2.1 Sammendrag
Regjeringa foreslår å endre
reglane i merverdiavgiftsloven om tilbakeføring av frådragsført
meirverdiavgift ved kjøp av personkøyretøy. Framlegget går i hovudsak
ut på å erstatte dagens sjablongverdiar med den faktiske verdien
til køyretøyet når det vert selt vidare eller på anna måte tatt
ut av avgiftspliktig verksemd. Føremålet med framlegget er meir
nøytrale reglar ved at frådragsført meirverdiavgift etter tilbakeføring
betre reflekterer verdifallet køyretøyet faktisk har medan det vert nytta
i den avgiftspliktige verksemda.
Stortinget gjorde følgjande oppmodingsvedtak
ved behandlinga av Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll
2022, sjå Innst. 2 S (2021–2022) (vedtak 35 punkt 13):
«Stortinget ber regjeringen i revidert
nasjonalbudsjett 2022 foreslå tiltak for å øke elbilandelen i leasingmarkedet
og innenfor varebilmarkedet, herunder konkrete forslag som vil ha
umiddelbar effekt i 2022, for å hindre at disse markedene blir en
barriere for å nå målet om at alle nye personbiler og lette varebiler
i 2025 skal være nullutslippsbiler. Utredningen skal se på fjerning av
skattefordeler til biler med utslipp i leasingmarkedet, støtteordninger
til el-varebiler, og CO2-komponenten i engangsavgiften
for nyttekjøretøyer med forbrenningsmotor, den skal videre se på
om det kan gjøres grep i støtteordningene til el-bil som kan gi
næringsdrivende styrkede og mer like fordeler som privatpersoner.»
Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett
2022, statsbudsjettet 2023 og statsbudsjettet 2024 høyring av meir
nøytrale meirverdiavgiftsreglar for leasing mv. og sendte ut eit
framlegg om dette på høyring hausten 2023. I Innst. 239 S (2023–2024)
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Anmodnings-
og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023 går det fram at
oppmodingsvedtaket ikkje kan kvitterast ut før forslaget er lagt
fram for Stortinget. Regjeringa ser det slik at oppmodningsvedtaket
er følgt opp med framlegget i proposisjonen.
Innføring av meir nøytrale meirverdiavgiftsreglar
er venta å auke inntektene til staten med om lag 250 mill. kroner
i heilårsverknad, med påløpt verknad på 125 mill. kroner og bokført
verknad på 85 mill. kroner i 2024. Framlegget skal ikkje gje auka
inntekter for staten. Auka inntekter som følgjer av framlegget,
vert tilbakeført gjennom reduksjonar i bilavgiftene. Regjeringa
foreslår å bruke meirprovenyet til å redusere den nye vektkomponenten
i eingongsavgifta som gjeld alle personbilar, og fjerne eingongsavgifta
for rullestoldrosjar. Endringane i eingongsavgifta er nærare omtalte
i kapittel 3 i proposisjonen. Samla vil drosjenæringa få ei skattelette,
og det vil verte billigare å lease, leige og eige rimelege elbilar.
Departementet syner til framlegg til endring
i merverdiavgiftsloven § 9-6 samt framlegg til overgangsføresegn
til merverdiavgiftsloven § 9-6.
Departementet foreslår at endringane tek til
å gjelde 1. juli 2024, men likevel slik at gjeldande reglar kan nyttast
for personkøyretøy som vert levert før endringa tek til å gjelde.
Dette gjeld òg i høve der køyretøyet vert registrert etter 1. juli
2024. Dette er i tråd med forslaget som har vore på høyring.
Departementet foreslår vidare at gjeldande reglar for
tilbakeføring òg kan nyttast for køyretøy som vert levert etter
1. juli 2024, dersom det er inngått bindande kjøpekontrakt eller
bindande leigeavtale før 14. mai 2024. Departementet meiner at ei
slik løysing vil gjere reglane tilstrekkeleg føreseielege for bransjen
og hindre konsekvensar som dei næringsdrivande og dei som leiger
bil, kan oppfatte som urimelege.
Framlegget er venta å auke inntektene
til staten med om lag 250 mill. kroner i heilårsverknad, med påløpt
verknad på 125 mill. kroner og bokførd verknad på 85 mill. kroner
i 2024. Det er lagt til grunn at ein del av bilane som ville vorte
leasa med dagens regelverk, heller vil verte kjøpt etter endringa.
Dei som eig bilane sjølv, betaler full meirverdiavgift på kjøpstidspunktet,
i motsetning til dei som leaser bil. Dei betaler meirverdiavgift på
leiga over fleire år. Når fleire kjøper bilar framfor å lease, vil
meirverdiavgiftsinntektene auke på kort sikt. Endringa vil òg styrke
konkurranseevna til elbilar, med låg eingongsavgift og med låg eller
inga meirverdiavgift. Isolert sett vil dette kunne trekkje ned provenyet.
Etter kvart som dei nye reglane gjer seg gjeldande, vil inntektene
auke. Den langsiktige inntektsauken er venta å utgjere om lag 500
mill. kroner årleg. Provenyanslaget er usikkert, og vil avhenge
av åtferdsendringar. Meirprovenyet frå omlegginga vert tilbakeført
gjennom reduksjonar i eingongsavgifta, sjå kapittel 3 i proposisjonen.
Tilbakeføringsplikt basert på faktisk verdi
kan medføre noko risiko ved verdivurderinga dersom køyretøyet vert
omdisponert på ein annan måte enn ved sal mellom uavhengige partar.
Ettersom ein stor del av køyretøya er venta å verte selt til kjøpar
som ikkje har interessefellesskap med seljar, legg departementet
til grunn at samla risiko ved verdivurderinga av køyretøya er avgrensa.
Departementet legg til grunn at framlegget ikkje
vil påverka dei administrative kostnadene for Skatteetaten i nemneverdig
grad. For dei avgiftspliktige vil den nye ordninga være meir komplisert
å handtere enn dagens sjablongreglar. Dette betyr ikkje så mykje
for verksemder som driv med persontransport og som ikkje bytter bil
så ofte. For verksemder som driv med bilutleige og leasing, og som
har stort omløp av køyretøy, vil belastninga bli større. Departementet
legg til grunn at de administrative kostnadene som følgje av framlegget
likevel er relativt små, og at bransjen er godt rusta til å handtere
dette.