Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2024 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)
Dette dokument
- Innst. 443 S (2023–2024)
- Kildedok: Prop. 109 S (2023–2024)
- Utgiver: helse- og omsorgskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innledning
Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå den datoen det er mogeleg å fastsette endringar. Endringane for legehjelp og psykologhjelp blir gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi blir gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.
Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane vart brote grunna brot i meklinga mellom staten og Akademikerne og UNIO og påfølgjande streik. Det er derfor usikkert kva tid endringar som følgje av forhandlingane kan settast i verk.
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Regjeringa gjer derfor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av resultatet av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kamzy Gunaratnam, Tove Elise Madland, Even A. Røed og Truls Vasvik, fra Høyre, Sandra Bruflot, Erlend Svardal Bøe og lederen Tone Wilhelmsen Trøen, fra Senterpartiet, Lisa Marie Ness Klungland og Siv Mossleth, fra Fremskrittspartiet, Bård Hoksrud og Morten Wold, fra Sosialistisk Venstreparti, Marian Hussein, fra Rødt, Seher Aydar, fra Kristelig Folkeparti, Hadle Rasmus Bjuland, og fra Pasientfokus, Irene Ojala, viser til proposisjonen og slutter seg til at departementet får fullmakt til å gjøre endringer i statsbudsjettet under Helse- og omsorgsdepartementet for 2024 som følge av endrede takster for leger, psykologer og fysioterapeuter fra 1. juli 2024.
Komiteens tilråding
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi. Endringane vil bli gjort på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund.
Tone Wilhelmsen Trøen |
Truls Vasvik |
leder |
ordfører |