lagt til grunn at våpenforvaltinga skal vere gebyrfinansiert,
og at gebyret skal svare til kostnadene, men at det ikkje er tilfellet
i dag, og at ein stor del av kostnadene som våpenforvaltinga har,
går med til å handsame søknader om løyve eller godkjenningar som
vert avslått, og til å utføre kontroll som krevst etter våpenlova
for at løyve som er utferda, skal kunne behaldast.
Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meiner at automatisert
sakshandsaming vil vere eit viktig verktøy for å effektivisere våpenforvaltinga
og gje publikum betre tenester. Fleirtalet legg
til grunn at manuell handsaming berre vil vere naudsynt for avgjerder
som ikkje kan takast med automatisert handsaming, og for avgjerder
som vert klaga på etter avslag eller når den som avgjerda rettar
seg mot, krev det.
Fleirtalet meiner
at heilautomatiserte avgjerder vil kunne fremje likebehandling og
motverke at det veks fram ulik praksis i politidistrikta, og at
i dei sakene der ein kan nytte heilautomatisert handsaming, kan
avgjerder takast ut frå like kriterium nærast utan ventetid.
Fleirtalet vil understreke
at føresegnene i forvaltingslova og personvernforordninga gjeld
for våpenforvaltinga også når handsaminga er heilautomatisert. Fleirtalet meiner at dei alminnelege
reglane tryggar parten sin rett til menneskeleg inngripen, til å
uttrykkje sine synspunkt, til å protestere mot avgjerda og til å
få ei forklaring i dei avgjerdene som kan heilautomatiserast. Fleirtalet viser vidare til at i saker
der avgjerder ikkje kan klagast på, vert rettane trygga ved at det
vert innført ein rett til manuell overprøving når den som avgjerda rettar
seg mot, krev det.
Fleirtalet viser
til at det varierer kor mykje tid og ressursar som går med til våpenforvaltinga
si handsaming av dei einskilde søknadene om løyve og godkjenningar. Fleirtalet legg til grunn at det kan
krevje meir ressursar å avgjere søknader som endar med avslag, og
at skilnaden i ressursbruk mellom kurante saker som kan avgjerast
med heilautomatisert handsaming, og saker som krev manuell handsaming,
venteleg kan verte større. Fleirtalet ser
det ikkje som urimeleg at ein søkjar må betale eit gebyr sjølv om
den einskilde søknaden vert avslått.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet understreker at det er viktig
at forvaltningen blir så effektiv som mulig, slik at gebyrene for
brukerne blir så lave som mulig.
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet er positive til økt automatisering
av søknadsprosessen for våpensøknader og vil derfor støtte den delen
av proposisjonen som gjelder helautomatiserte avgjørelser i saker
om våpentillatelser. Disse medlemmer er
imidlertid negative til at gebyrplikten skal utvides til også å
gjelde i saker som ender med avslag, og vil ikke støtte denne delen
av proposisjonen, og stemmer derfor imot forslag til endring av
våpenloven § 37.