Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om Årsmelding 2023 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.

I samsvar med denne føresegna blir det her lagt fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2023. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2023.

I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga, herunder også for hovudtrekk i dei tidlegare pensjonsordningane for stortingsrepresentantar og for statsrådar.

1.2 Utvikling i 2023 for pensjon opptent som stortingsrepresentant

Totalt 390 personar fekk ved utgangen av 2023 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.2.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2023 var det 294 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på elleve personar og tilgang på 15 personar. Per 31. desember 2023 var talet på alderspensjonistar derfor 298 personar.

1.2.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2023 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har vore avgang på éin person og tilgang på to personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2023 var det derfor tre uførepensjonistar i ordninga.

1.2.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2023 var det 91 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på elleve personar og tilgang på ni personar. Per 31. desember 2023 var talet på ektefellepensjonistar derfor 89 personar.

I 2023 blei ni personar innvilga ektefellepensjon.

Per 31. desember 2023 var det ingen som tok imot barnepensjon i ordninga.

1.2.4 Rekneskap for 2023

Pensjonane blir dekte over kap. 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 73 734 105 kroner til pensjonar, som er ein auke på i underkant av to millionar kroner frå 2022. Administrasjonskostnadene var 1 361 700 kroner, som er ein liten nedgang frå 2022.

1.3 Utvikling i 2023 for pensjon opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2023 fekk totalt 110 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn samt gjennomsnittleg pensjonsalder.

1.3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2023 var det 74 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på fire personar og tilgang på éin person. Per 31. desember 2023 var talet på alderspensjonistar derfor 71 personar.

1.3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2023 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2023 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2023.

1.3.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2023 var det 36 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore avgang på éin person og tilgang på tre personar. Per 31. desember 2023 var talet på ektefellepensjonistar derfor 38 personar.

I 2023 tok tre personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong.

Ved inngangen til 2023 var det éin person som tok imot barnepensjon. Det har ikkje vore tilgang eller avgang på mottakarar av barnepensjonar i løpet av året. Per 31. desember 2023 var det derfor framleis berre éin mottakar av barnepensjon.

1.3.4 Rekneskap for 2023

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kap. 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 16 996 817 kroner til pensjonar, som er ein auke på i underkant av ein million kroner frå 2022. Administrasjonskostnadene utgjorde 379 830 kroner, som er ein liten auke frå 2022.

1.4 Sentrale hendingar i 2023

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen, for å sikre at ingen har hatt ei inntekt som overstig inntektsgrensa. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2022. Alle som blei kontrollert, var innanfor inntektsgrensa.

I løpet av sommaren/hausten 2023 blei det, ut frå skatteoppgjeret for 2022, gjennomført etteroppgjer for alle uførepensjonistar i ordninga. Det blir gjort for å sikre at uførepensjonen er berekna ut frå den eventuelle inntekta ein har hatt samtidig med uførepensjon.

I 2023 blei alderspensjonar under utbetaling, samt etterlatnepensjon til etterlatne som er 67 år eller eldre, regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Reguleringa blei høgare enn vanleg og utgjorde 8,54 pst. Uførepensjon og etterlatnepensjon for dei under 67 år blir regulert som veksten i grunnbeløpet, som utgjorde 6,41 pst. i 2023.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjørnar Skjæran, Anette Trettebergstuen, Berit Tønnesen og Torbjørn Vereide, fra Høyre, Henrik Asheim, Anna Molberg og Aleksander Stokkebø, fra Senterpartiet, Tor Inge Eidesen og Per Olaf Lundteigen, fra Fremskrittspartiet, Dagfinn Henrik Olsen og Gisle Meininger Saudland, fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø og lederen Freddy André Øvstegård, og fra Rødt, Mímir Kristjánsson, viser til Årsmelding 2023 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 24 (2023–2024) – Årsmelding 2023 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – vedlegges protokollen.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 21. mai 2024

Freddy André Øvstegård

leder og saksordfører