Søk

Samandrag

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 20. april 2018 nr. 7 om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova). Forslaget er eit ledd i arbeidet med ei ny digital våpenforvalting.

Departementet foreslår eit nytt andre ledd i § 38 som gjev heimel for handsaming av personopplysingar ved heilautomatiserte avgjerder i saker etter våpenlova. Endringsforslaget vil gje politiet høve til å treffe fleire avgjerder med automatisert handsaming åleine, utan at ein sakshandsamar er involvert i eller har påverka resultatet. I samanheng med dette foreslår departementet ei tilføying i § 41 nr. 32 for å kunne fastsetje i forskrift nærare føresegner om bruk av automatiserte avgjerder.

Departementet foreslår også ei endring i § 37 for å gje heimel for å ta gebyr ved søknad om løyve eller godkjenningar gjevne i medhald av lova. I dag betaler publikum gebyr når politiet utferdar løyve eller andre tillatingar. Endringsforslaget vil gje politiet høve til å krevje gebyr sjølv om søknaden vert avslått. Lovforslaget legg opp til at departementet gjev nærare føresegner om gebyret i forskrift.

Forslaget om endringar i våpenlova §§ 38 og 41 nr. 32 vil ikkje ha nemneverdige økonomiske konsekvensar. Departementet legg til grunn at bruk av heilautomatiserte avgjerder over tid vil føre til at politiet sparer pengar gjennom at ressursane i våpenforvaltinga vert betre utnytta.

Forslaget om endring i våpenlova § 37 har ikkje i seg sjølv økonomiske konsekvensar, men vil venteleg føre til endringar i gebyrføresegnene i våpenforskrifta. Med endringa vert det opna for å fastsetje at publikum må betale gebyr sjølv om søknaden vert avslått. Storleiken på gebyra vil verte vurdert når den nye berekningsmodellen er ferdig utvikla og forslaget til nye gebyrsatsar er vurdert i den ordinære budsjettprosessen, og etter at forslag til endring av føresegnene om gebyr i forskrifta har vore på høyring.