Søk

Innhold

1. Innledning

1.1 Sammendrag

I revidert nasjonalbudsjett 2024 foreslår regjeringa enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane. Følgjande framlegg til endringar i skatte- og avgiftsreglane har provenyverknad for 2024:

  • Det vert innført meir nøytrale reglar for tilbakeføring av fradragsført meirverdiavgift på personkøyretøy. Meirprovenyet vert brukt til å redusere den nye vektkomponenten i eingongsavgifta som gjeld alle personbilar, og fjerne eingongsavgifta for rullestoldrosjar. Som følgje av at eingongsavgifta og meirverdiavgifta har ulik terminlengd, vil omlegginga gje eit bokført provenytap på 20 mill. kroner i 2024.

  • Gjennomføringa av den reduserte satsen i CO2-avgifta på mineralske produkt for kvotepliktig sjøfart vert endra frå årleg refusjon til direkte fritak ved kjøp frå registrerte verksemder. Endringa er venta å gje eit bokført provenytap i 2024 som er 150 mill. kroner høgare enn anslått i saldert budsjett.

  • Sektoravgifta under Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) vert auka med 5 mill. kroner frå saldert budsjett.

Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å auke provenyet med om lag 5 mill. kroner påløpt i 2024 samanlikna med saldert budsjett for 2024. Den bokførte verknaden av framlegga er eit tap av proveny på om lag 165 mill. kroner i 2024. Heilårsverknaden av framlegga er eit meirproveny på 5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Teknisk tilpassing av reglane for pensjonskattefrådrag til ny AFP i offentleg sektor.

  • Endring av skatteloven § 9-14 om skatteplikt ved utflytting, slik at verdipapirfond vert fritatt frå skatteplikta for aksjar i selskap heimehøyrande utanfor EØS.

  • Produktavgifta i fiskerinæringa vert auka frå 1,9 pst. til 2,0 pst.

  • Endringar i merverdiavgiftslovens føresegner om fritak for offisielle anskaffingar til den amerikanske styrken, som i større grad opnar for fritak framfor refusjon.

  • Enkelte mindre, tekniske justeringar i suppleringsskatteloven.

Det vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024:

  • Avvikling av ekstra arbeidsgivaravgift frå 1. januar 2025

  • NOU 2022:20 Et helhetlig skattesystem

  • Arbeid for å tette meirverdiavgiftshòlet ved tenesteflyt over landegrensa mellom ulike etableringar i eitt og same selskap.

I proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endring i folketrygdloven

  • lov om endringar i svalbardskatteloven

  • lov om endringar i merverdiavgiftsloven

  • lov om endringar i lov 20. desember 2023 nr. 98 om endringer i skatteloven

  • lov om endringar i suppleringsskatteloven

  • endringar i stortingsvedtak om avgifter på motorvogner mv.

  • endring i Stortinget sitt vedtak om avgift på elektrisk kraft

  • endring i stortingsvedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringane.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eigil Knutsen, lederen Tuva Moflag, Tellef Inge Mørland, Nils Kristen Sandtrøen, Maria Aasen-Svensrud og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Tina Bru, Mahmoud Farahmand, Heidi Nordby Lunde og Helge Orten, fra Senterpartiet, Kjerstin Wøyen Funderud, Ole André Myhrvold og Per Martin Sandtrøen, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi og Roy Steffensen, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Rødt, Marie Sneve Martinussen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, fra Miljøpartiet De Grønne, Lan Marie Nguyen Berg, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er omtalt i Prop. 103 LS (2023–2024), og at lovsakene i den proposisjonen behandles nedenfor i denne innstillingen. For øvrig viser komiteen til Innst. 447 S (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024, som også behandler omtalesaker om avvikling av ekstra arbeidsgiveravgift fra 1. januar 2025, NOU 2022:20 Et helhetlig skattesystem, og arbeid for å tette merverdiavgiftshullet ved tjenesteflyt over landegrensen mellom ulike etableringer i ett og samme selskap, som er omtalt i Meld. St. 2 (2023–2024).

Komiteen viser videre til brev av 10. juni 2024 fra finansministeren om korrigering av feil/unøyaktigheter i Prop. 103 LS (2023–2024), som følger vedlagt denne innstillingen.