Forslag fra mindretall

Forslag fra femte visepresident Ingrid Fiskaa:
Forslag 1

Stortingets godtgjeringsutval vert avvikla, slik at årleg justering av stortingsrepresentantane, regjeringsmedlemmene og statsministeren sine godtgjeringar vert gjort av presidentskapet direkte.

Forslag 2

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om å endra stortingsgodtgjeringslova slik at det vert sett ei absolutt grense for godtgjeringa for stortingsrepresentantane til under 91-prosentpersentilen.

Forslag 3

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om at det vert sett ei grense som sikrar at den maksimale årlege auken i godtgjeringa til stortingsrepresentantane er eit kronetillegg som svarer til det ein arbeidstakar med gjennomsnittsløn fekk året før.

Forslag 4

Stortinget ber presidentskapet fremma forslag om at regjeringsmedlemmer og statsminister får eit tak på godtgjeringa på høvesvis 1,4 og 1,75 gonger stortingsgodtgjeringa.

Forslag 5

Stortinget samtykker i at desse godtgjeringane vert fastsett med verknad frå 1. mai 2024:

Stortingsrepresentanter

993 840 kr per år

Regjeringsmedlemmer

1 391 376 kr per år

Statsminister

1 739 220 kr per år

Forslag 6

Stortinget ber presidentskapet utarbeida forslag til retningslinjer som sikrar at det vert mindre forskjellar mellom det generelle lønnsnivået i Noreg og godtgjeringane for stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmer og statsminister.