1.3.5 Berekraft
På området berekraft er Riksrevisjonen særleg
medvitne om område som energibruk, innkjøp og reiser.
Hovudkontoret er miljøsertifisert som «Very
good» etter BREEAM NOR-standarden. Bygget er i energiklasse A og
har system som regulerer varme og ventilasjon gjennom døgnet, og
som automatisk slår av lys i rom utan aktivitet.
Som følgje av høge straumkostnader og uvissa
i Europa jobbar Riksrevisjonen framleis med straumreduserande tiltak.
Dette gjeld i hovudsak ventilasjonstider, temperaturen i fellesareal,
restriktiv bruk av ekstra varmekjelder og billading. Dette har ført
til redusert energiforbruk.
Riksrevisjonen stiller fleire miljøkrav når
dei gjennomfører innkjøp. Miljø blir vekta med 30 pst. i alle innkjøp
over terskelverdi. Kontormøblane er miljøvennleg framstilte, kontorrekvisita
og reinhaldsartiklar er svanemerkte, og IT-utstyret er energieffektivt.
Statistikk viser at Riksrevisjonen hadde ein andel på 75 pst. miljømerkt innkjøp
gjennom rekvisitaavtalen til staten i 2023.
Riksrevisjonen har forlengt
den normale levetida på PC-utstyr frå tre til fem år. Avhendt IT-utstyr
blir levert til Foxway AS, der IT-utstyret blir brukt om att. For kvar
datamaskin som blir brukt om att, bidreg Riksrevisjonen til å redusere
utsleppa av karbondioksid, spare råvarer og stimulere til ei utvikling
der produkta blir brukte meir effektivt. Dei har redusert papirforbruket, mellom
anna som følgje av at dei sidan 2020 publiserer rapportane sine
digitalt. Dei har PaperCut for alle multifunksjonsmaskiner, som
reduserer unødvendige utskrifter.
Riksrevisjonen har inngått ein
avtale med kantineoperatøren, der dei stiller strengare miljøkrav
til mellom anna emballasje og eingongsartiklar og om auka bruk av
økologiske matvarer (15 pst.). Denne andelen låg nokre prosentpoeng
under første driftsår, men dei forventar at andelen vil liggje på
minimum 15 pst. i 2024.
Riksrevisjonen har avskaffa eigen bil og har
sidan 2022 nytta bildelingstenesta «Bilkollektivet».
Riksrevisjonen har i dei kommande
åra mål om å redusere talet på reisedøgn, talet på flyreiser og
mengda klimagassutslepp over tid. Dette er i tråd med SN-måla for
berekraftig utvikling. I 2021 blei det vedteke nye og strengare
retningslinjer for tenestereiser i staten. Konkret har Riksrevisjonen
som mål i 2024 å redusere reiseverksemda med 35 pst. i forhold til
2017-nivået. Bruk av både digitale løysingar for kommunikasjon og
samhandling og fleksibel heimekontorordning bidreg til redusert
reiseverksemd. Revisjon av verksemder over heile landet, internasjonalt
engasjement og Riksrevisjonen sitt eige regionale nærvær gjer likevel
at ein viss reiseaktivitet er nødvendig. Statistikk om CO2-utslepp
frå portalen til Riksrevisjonens reisebyrå Berg-Hansen viser at talet
på flyreiser totalt gjekk ned med 12 pst. frå 2022 til 2023. For
innanlandsreiser var reduksjonen på 10,8 pst. og for utanlandsreiser
17,6 pst. CO2-utsleppet gjekk ned med 19 pst.