Søk

3. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen og Trine Lise Sundnes, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og leiaren Ine Eriksen Søreide, frå Senterpartiet, Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe, frå Framstegspartiet, Sylvi Listhaug og Morten Wold, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, frå Raudt, Bjørnar Moxnes, frå Venstre, Guri Melby, frå Kristeleg Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, viser til Meld. St. 30 (2023–2024) om internasjonalt samarbeid om atomtryggleik og miljø i eit endra Europa.

Komiteen viser til at Noreg sidan 1990-talet har bidratt internasjonalt til atomtryggleik og miljø med mål om å redusera risiko for alvorlege ulykker og radioaktiv forureining samt å hindra at radioaktivt avfall kjem på avvegar. Innsatsen utgjer 2,5 mrd. kroner over desse åra. Komiteen merkar seg at norsk innsats har hatt hovudvekt på Nordvest-Russland der sivil og militær atomverksemd over lengre tid har skapt store utfordringar. Gitt den geografiske nærleiken er denne innsatsen også i norsk interesse. Gjennom bilateralt samarbeid har atomubåtar blitt hogde opp, radioaktive kjelder i fyrlykter fjerna, kjernekraftverk sikra og radioaktivt avfall handtert. Riksrevisjonane i Noreg og Russland i 2010 konkluderte med at samarbeidet gav gode resultat. Den totale mengda radioaktivt avfall og brukt kjernebrensel i Nordvest-Russland vart halvert i perioden 2004–2022. Komiteen noterer seg vidare at langsiktig arbeid, stabile kontaktar og samarbeid mellom styresmakter, fagmiljø og sivilsamfunn er rekna som suksesskriterium.

Etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina i 2022 fraus Noreg finansieringa av prosjekta. Komiteen registrerer at Russland stilte samarbeid på vent med unntak av den bilaterale varslingsavtala om atomhendingar.

Ukraina baserer halvparten av straumen sin på kjernekraftverk. Det er fire operative kjernekraftverk, to forskingsreaktorar og eitt nukleært forskingssenter i Ukraina i tillegg til det nedlagde kjernekraftverket i Tsjernobyl. Komiteen ser det som svært alvorleg med krig i eit land med operative kjernekraftverk. Komiteen noterer seg at den norske innsatsen for atomtryggleik og miljø no er dreia over til Ukraina, medrekna ei vesentleg støtte til Det internasjonale atomenergibyrået. Byrået spelar ei viktig rolle i å redusera risikoen ved Zaporizjzja kjernekraftverk som har vore okkupert av Russland sidan mars 2022. Kraftverket som vart treft i skotvekslingar er stengt ned og avhengig av ekstern straumforsyning for å kjøla ned kjernebrenselet. Med ustabil straumforsyning og eit personell som arbeider under svært vanskelege forhold er risikoen stor for radioaktive utslepp. Komiteen registrerer at Det internasjonale atomenergibyrået med støtte frå Noreg er til stades i Zaporizjzja for å formidla oppdatert og uavhengig informasjon om status.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at det vart halde høyring og at miljøorganisasjonane Natur og Ungdom og Bellona, som begge har bidratt i den norske innsatsen for atomtryggleik og miljø, deltok. Høyringsinnstansane er bekymra for signal om at støtte til samarbeid mellom norske og russiske miljøorganisasjonar kan falla bort, og ber om større fleksibilitet i tilskotsordninga under Nansen-programmet slik at også mindre miljøorganisasjonar kan søka støtte til sitt engasjement i Ukraina. Fleirtalet merkar seg at 7 prosent av støtta gjekk til miljøorganisasjonar i perioden frå tidleg 1990-tal og fram til 2022. I 2023 gjekk delen ned til 3 prosent. Bellona etterlyste også ei breiare situasjonsskildring i meldinga. Atomverksemd i EU vil også medføra risiko for Noreg. Høyringsinstansen etterlyser derfor norsk støtte til arbeid med atomtryggleik også utanfor Aust-Europa og Sentral-Asia.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti viser til Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti sine merknader i Innst. 255 S (2023–2024) om stiftelsen NORSARs arbeid i Ukraina. NORSARs arbeid er relevant både for atomsikkerhet og for ansvarliggjøring av Russland for deres forbrytelser. Disse medlemmer viser til at statsministeren informerte de parlamentariske lederne på Stortinget 20. september 2024 om at NORSAR ville bli tilført midler gjennom Nansen-programmet for Ukraina, men kan ikke se at disse midlene er omtalt i regjeringens budsjettforslag.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti, viser til at sivil og militær atomverksemd utgjer ein stor risiko. Ei atomhending vil truge tryggleiken til befolkninga både i Noreg og utlandet. Fleirtalet meiner derfor at norsk innsats for atomtryggleik og miljø internasjonalt må vidareførast og styrkast.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Kristeleg Folkeparti viser til at Russlands krig mot Ukraina utgjer ein dobbel risiko for ei atomhending. Putin har gjentekne gonger truga med bruk av atomvåpen og Russland driv krig i eit område med fleire kjernekraftverk. Desse medlemene noterer seg at norsk innsats for atomtryggleik og miljø no vert vridd frå Russland til Ukraina. Desse medlemene meiner det er tungtvegande grunnar for auka innsats i Ukraina. Gitt den geografiske nærleiken til Nordvest-Russland og dei gode resultata i samarbeidet mellom norsk og russisk sivilsamfunn, embetsverk og forsking meiner desse medlemene samtidig at innsatsen retta mot Russland ikkje bør skrinleggast heilt, men oppretthaldast på eit minimumsnivå slik at det er grunnlag for å gjenreise samarbeidet når krigen mot Ukraina tek slutt.

Desse medlemene viser til at krigen i Ukraina stiller store krav til det ukrainske sivilsamfunnet. I krisetider er det spesielt viktig at sivilsamfunnet kan fortsetje arbeidet sitt, både for å bidra konstruktivt til å løyse utfordringar og kriser, men også for å sikre at makt ikkje blir misbrukt i ein pressa situasjon.

Desse medlemene meiner at det både på kort og lang sikt vil vere avgjerande for det ukrainske sivilsamfunnet å kunne samarbeide over landegrensene. Norske styresmakter bør derfor støtte eit tettare samarbeid mellom norske og ukrainske organisasjonar. Nansen-programmet har samarbeid som eit delmål, men dagens innretting på tilskota frå Nansen-programmet favoriserer i stor grad dei større organisasjonane, medan mindre organisasjonar ikkje blir like godt tilgodesett. Lågaste ramme for søknader til sivilsamfunnsorganisajonar er til dømes på 10 mill. kroner, noko som hindrar organisasjonar i å ta del i støtteordninga. Desse medlemene meiner at rammene bør settast ned slik at også mindre organisasjonar kan delta. Desse medlemene viser til høyringsinnspel frå Bellona og Natur og Ungdom og mangelen på støtteordningar for samarbeid mellom ukrainske og norske miljøorganisasjonar. Den einaste støtta norske miljøorganisasjoner i dag får til arbeid i Ukraina, kjem frå same ordning som støttar arbeid med atomsikkerheit i Russland utan at ramma er auka. Dette fører i praksis til at auka innsats i Ukraina går på kostnad av det nødvendige arbeidet med atomsikkerheitsutfordringar i Russland. Desse medlemene meiner at norske organisasjonar bør kunne oppretthalde arbeidet sitt knytt til Russland, samtidig som innsatsen til fordel for Ukraina aukast. Dette krev tilskotsordningar som er innretta mot mindre prosjekt av eit breiare lag av norsk og ukrainsk sivilsamfunn.

På denne bakgrunn fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa om å endre innrettinga på tilskota over Nansen-programmet slik at det blir lettare for mindre sivilsamfunnsorganisasjonar å søkje om tilskot.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt, viser til at Russland har blitt eit samfunn der ytringsfridomen er kraftig innskrenka, og der kritiske røyster møtast med sensur og forfølging. Tilgang til fakta er avgrensa og narrativ blir systematisk forvrengt. Denne desinformasjonen sprer seg også utover Russlands grenser. Samtidig fører det russiske regimet ein politikk som aukar risikoen for alvorlege miljøskader, både innafor Russlands grenser og på vårt felles miljø i nord og globalt.

Fleirtalet peikar på at sivilsamfunn og ikkje-statlege aktørar spelar ei sentral rolle i å verne miljøet vårt og samtidig sikre tilgang til påliteleg informasjon. Å bygge eit avgjerdsgrunnlag basert på faktabasert informasjon og fagkunnskap om Russland og miljøutfordringane som oppstår som følge av regimets handlingar, er avgjerande.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner at informasjon- og analysearbeid som vert utført i samarbeid mellom russiske og norske miljøaktivistar, må oppretthaldast. Dette vil vere viktig både om informasjonstilgangen blir ytterlegare avgrensa, og dersom utviklinga skulle gå mot auka openheit og påverkingsmoglegheit i Russland.

Desse medlemene peikar på at det er langt meir ressurskrevjande å bygge opp eit sivilsamfunn frå botnen av enn å halde det ved like. Derfor er det viktig at norske styresmakter opprettheld fleksible støtteordningar for å støtte det uavhengige russiske sivilsamfunnet og miljørørsla sitt arbeid, og gjere samarbeid med norske organisasjonar mogleg.

Medlemen i komiteen frå Raudt skriv under på høyringsinstansane si bekymring. Miljøvernrørsla har i mange år vore eit viktig kontaktpunkt med det russiske sivilsamfunnet. Denne medlemen viser til at regjeringa skriv at samarbeid med utanlandske partnarar har vorte meir risikabelt for dei russiske organisasjonane:

«Etter den totalitære utviklingen i Russland og fullskalainvasjonen av Ukraina har situasjonen for det sivile samfunn i Russland blitt strammet inn ytterligere.»

Denne medlemen meiner undertrykkinga den russiske miljørørsla møter frå russiske styresmakter snarare er eit argument for å auke Noregs støtte enn for å redusere denne støtta, og at sivile organisasjonar både i Noreg og i Russland har lang erfaring med å løyse dette i praksis. Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Bellona melder òg at dei ynskjer å styrke samarbeidet, og at det framleis finst aktørar dei kan støtte i Russland.

I lys av dette meiner denne medlemen at det må vere eit mål for norske styresmakter å fremje og støtte kontakten mellom norsk og russisk miljørørsle.

Denne medlemen støtter òg Bellonas oppfordring til at tilskott gjennom Nansen-programmet må kome mindre organisasjonar i Ukraina, blant dei miljøorganisasjonar, til gode. Denne medlemen syner til Stortinget si behandling av regjeringas stortingsmelding om Nansen-programmet i Innst. 255 S (2023–2024), kor fleirtalet i komiteen understreka at norsk støtte må verte innretta til å støtte lokale organisasjonar i Ukraina. Denne medlemen vil derfor vektleggje at krava til å tar imot sivil støtte gjennom Nansen-programmet ikkje må vere så høge at små organisasjonar i praksis vert utestengde.