Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg
om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot,
driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp
og fysioterapi frå den datoen det er mogeleg å fastsette endringar.
Endringane for legehjelp og psykologhjelp blir gjort på grunnlag
av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening.
Endringane for fysioterapi blir gjort på grunnlag av forhandlingar
med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund,
Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters
Forbund.
Endringar i refusjonstakstane blir fastsett
i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane vart
brote grunna brot i meklinga mellom staten og Akademikerne og UNIO
og påfølgjande streik. Det er derfor usikkert kva tid endringar
som følgje av forhandlingane kan settast i verk.
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar,
psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til
30. juni påfølgjande år.
Regjeringa gjer derfor framlegg om at det blir
gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka,
trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av resultatet
av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli
lagt fram for Stortinget seinare.