4. Tilråding frå komiteen

Bak tilrådinga I, II, III står medlemmene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti.

Bak tilrådinga IV og V står ein samla komité.

Komiteen viser til meldinga og til det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringa gå vidare med å setje ‘Villreinfangsten på Dovre’ på Noregs tentative liste for verdsarvområde.

II

Stortinget ber regjeringa på eigna måte sørgje for at alle villreinområda får styringsverktøy tilsvarande dei regionale planane, enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller på annan eigna måte inkludere eigna føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over.

III

Stortinget ber regjeringa sikre gode avbøtande tiltak for frivillig sektor i dei tilfelle merkte stiar eller turisthytter må leggjast ned eller flyttast.

IV

Stortinget ber regjeringa snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella i sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.

V

Meld. St. 18 (2023–2024) – om Ein forbetra tilstand for villrein – blir vedlagt protokollen.