1.4 Sentrale hendingar i 2023
Det blei utført inntektskontroll på alle som
tok imot pensjon etter 75-årsregelen, for å sikre at ingen har hatt ei
inntekt som overstig inntektsgrensa. Kontrollen gjaldt for inntektsåret
2022. Alle som blei kontrollert, var innanfor inntektsgrensa.
I løpet av sommaren/hausten 2023 blei det, ut
frå skatteoppgjeret for 2022, gjennomført etteroppgjer for alle
uførepensjonistar i ordninga. Det blir gjort for å sikre at uførepensjonen
er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein har hatt samtidig
med uførepensjon.
I 2023 blei alderspensjonar under utbetaling,
samt etterlatnepensjon til etterlatne som er 67 år eller eldre, regulert
med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Reguleringa blei høgare
enn vanleg og utgjorde 8,54 pst. Uførepensjon og etterlatnepensjon
for dei under 67 år blir regulert som veksten i grunnbeløpet, som
utgjorde 6,41 pst. i 2023.