Omtale av ordninga
Pensjon frå statskassa er ei særordning som
gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg,
å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp
pensjonsrettar på vanleg måte.
Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske
utanriksstasjonar. Dei lokalt tilsette er i hovudsak sjølv borgarar
i landet der dei arbeider.
Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta
av lokale ordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det ikkje
finst lokale ordningar, at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar
dei tilsette tilstrekkeleg, eller at tilhøve i tenestelandet kan
føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt
seg rett til. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om
pensjon frå statskassa på vegne av vedkomande.
Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome
til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir
utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk
offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar,
er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp
ved pensjonering. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved
at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.