Innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om representantforslag om å starte forhandlinger med EU om forslag til medlemskapsavtale som legges fram for folkeavstemning
Dette dokument
- Innst. 369 S (2023–2024)
- Kildedok: Dokument 8:144 S (2023–2024)
- Utgiver: utanriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Merknad
Bakgrunn
I dokumentet vert det fremja følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til forhandlinger med EU om et forslag til en avtale om vilkårene for norsk medlemskap. Prosessen skal være åpen og sikre at folket holdes informert. Et endelig utkast til avtale skal legges fram for folkeavstemning.»
Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaget.
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsmund Aukrust, Nils-Ole Foshaug, Eva Kristin Hansen og Trine Lise Sundnes, frå Høgre, Hårek Elvenes, Ingjerd Schie Schou, Erna Solberg og leiaren Ine Eriksen Søreide, frå Senterpartiet, Marit Arnstad, Bengt Fasteraune og Ola Borten Moe, frå Framstegspartiet, Sylvi Listhaug og Christian Tybring-Gjedde, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingrid Fiskaa, frå Raudt, Bjørnar Moxnes, frå Venstre, Guri Melby, og frå Kristeleg Folkeparti, Dag-Inge Ulstein, viser til forslaget og til utanriksministerens svarbrev 23. april 2024.
Komiteen merkar seg at forslagsstillarane argumenterer for eit norsk EU-medlemskap, samtidig som sjølve forslaget er å setta i gang forhandlingar om ein avtale om vilkåra for norsk medlemskap og deretter legga denne fram for folkeavstemming.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Kristeleg Folkeparti, merkar seg vidare regjeringa si vurdering om at oppstart av slike forhandlingar vil føra til skarpe skiljelinjer i Noreg, og at innbyggarane ikkje har gitt mandat til å setta i gang ein slik prosess i denne stortingsperioden.
Fleirtalet registrerer, som forslagsstillarane, at det i mange år har vore fleirtal mot norsk EU-medlemskap på meiningsmålingane.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til at regjeringen i Hurdalsplattformen legger EØS-avtalen til grunn for Norges forhold til EU. Disse medlemmer viser til at regjeringen har høye ambisjoner for det europeiske samarbeidet innenfor Norges nåværende tilknytning til EU.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre viser til sine merknader i Innst. 22 S (2022–2023), der partiene blant annet bemerker at den norske EU-debatten fortsatt preges av hovedlinjene fra EU-avstemningen i 1994, til tross for at EU har gjennomgått flere institusjonelle reformer og overtatt stadig flere ansvarsområder på vegne av medlemslandene, inkludert forhandling av handelsavtaler, innføring av sanksjoner mot tredjeparter og en ambisiøs klima- og miljøpolitikk med forpliktende felles målsettinger. Det har også vært en betydelig utvikling i EUs politikk for og samarbeid om utenriks- og forsvarspolitikk.
Disse medlemmer mener fortsatt at EU har vist både styrke og samhold i sin støtte til Ukraina og sanksjoner mot Putins regime, og at krigen har vist at Norges sikkerhetsinteresser er uløselig tilknyttet EUs interesser.
Videre vil disse medlemmer gjenta at Norge som ikke-medlem har liten evne til å påvirke utfallet og innrammingen av beslutninger fattet på EU-nivå. Norge ender derfor ofte med å avvente disse beslutningene før det gjennomføres tilsvarende vedtak i Norge, uten nevneverdig debatt. Dette er ikke bare en demokratisk utfordring, men fører også til dårligere beslutningsprosesser i Norge.
Disse medlemmer viser til at Eldring-utvalget, som regjeringen oppnevnte for å se på erfaringer med EØS-samarbeidet, konkluderer med at det ikke vil være i Norges interesse med alternative handelsavtaler med og tilknytning til EU, slik blant annet Storbritannia og Sveits har. Disse medlemmer mener det eneste reelle alternativet til EØS-avtalen er et fullverdig medlemskap.
Disse medlemmer støtter dermed forslagsstillers intensjon om norsk EU-medlemskap, men mener det er viktig med en grundig utredning av hvilke fordeler og ulemper et slikt medlemskap vil innebære for Norge. En utredning er første steg i en politisk prosess som kan munne ut i en rådgivende folkeavstemning der alle velgere vil få muligheten til å uttale seg om norsk EU-medlemskap, også de som ikke hadde stemmerett i 1994. Uavhengig av EU-ståsted bør alle partier på Stortinget ha en interesse av å bidra til en faktabasert og opplyst debatt om hva norsk EU-medlemskap vil kunne innebære, og hvilket handlingsrom som eksisterer for Norges del.
På bakgrunn av dette, fremmer disse medlemmer følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen om å utrede fordeler og ulemper med et norsk EU-medlemskap sammenlignet med dagens EØS-medlemskap.»
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti mener det ikke er noe folkekrav å igangsette et slikt arbeid. Norges økonomiske samarbeid med Europa er sikret gjennom EØS-avtalen, sikkerhetssamarbeidet er sikret gjennom NATO og forsvarsindustrielle næringsinteresser er sikret gjennom multilaterale avtaler med EU.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt viser til at dei grunnleggande problema med EU framleis er der. EU har traktatfesta ein marknadsliberalistisk økonomisk politikk som ikkje kan endrast utan at alle medlemslanda er einige om det. EU snevrar dermed inn det demokratiske rommet ved at den økonomiske politikken ikkje er oppe til diskusjon. Vidare er det stor avstand mellom innbyggarar og dei som tar avgjerdene; både ved at sentrale avgjerder ikkje blir tatt av folkevalde, ved at få av EUs innbyggarar stemmer ved val og følgjer med på prosessane i EU, og fordi det ikkje finst ei felles offentlegheit på tvers av ulike språk og medlemsland som fleirtalet av innbyggarane kan delta i.
Desse medlemene peikar også på at eit EU-medlemskap ville ha flytta meir makt frå Noreg til EU på sentrale område som er viktige for norsk økonomi og næringsliv, som landbruks-, fiskeri-, petroleums- og pengepolitikken. Der Noreg i dag kan følgja ein sjølvstendig utanrikspolitikk og kan vera ein brubyggar mellom det globale nord og sør, ville eit EU-medlemskap sterkt avgrensa moglegheita for dette. EU fører i stadig sterkare grad ein felles utanrikspolitikk, der sterke økonomiske aktørar får legga premissa.
Desse medlemene viser vidare til EUs utvikling når det gjeld miljøpolitikk og flyktningpolitikk. I utkastet til EUs nye femårsplan er klima og natur fortrengt til fordel for forsvar, sikkerheit, migrasjon og konkurranseevne. EUs oppskrift for styrkt konkurranseevne er endå meir liberalisering og deregulering, noko som vil svekka miljøkrav og vern av arbeidstakarar. EU flyttar allereie pengar frå miljø til forsvar og grensekontroll. Flyktningpolitikken er stramma ytterlegare inn, til protestar frå menneskerettsorganisasjonar. I dag har Noreg politisk handlingsrom til å kutta utslepp, ta vare på natur og føra ein solidarisk flyktningpolitikk i staden for å måtta følgja EU i feil retning.
Desse medlemene meiner at problema med EØS-avtalen ikkje blir løyst med eit EU-medlemskap. EØS-avtalen er på mange område ei tvangstrøye, men det vil også EU-medlemskap vera. I EØS har Noreg større moglegheiter til å føra ein sjølvstendig politikk på ei rekke område. Det er også fullt mogleg å bruka handlingsrommet i EØS meir aktivt enn i dag. Problemet har så langt vore at EU-tilhengarane ikkje ønskjer å ta desse moglegheitene i bruk.
Desse medlemene viser til at fleirtalet av innbyggarane i Noreg har sagt nei til medlemskap i EU to gonger, og at det i mange år har vore fleirtal mot EU på meiningsmålingane. Ein opplyst og faktabasert offentleg debatt om både EU og EØS vil etter det desse medlemene meiner, vera eit udelt gode. Det er derimot ikkje avhengig av offentlege, regjeringsnedsette utgreiingar eller oppstart av forhandlingar om eit eventuelt EU-medlemskap. Ein slik ovanfrå og ned-prosess ville ha vore å starta i feil ende. Særleg i ei sak som til dei grader handlar om vilkåra for folkestyret, vil det vera naturleg å starta debatten på grasrota, heller enn i den politiske eliten.
På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa koma med forslag til korleis det offentlege ordskiftet om EU og EØS kan revitaliserast, mellom anna ved å auka den økonomiske støtta til dei medlemsbaserte, folkelege organisasjonane sitt opplysningsarbeid om temaet.»
Forslag frå mindretal
Stortinget ber regjeringen om å utrede fordeler og ulemper med et norsk EU-medlemskap sammenlignet med dagens EØS-medlemskap.
Stortinget ber regjeringa koma med forslag til korleis det offentlege ordskiftet om EU og EØS kan revitaliserast, mellom anna ved å auka den økonomiske støtta til dei medlemsbaserte, folkelege organisasjonane sitt opplysningsarbeid om temaet.
Tilråding frå komiteen
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og til det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere følgjande
Dokument 8:144 S (2023–2024) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Rasmus Hansson, Lan Marie Nguyen Berg og Une Bastholm om å starte forhandlinger med EU om forslag til medlemskapsavtale som legges fram for folkeavstemning – vert ikkje vedteke.
Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.
Ine Eriksen Søreide |
Ingrid Fiskaa |
leiar |
ordførar |