I meldinga gjer regjeringa greie for villreinen
sitt opphav i landet, historie og økologi knytt til norsk villrein.
Det blir gjort greie for villreinen si rolle for næringsliv, friluftsliv,
kultur og forvaltning av natur i eit breitt perspektiv.
I meldinga blir det peika på at villrein er
ein nøkkel-art, ein art som er spesielt viktig for økosystemet.
Tar vi vare på villreinen, tar vi også vare på store område med natur
og ei lang rekkje artar i Noreg.
Norsk forvaltning av villrein og leveområda
til villreinen omfattar oppfølging av ei rekkje internasjonale avtalar,
nasjonale lover og retningslinjer, som kvar for seg påverkar bevaringa
og bruken av villreinfjellet.
FNs berekraftsmål og internasjonale konvensjonar som
biomangfaldkonvensjonen og Bernkonvensjonen har direkte betydning
for villreinforvaltninga i Noreg, med fokus på bevaring av naturmangfald
og økosystem. På det nasjonale nivået skal plan- og bygningslova,
naturmangfaldlova og viltlova sikre at villreinen og leveområda
til villreinen blir forvalta berekraftig. Samtidig skal ivaretaking
av leveområda til villreinen også vegast opp mot andre viktige samfunnsinteresser.
Ein finn nesten 90 pst. av vill, europeisk fjellrein
i Noreg, noko som gjer villreinen til ein norsk ansvarsart. I meldinga
blir det framheva at det betyr at Noreg har eit særleg internasjonalt
ansvar for å ta vare på denne arten.
Det er mykje kunnskap om villrein og leveområda til
villreinen i Noreg, både frå utgreiingar, FoU-arbeid og overvaking.
Denne kunnskapen viser at den samla belastninga på villrein i dag
er for stor, og at det er mange ulike påverknader som bidrar til
dette.
Vidare blir det i meldinga gjort greie for villreinen sine
leveområde, og korleis vilkåra for villreinen har endra seg.
Det blir òg gjort greie for villreinen si helse
og korleis sjukdommar, parasittar, overbeite og klimaendringar vil
kunne skape endå fleire utfordringar for villrein i framtida.
Det blir gjort greie for kva for tiltak som
er sett i verk i Noreg for å bevare villreinen, og for kvalitetsnorma
for villrein.
I meldinga hevdar regjeringa at utan nye og
sterkare tiltak er det ikkje mogleg å nå desse måla. Regjeringa fremjar
ein ny politikk innan fem strategiske område som skal bidra til
å løyse dei komplekse utfordringane i villreinfjellet. Dei fem strategiske
områda er:
-
1. heilskapleg og
restriktiv arealforvaltning i villreinfjellet
-
2. auka tilrettelegging av villreinvennleg
ferdsel
-
3. betre villreinhelse
-
4. meir berekraftig bestandsforvaltning
av villrein
-
5. målretta restaurering av leveområda
til villreinen
I meldinga blir det gjort greie for
forslag til tiltak på fleire nivå.
Regjeringa skriv i meldinga at dei har som mål
å over tid oppretthalde minst det leveområdet villreinen har i dag.
For å styrkje kunnskapen om leveområda til villreinen og endringar
i arealbruk og økosystemtenester skal regjeringa lage ein tematisk
naturrekneskap for villrein.
Gjennom tiltaka som blir foreslått i denne meldinga,
syner regjeringa til at dei ti nasjonale villreinområda er vurdert
å kunne inngå i Noreg sitt bidrag til å nå det globale målet om
minst 30 pst. bevaring av natur, og syner i den samanheng til den
komande naturmeldinga.
Det blir peika på at staten har det overordna
ansvaret for planlegginga etter plan- og bygningslova, og at staten
gir føringar for den regionale og kommunale planlegginga gjennom
lover, føresegner og retningslinjer.
Det blir gjort greie for praksisen for konsesjonar
for etablering og drift av ulike typar næring i villreinområde.
Det blir òg gjort greie for korleis planar på
ulikt nivå (regulerings-, kommunale og regionale planar) kan ha konsekvensar
for villreinen og korleis arealforvaltninga kan handterast for å
ta vare på villreinen.
Andre tema som blir diskutert i meldinga er
mellom anna jakt, rovvilt, ferdsel med motorisert køyretøy, beitebruk,
etablering av næring og transportårer, villrein-fondet og forsking.
Framgangen i gjennomføringa av stortingsmeldinga
og tiltaksplanane etter kvalitetsnorma for villrein skal bli evaluert.
Dersom det er sannsynleg at måla i denne meldinga om tilstanden
til villreinen ikkje vil bli nådde, vil regjeringa igjen vurdere
nye eller forsterka tiltak og verkemiddel på tvers av alle aktuelle
sektorar, slik at måla likevel kan bli nådde.