Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Sidan 1996 har regjeringa lagt fram ei årleg melding til Stortinget som gjer greie for eksporten av våpen, ammunisjon og anna militært materiell, relatert teknologi og tenester for militære føremål (heretter forsvarsmateriell), og fleirbruksvarer til militær sluttbruk, frå norske verksemder. Regjeringa ønskjer at meldinga skal bidra til betre kunnskap om denne delen av eksportkontrollen. Meldinga gjer greie for korleis eksportkontrollregelverket og Utanriksdepartementets retningsliner for handsaming av søknadar om eksport av forsvarsmateriell vert praktisert, og ho viser omfanget av eksporten frå norske verksemder i 2023. Meldinga gjer ikkje greie for kontrollen med eksport av fleirbruksvarer til sivil bruk.

Forsvarsindustrien i Noreg speler ei viktig rolle i å sikre både norsk og internasjonal tilgang til naudsynte varer og teknologi for territorialt forsvar, og alliert samarbeid. Industrien er avhengig av å kunne eksportere og delta i internasjonalt utviklings- og produksjonssamarbeid. Norsk forsvarsindustri og kunnskapssektor er verdsleiande innanfor einskilde teknologiområde, til dømes innanfor det maritime segmentet. Industrien og forsking fremjar teknologiutvikling og skaper arbeidsplassar over heile Noreg. Regjeringa stadfestar i meldinga eit mål om framleis å sikre ein levedyktig norsk forsvarsindustri som kan bidra til leveringstryggleik for både Noregs og allierte lands forsvar.

Om eksporten i 2023

I 2023 vart det eksportert forsvarsmateriell og fleirbruksvarer til militær sluttbruk, teknologi, tenester osb. for ca. 12 mrd. kroner, mot nær 8,9 mrd. kroner i 2022. Samanlikna med 2022 auka verdien av denne eksporten med ca. 35 pst. Eksportverdien av A-materiell i 2023 var nærmare 8,6 mrd. kroner mot ca. 6,5 mrd. kroner i 2022. Eksportverdien av B-materiell utgjorde i 2023 om lag 1,5 mrd. kroner som er ein oppgang frå ca. 800 mill. kroner i 2022. Totalt utgjorde eksporten av A- og B-materiell nærmare 10 mrd. kroner i 2023 mot ca. 7,3 mrd. kroner i 2022.

Samanlikna med 2022 var det i 2023 ein auke i verdien av eksporten av A-materiell med om lag 32 pst., og ein oppgang i verdien av eksporten av B-materiell med om lag 85 pst. Samanlikna med eksporten i 2022 var det ein auke i verdien av den samla eksporten av forsvarsmateriell (A- og B-materiell) på 38 pst. i 2023.

Verdien av eksporten av fleirbruksvarer til militær sluttbruk utgjorde ca. 398 mill. kroner i 2023, mot ca. 453 mill. kroner i 2022, ein nedgang på ca. 12 pst. I tillegg vart det eksportert tenester, teknologi, formidla forsvarsmateriell og gjennomført reparasjonar av forsvarsmateriell til ein verdi ca. 1,5 mrd. kroner i 2023, mot ca. 1,1 mrd. kroner i 2022.

Hovudvekta av eksporten går framleis til NATO-land. Medlemslanda i NATO og europeiske land fekk ca. 84 pst. av eksporten av A-materiell, og ca. 91 pst. av B-materiell frå Noreg i 2023. USA var den største mottakaren av norsk eksport i 2023, med ein samla verdi på om lag 2,1 mrd. kroner.

Kapittel 10 i meldinga gjev full oversikt over eksporten i 2023, med Utanriksdepartementets omtale av nøkkeltal og utviklinga i eksporten.

Openheit om eksporten av forsvarsmateriell

Dei årlege meldingane vert handsama i Stortinget, og debatten bidreg til offentleg og parlamentarisk innsyn i praktiseringa av norsk eksportkontroll. Regjeringa vil vidareføre praksisen med å konsultere Stortingets organ om særskilde saker.

Til liks med i 2023 vil Noregs rapportering til FNs våpenhandelsavtale (ATT) og eit engelsk samandrag av meldinga til Stortinget verte offentleggjord i 2024.

Innsyn i eksporten av forsvarsmateriell skjer innanfor dei avgrensingane som følgjer av den strenge teieplikta i eksportkontrolloven § 2. Den strenge teieplikta kjem av at eksportkontrolloven gjev forvaltninga vidt høve til å krevje verksemdsensitiv informasjon då dette er naudsynt for å kunne handsame lisenssøknadar.

Kontrollen med eksport av forsvarsmateriell baserer seg på nasjonal politikk. Avgjerder om å tillate eksport av forsvarsmateriell er underlagde nasjonalt skjønn. Kontrollen for å hindre spreiing av fleirbruksvarer og teknologi til masseøydeleggingsvåpen eller terrorføremål er i hovudsak basert på arbeidet i det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet.

Utanriksdepartementets oppgåver og nasjonalt samarbeid om eksportkontroll

Utanriksdepartementet er ansvarleg styresmakt for eksportkontrollen i Noreg. Departementet har ansvar for politikkutvikling, regelverksutvikling og norsk deltaking i det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet.

Utanriksdepartementet er òg utøvande styresmakt for handheving av eksportkontrollregelverket, sanksjonar og restriktive tiltak. Ein prioritert del av arbeidet til departementet er informasjon og rettleiing om eksportkontroll for forsvarsindustrien, andre delar av næringslivet, advokatverksemder, teknologimiljø og forskings- og utdanningsinstitusjonar. Det vert lagt stor vekt på å sikre tilgjengelegheita til departementet og nær kontakt med eksportverksemdene om konkrete eksportsaker og for rettleiing innan eksportkontrollregelverket generelt.

Utanriksdepartementet samarbeider tett med partane i det nasjonale arbeidet om eksportkontroll. Politiets tryggingsteneste (PST) og Tolletaten har lovpålagde oppgåver innanfor varekontroll, handheving, førebygging og etterforsking av brot på eksportkontrollregelverket. Etterretningstenesta har òg lovpålagde oppgåver knytte til eksportkontroll og ikkje-spreiing. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) og Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) kan trekkjast på i konkrete eksportkontrollsaker.

Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene med strategisk eksportkontroll vart lagd fram i 2021. Utanriksdepartementet jobbar kontinuerleg med tiltak for å følgje opp undersøkinga. Dette inneber m.a. å gå gjennom eldre landklareringar, styrkje systematikken for kvalitetssikring av lisensvilkår, full revisjon av rutinar og dessutan meir dokumentasjon av vurderingar i sakshandsaminga. Anskaffing av nytt søknads- og sakshandsamingssystem er ein viktig del av dette arbeidet. Styrkinga av arbeidet med eksportkontroll held fram gjennom skipinga av Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA) som vert oppretta frå 1. januar 2025 og skal få ansvar for den utøvande kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer, teknologi, tenester og kunnskap. Skipinga av Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA) er omtalt i kapittel 3 til meldinga.

Kontroll av kunnskapsoverføring

Utanriksdepartementet har erfart eit auka medvit i universitets- og høgareutdanningssektoren knytt til eksportkontroll. Fleire universitet har teke aktive grep og etablert forsterka kontrollsystem, og dessutan rutinar for å sikre etterleving. Det å ha kontroll på strategisk teknologi, kunnskap og forsking er ein viktig del av vår forsvars- og sikkerheitspolitikk. I dette ligg det ei erkjenning av at tryggingspolitiske omsyn kan vege tyngre enn akademisk fridom i einskilde saker.

Sjølv om Noreg har eit kontrollregime for dette, har regjeringa vedteke å styrkje kontrollen, for å svare på nye utfordringar.

Utanriksdepartementet sende i mars 2022 forslag til endringar i eksportkontrollforskrifta på alminneleg høyring. Målet med dei føreslåtte endringane er å tydeleggjere og skjerpe kontrollen som allereie skjer i dag.

Ferdigstilling av forskriftsendringane er venta tidleg 2025 og vil skje samstundes med etableringa av Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA). Direktoratet skal rustast for ei saksmengd som aukar i omfang og kompleksitet, og vil ha fleire ressursar knytte til kunnskapsoverføring, noko som vil føre til auka kapasitet til rettleiing, og dessutan raskare sakshandsamingstid. Medan arbeidet med skipinga av direktoratet går føre seg, held Utanriksdepartementet fram med å vidareutvikle fagområdet, herunder sakshandsaming, rettleiing og regelverk. Utanriksdepartementet vil òg intensivere kontakten med likesinna land om korleis dei praktiserer kontroll med kunnskap. Skipinga av Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA) er omtalt i kapittel 3 til meldinga.

Det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing

Noreg er medlem i alle dei fire internasjonale eksportkontrollregima som dannar grunnlaget for nasjonal gjennomføring av eksportkontrollen. I tillegg bidreg nasjonal gjennomføring av eksportkontrollen til å sikre etterleving av folkerettslege avtalar på ikkje-spreiingsområdet. Eksportkontrollregima komplementerer dei internasjonale ikkje-spreiingsavtalane og konvensjonane når det gjeld plikter om kontroll med eksport av varer og teknologi som kan nyttast i utvikling, produksjon og bruk av masseøydeleggingsvåpen, og leveringsmiddel til slike våpen. Gjennom medlemskap i regima pliktar Noreg m.a. å gjennomføre kontrollen i nasjonal rett og praksis, og dessutan å dele og ta omsyn til relevant informasjon som er utveksla innanfor ramma av regimesamarbeidet.

Det har òg utvikla seg eit stadig større samarbeid om kontroll med våpeneksport, både innanfor FN, EU og det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet Wassenaar. Alle avgjerder om å tillate eksport eller ikkje er likevel underlagde kvar einskilde eksportstat sitt nasjonale skjønn. Nasjonal suverenitet med retten til sjølvforsvar, og såleis eksport og import av forsvarsmateriell, er nedfelt i FN-pakta artikkel 51. Innanfor EU er desse spørsmåla òg haldne unna den felles utanriks- og tryggingspolitikken i unionen.

Utanriksdepartementets oppgåver som styresmakt for den strategiske eksportkontrollen i Noreg omfattar politikkutvikling og regelverksutvikling. Norsk politikk og styresmaktsutøving må til ei kvar tid tilpassast det nasjonale, regionale og globale tryggingsbiletet. Utanriksdepartementets oppgåver inkluderer utvikling av norsk eksportkontrollpolitikk, å fremje norske interesser i eit omfattande multilateralt samarbeid, rettleiing og informasjonsverksemd overfor forsvarsindustrien, næringslivet og akademia, rapportering om eksport i den årlege meldinga til Stortinget, og handheving av eksportkontroll- og sanksjonsregelverket. Ei av hovudoppgåvene er den vesentlege forvaltningsoppgåva knytt til handsaming av søknadar om eksportlisensar. Departementet er i tillegg ansvarleg for gjennomføring av folkerettsleg bindande sanksjonsregime vedtekne i Tryggingsrådet i FN og for restriktive tiltak frå EU som Noreg har slutta seg til.

I samband med lanseringa av EUs tiande pakke av restriktive tiltak mot Russland vart Noreg gjeve status som partnarland innan eksportkontroll og restriktive tiltak, særleg innan fleirbruksvarer og annan sensitiv teknologi. Resten av landa med tilsvarande partnarlandsstatus er USA, Japan, Storbritannia, Sør-Korea, Australia, New Zealand og Canada. Dette styrkjer det allereie tette samarbeidet mellom Noreg og EU om eksportkontroll og restriktive tiltak. Partnarlandsstatusen er ei anerkjenning av Noregs effektive implementering av EUs restriktive tiltak mot Russland.

Partnarlandsstatusen inneber mellom anna informasjonsdeling for å hindre omgåingar av sanksjonane og styrkjer dialogen for å sikre lik etterleving av regelverket. Omgåingar av sanksjonane er straffbart, og det er ønskjeleg å styrkje arbeidet med å unngå omgåingar på tvers av EU- og partnarland. Det er som ledd i dette arbeidet opna for å listeføre juridiske personar som omgår sanksjonane. Dersom norske aktørar omgår sanksjonane, kan dei i verste fall ende opp på ei slik liste.

Komiteens behandling

Komiteen avholdt 30. september 2024 åpen høring om Meld. St. 25 (2023– 2024) Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid. Det ble mottatt seks skriftlige innspill, og ni instanser deltok i høringen.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen og Trine Lise Sundnes, fra Høyre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og lederen Ine Eriksen Søreide, fra Senterpartiet, Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe, fra Fremskrittspartiet, Sylvi Listhaug og Morten Wold, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, fra Rødt, Bjørnar Moxnes, fra Venstre, Guri Melby, og fra Kristelig Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, merker seg at regjeringens ambisjon med meldingen er å utvise mest mulig åpenhet om norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk, hvor eksport av forsvarsmateriell har sin naturlige plass. Komiteen støtter denne ambisjonen.

Komiteen tar til etterretning at norsk eksport av våpen, ammunisjon og annet militært materiell økte i volum i 2023, og at dette har gitt staten betydelige merinntekter gjennom skatt og utbytte gjennom statens eierskap i våre to største forsvarsindustribedrifter, Kongsberg Gruppen ASA og NAMMO. Regjeringen viser til at den totale eksporten av militært materiell i 2023 utgjorde 12 mrd. kroner. Det er en økning fra 8,9 mrd. kroner i 2022. Den største økningen i eksporten var til Norges NATO-allierte Ungarn, Tyskland, Romania og Storbritannia.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, er tilfreds med at norsk forsvarsindustri har bidratt til økt sysselsetting og utvikling av høyteknologi. Flertallet er samtidig oppmerksom på at økningen i eksport har et alvorlig bakteppe, og at økningen må sees i lys av Russlands fullskala krig mot Ukraina innledet ved invasjonen 24. februar 2022.

Flertallet deler regjeringens ambisjon om at det norske forsvaret bør styrkes betydelig, og viser til den nylig vedtatte tverrpolitiske langtidsplanen for Forsvaret (LTP). I meldingen gjør regjeringen det klart at eksport av forsvarsmateriell inngår som en naturlig del og som en konsekvens av denne satsingen. Flertallet deler denne forståelsen og innser at eksport av forsvarsmateriell er nødvendig for å få enhetsprisen for komponenter, delsystemer og systemer ned. Uten eksport vil norsk forsvarsindustri ikke overleve. Flertallet viser også til høringsuttalelsen fra Forsvars- og Sikkerhetsindustriens forening (FSI) og er enig i analysen om at forsvarsindustrien er en strategisk ressurs og avgjørende for å opprettholde norsk beredskap.

Komiteen deler regjeringens syn om at kontrollen med eksport av forsvarsmateriell og flerbruksvarer er en viktig del av norsk utenriks- og sikkerhetspolitikk. Som en konsekvens av dette varsler regjeringen at den i januar 2025 vil opprette et eget direktorat for eksportkontroll og sanksjoner (DEKSA). Komiteen ser behovet for å få en samlet oversikt over internasjonalt samarbeid, eksportlisenser, regelverk og klagehåndtering, og støtter regjeringens beslutning.

Komiteens medlem, uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, vil samtidig minne om at mer detaljregulering av markedet kan få utilsiktede konsekvenser og føre til unødvendig lange beslutningslinjer og sendrektighet.

Komiteen mener det er naturlig at de første erfaringene med etableringen av DEKSA inngår som en del av budsjettproposisjonen for 2026.

Regjeringen presenterer i meldingen en oversikt over hvilke begrensninger som inngår i eksport av forsvarsmateriell til Ukraina. Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre, og Kristelig Folkeparti, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, ser behovet for at forsvarsindustrien får tydelige retningslinjer for hvordan eksport og samarbeid kan foregå, men flertallet vil samtidig poengtere at de internasjonale begrensningene har vært i kontinuerlig bevegelse, og at det ligger et betydelig ansvar på regjeringen for at Norge leder an i vår støtte til Ukrainas frihetskamp. Flertallet mener derfor at Norges fokus først og fremst må være å stimulere til økt produksjon av forsvarsmateriell og gi forutsigbare rammevilkår for eksporten.

Et annet flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, viser i den forbindelse også til NAMMOs høringsuttalelser, hvor bedriften poengterer at teknologilisenser i større grad må kunne gis direkte til ukrainsk industri, slik at Ukraina selv får muligheten til å utvikle teknologisk avansert forsvarsmateriell. Dette flertallet støtter dette og understreker samtidig at Ukrainas kamp for frihet også er Norges kamp.

Regjeringen viser i meldingen til ulike internasjonale konvensjoner og multilaterale avtaler som har som formål å sikre ansvarlige rammer for internasjonal eksport og ikke-spredning. Av disse er ikke-spredningsavtalene for kjernevåpen (NPT), Kjemivåpenkonvensjonen (CWC) og Biologivåpenkonvensjonen (BTWC) de viktigste. Regjeringen viser til at disse er gjennomført i norsk rett. Komiteen støtter dette.

Regjeringen poengterer i meldingen at alliert materiellsamarbeid er viktig for vår trygghet og forsvarsevne. Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, og uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, deler denne vurderingen. I dette inngår delleveranser, inkludert komponenter til allierte land. Definisjonen av disse er at de ikke har en selvstendig funksjon.

Regjeringen presiserer videre at salg av slike komponenter ikke er brudd på norsk eksportkontrollregelverk, og poengterer at slikt salg også er et viktig bidrag til alliert forsvarsindustrielt samarbeid og avgjørende for opprettholdelsen av norsk forsvarsindustri.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti merker seg at norsk næringsliv må forholde seg til en stadig mer omfattende og kompleks eksportkontroll, særlig som følge av krigen i Ukraina. Arbeidet med å håndheve eksportkontrollen fra myndighetenes side har blitt mer krevende og omfattende over tid, både i forbindelse med lisenssøknader og sanksjonssaker. Disse medlemmer viser til at Høyre tidligere har gitt regjeringen støtte for å opprette en ny etat for eksportkontroll og sanksjoner, som skal sikre effektiv og forutsigbar behandling av eksportsøknader og øke forvaltningens evne til å håndtere komplekse saker.

Disse medlemmer merker seg at regjeringen nå arbeider med å opprette Direktoratet for eksportkontroll og sanksjoner (DEKSA), som skal underlegges Utenriksdepartementet og være operativt fra 1. januar 2025. I forslaget til statsbudsjett for neste år foreslår regjeringen 60 mill. kroner til lønns- og driftsutgifter i DEKSA. Disse medlemmer etterlyser mer informasjon om den konkrete innretningen av DEKSA enn det som fremkommer i eksportkontrollmeldingen og forslaget til statsbudsjett. Disse medlemmer ber derfor regjeringen om nærmere avklaringer av grensesnittet mot departementet, hvordan kompetansen på feltet fortsatt ivaretas i departementet, ressurssetting og øvrig relevant informasjon.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti understreker videre at den sikkerhetspolitiske situasjonen gjør at det haster med økt kontroll med kunnskapsoverføring ved norske universiteter, høyskoler og forskningsinstitusjoner. Det er derfor bekymringsfullt at regjeringen fortsatt ikke har ferdigstilt arbeidet med en ny eksportkontrollforskrift, som ble startet av regjeringen Solberg i 2021. Arbeidet ble omtalt i Meld. St. 35 (2020–2021). Forslag til endringer i forskriften ble sendt på høring i mars 2022. Høringsfristen gikk ut i juni 2022.

I eksportkontrollmeldingen varsles det nå at den nye forskriften skal være klar tidlig i 2025, «parallelt med etableringen av DEKSA». I en pressemelding fra september 2024 opplyser UD at forskriften i stedet vil være klar «i løpet av første halvår 2025». Ferdigstillelse og iverksetting av den nye eksportkontrollforskriften utsettes stadig.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti mener det er uheldig at arbeidet med ny forskrift fortsatt ikke er ferdigstilt, tre år etter at det ble påbegynt og snart to år etter Stortingets anmodningsvedtak nr. 539 (2022–2023).

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner at ein streng og føreseieleg kontroll med eksport av forsvarsmateriell er ein føresetnad for tryggleik for Noreg og verda. Ein norsk forsvarsindustri trengst for å sikre den nasjonale forsvarsevna. Samtidig har det vore god norsk politikk sidan 1959 at me ikkje skal selje våpen og ammunisjon til område der det er krig, borgarkrig eller der krig trugar. I ei tid då historisk mange menneske har lagt på flukt frå krig og konflikt, står dette prinsippet seg godt.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet og Fremskrittspartiet, viser til at det aldri har vært et forbud mot salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land der det er borgerkrig. Flertallet viser til at Stortinget i 1959 understreket prinsippet om at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge kun måtte skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område, og at denne vurderingen skulle være avgjørende for om eksport kunne finne sted. Flertallet viser videre til Innst. S. nr. 35 (1967–68) for en grundig og god gjennomgang av det såkalte 1959-vedtaket vedrørende norsk våpeneksport.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt har i ei årrekkje peika på at det er hol i regelverket som må tettast. I løpet av det siste året har me fått dystre bevis på det. Norskproduserte F-35-komponentar eksporterte til USA har enda opp i Israel og blitt brukte i krigen mot Gaza. Desse medlemene viser til kriteria for vurdering av eksport av forsvarsmateriell som vil medføre avslag. Ifølgje kriterium 2 skal det ikkje eksporterast forsvarsmateriell til land der det er openberr fare for at eksporterte varer kan bli brukte til å utøve alvorlege brot på humanitærretten, men Israel har i krigføringa si mot Gaza beviseleg brote humanitærretten gjentekne gonger. Dessutan forpliktar ATT-artikkel 6 Noreg til å hindre eksport av forsvarsmateriell der det føreligg kunnskap om at det vil kunne bli brukt til å utføre folkemord, brotsverk mot menneskeslekta eller krigsbrotsverk. Desse medlemene minner om at Israel er under etterforsking for moglege brot på folkemordkonvensjonen. Reeksporten av norske F-35-komponentar til Israel via USA viser tydeleg at det er naudsynt å krevje sluttbrukarerklæring med reeksportklausul også til allierte land.

På dette grunnlaget fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport av forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.»

Desse medlemene viser til regjeringas geopolitiske utgreiing og stiller seg bak analysen om at stormaktrivalisering og Russlands angrepskrig mot Ukraina påverkar Noreg, og at «kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, fleirbruksvarer og annan avansert teknologi aldri har vore viktigare». Desse medlemene merkar seg at sakshandsamingskapasiteten er auka med opprettinga av DEKSA. Desse medlemene viser vidare til høyringsinnspel frå Redd Barna, der dei reiser bekymring for at dagens regelverk vil gjere det vanskeleg for det nye direktoratet å «gjennomføre en forsvarlig saksbehandling i tråd med rådene fra Riksrevisjonen og våre folkerettslige forpliktelser.» Ifølgje høyringsinstansen er det fyrst og fremst retningslinjene som skjermar våre allierte frå å legge fram sluttbrukarerklæring med reeksportklausul. Høyringsinnspelet frå Amnesty Norge peikar samtidig på at regelverket legg opp til at ein ikkje treng å krevje dokumentasjon om sluttbruk for norske varer som inngår i våpen produsert i allierte land, føresett at det ferdige våpenet ikkje framstår som norsk. Som Amnesty uttrykkjer framstår regelverket som utdatert og «farlig nær en utvanning av Norges uttalte intensjon om at norske produkter ikke skal bidra til å bryte folkeretten og undergrave den internasjonale rettsordenen» i lys av korleis dagens våpenproduksjon føregår.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa om ein uavhengig heilskapleg gjennomgang av regelverket for kontroll av våpeneksport.»

«Stortinget ber regjeringa endre retningslinjene for handsaming av søknader om eksport av forsvarsmateriell ved å fjerne unntaket frå krav om dokumentasjon av sluttbruk for komponentar til våpensystem som eksporterast frå allierte land.»

Openheit om den norske kontrollen av eksport av forsvarsmateriell er viktig, og den utfyllande utgreiinga om eksport av forsvarsmateriell til Ukraina er eit godt eksempel på dette. Desse medlemene støttar Ukrainas forsvarskamp og norsk våpenstøtte til den legitime forsvarskrigen mot Russland. Også her bør me ha kontroll og sikre at våpena me donerer og eksporterer ikkje hamnar på avvegar. Desse medlemene merkar seg at regjeringa krev dokumentasjon om sluttbrukar med reeksportklausul av ukrainske styresmakter.

Desse medlemene ser samtidig ikkje eitt ord i stortingsmeldinga om krigen i Midtausten sjølv om den også påverkar tryggleiken vår. Regjeringa skriv at «historikken viser at det berande prinsippet må vere dei omsyna som til ei kvar tid speglar Noregs utanriks- og tryggingspolitiske interesser». Desse medlemene meiner ei regelstyrt verd med respekt for folkeretten er i norsk interesse. Israels manglande respekt for krigens folkerett det siste året utgjer på sikt ein trussel også mot Noreg fordi Vestens, og spesielt USAs, aksept av folkerettsbrota sender ein klar beskjed til resten av verda om at krigens folkerett kan brytast. Verda blir ein farlegare stad om me ikkje handterer krigens folkerett på ein universell måte og likebehandlar statar som bryt med reglane. Noreg må stå opp for dette.

Desse medlemene viser til at eksporten av forsvarsmateriell til Ungarn har auka sterkt i løpet av 2023, og at Ungarn no er eit av dei tre landa me eksporterer mest til. I lys av den autoritære utviklinga i landet undrar desse medlemene seg over denne endringa og minner om at eit samla storting i 1997 slo fast at demokratiske rettar og respekt for grunnleggande menneskerettar i mottakarlandet skal inngå i den heilskaplege vurderinga av lisenssøknadar.

Desse medlemene har i ei årrekkje ytra liknande bekymring rundt den storstilte eksporten av forsvarsmateriell til Qatar, og meiner det er ei god utvikling at eksporten til Qatar er nær halvert i løpet av 2023.

Disse medlemmer viser til artikkel i Dagbladet 24. oktober 2024, hvor Kongsberg Defence & Aerospace bekrefter at Joint Strike Missile (JSM) og Naval Strike Missile (NSM) vil være underlagt norsk eksportkontroll selv om de produseres på selskapets nye missilfabrikk i USA. Kommunikasjonsdirektør Ivar Simensen uttaler til Dagbladet:

«NSM og JSM er underlagt både det norske eksportregelverket og sikkerhetsloven, så selv om det sammenstilles eller produseres utenfor Norge, vil salget av missilene gjøres fra Norge under norsk regelverk.»

Simensen legger til at Norge ikke tillater eksport av våpen til Israel. Det har med andre ord vist seg mulig å la den norske stats deleide våpenproduksjon i utlandet følge norsk eksportregelverk, i stedet for reglene til landet der produksjonen foregår. Det ser disse medlemmer på som et gjennombrudd.

I lys av de folkerettslige problemstillingene som kan oppstå ved en annen stats videresalg av våpen som Norge har bidratt til å framstille, mener disse medlemmer at Kongsbergs løsning bør tjene som modell for all våpenproduksjon i utlandet som den norske stat har eierskap i.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen sikre at salg fra våpenselskaper som den norske stat har eierskap i, skjer gjennom selskapenes kontor i Norge og er gjenstand for norsk eksportkontroll.»

Disse medlemmer viser til forsvarsministerens svar på skriftlig spørsmål nr. 1970 av 3. mai 2024, hvor statsråden bekrefter at Norge ikke har noen politisk mekanisme for å gi egne behov, nære naboland eller donasjoner til Ukraina prioritet foran forsvarsindustriens øvrige, kommersielle kontrakter. Forsvarsministeren svarer:

«Det er så langt ikke praksis at norske myndigheter prioriterer leveranserekkefølgen fra norsk forsvarsindustri. For leveranser i henhold til kontrakt gjelder normale kommersielle vilkår i forsvarsindustrien som for øvrig næringslivsvirksomhet i Norge. Ved behov kan dette endre seg gjennom eksisterende beredskapslovgivning.»

Disse medlemmer viser til at USA, et land den norske forsvarsindustrien understreker behovet av å ha forutsigbare markedsvilkår i, allerede underlegger sin produksjonskø politiske prioriteringer. 21. juni 2024 annonserte Det hvite hus at USA ville omdirigere planlagte leveranser av NASAMS og Patriot luftvernsmissiler bort fra allierte land og over til Ukraina.

I lys av den geopolitiske situasjonen, den pressede produksjonskøen og de rekordstore inntektene til norsk forsvarsindustri, mener disse medlemmer det haster å styrke den demokratisk forankrede, strategiske kontrollen over industriens leveranser, på bekostning av kommersielle hensyn.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen i sin eksportkontroll ikke bare vurdere hvorvidt eksport kan tillates, men også hvilken prioritet den skal ha opp mot nasjonale hensyn.»

Disse medlemmer viser til at regjeringen 11. september 2024 gjenopptok behandlingen av eksporttillatelser til Tyrkia og opphevet restriksjonene innført i 2019. Bakgrunnen for restriksjonene var Tyrkias angrep på Nord-Syria. Disse medlemmer vil påpeke at siden 2019 har Tyrkia fortsatt å angripe både Syria og Irak, senest 24. oktober 2024. I Irak har Tyrkia utført over 1 076 angrep i kurdiske områder bare mellom januar og juli. Tyrkias aggresjon i regionen har både rammet sivile og svekket kampen mot IS.

I svar på skriftlig spørsmål nr. 2800 av 13. september 2024 henviser ikke utenriksministeren til at Tyrkia har opphørt å angripe sine naboland, men til at landet er medlem av NATO:

«For det andre er Tyrkia ein alliert av Noreg i NATO. Norsk eksport av forsvarsmateriell skal til ei kvar tid ivareta våre utanriks- og sikkerheitspolitiske interesser. Støtte til NATO-allierte er vurdert som ei kjerneinteresse i norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk.»

Disse medlemmer kan ikke se at hensynet til å behage NATO eller ett av NATOs medlemmer veier tyngre enn suverene staters folkerettslige vern mot væpnet makt nedfelt i FN-paktens artikkel 2.

Begrunnelsen for å stanse norsk våpeneksport var at Tyrkia bryter folkeretten ved å angripe sine naboland, og som Meld. St. 25 (2019–2020) redegjorde for, var beslutningen avklart å være i overensstemmelse med Stortingets vedtak av 1967. I og med at begrunnelsen i høyeste grad fortsatt er til stede, kan ikke disse medlemmer se at det er grunnlag for regjeringen til å oppheve restriksjonene på våpeneksport til Tyrkia.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen stanse behandlingen av lisenssøknader til Tyrkia og holde tilbake utførsel basert på eksisterende lisenser.»

Komiteens medlem, uavhengig representant Christian Tybring-Gjedde, er glad for at regjeringen begynner å forstå hvilken verdi forsvarsindustrien representerer for landet. Våre store og mindre forsvarsbedrifter samt Forsvars- og Sikkerhetsindustriens forening har i mange år forsøkt å forklare ulike regjeringer hvilket industrielt og teknologisk potensial forsvarsindustrien representerer. Dette medlem mener landets forsvarsindustri kan oppfattes som den «nye oljen», og at forsvarsindustrien gir ringvirkninger som skaper innovasjon, og som åpner for fremtidens teknologi. Dette medlem anser det som helt avgjørende at forsvarsindustrien gis stabile og gode rammevilkår for eksport, og at industrisamarbeid med våre allierte bidrar til å knytte NATOs medlemsland tettere sammen. Dette medlem konstaterer at utvikling og produksjon av avanserte våpensystemer krever store ressurser, og at dette ikke vil være regningssvarende uten eksport. Nettopp derfor må vi ikke lete etter grunner for å slå bena under forsvarsindustrien, men tvert imot sette pris på all eksport av forsvarsmateriell som norsk forsvarsindustri oppnår. Dette medlem er positiv til regjeringens nylig fremlagte «Veikart for økt produksjonskapasitet i forsvarsindustrien». Dette medlem er glad for satsingen på mindre industribedrifter, og ønsker velkommen vedtaket om å bidra til å finansiere små industribedrifter. Dette medlem er også tilfreds med at regjeringen omsider har forstått betydningen av NAMMOs bidrag til europeisk sikkerhet. Dette medlem vil imidlertid samtidig advare mot at forsvarsindustrien blir en ny næring som baserer innovasjon, utvikling og produksjon på subsidier. Industrien må heller ikke bli offer for distriktspolitikk. Dette medlem er overbevist om at industrien selv vil bruke markedet til å videreutvikle eksisterende produkter samt benytte ny teknologi der det er relevant. Dette medlem mener forsvarsindustrien vil bli driveren for utvikling av ny teknologi innenfor en rekke områder som eksempelvis cyber, romvirksomhet, kunstig intelligens og laserteknologi. Det vil igjen gi grobunn for nisjeteknologi.

Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa om at krav om sluttbrukardokumentasjon vert praksis ved all eksport av forsvarsmateriell, også til NATO-land og nære allierte.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa om ein uavhengig heilskapleg gjennomgang av regelverket for kontroll av våpeneksport.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa endre retningslinjene for handsaming av søknader om eksport av forsvarsmateriell ved å fjerne unntaket frå krav om dokumentasjon av sluttbruk for komponentar til våpensystem som eksporterast frå allierte land.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringen sikre at salg fra våpenselskaper som den norske stat har eierskap i, skjer gjennom selskapenes kontor i Norge og er gjenstand for norsk eksportkontroll.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringen i sin eksportkontroll ikke bare vurdere hvorvidt eksport kan tillates, men også hvilken prioritet den skal ha opp mot nasjonale hensyn.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringen stanse behandlingen av lisenssøknader til Tyrkia og holde tilbake utførsel basert på eksisterende lisenser.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 25 (2023–2024) – Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid – vedlegges protokollen.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 5. november 2024

Ine Eriksen Søreide

Christian Tybring-Gjedde

leder

ordfører