Kontrollen med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM)
Komiteen viser til
at kontrollen med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har omfatta handsaming
av saker der klarering er nekta, og sakshandsamingstid i klareringssaker.
I 2023 har utvalet tatt 12 klager retta mot NSM opp til handsaming
og avslutta 15 klagesaker. Seks av sakene som vart avslutta med
kritikk, gjaldt sikkerheitsklarering. Dei andre sakene gjaldt lang
sakshandsamingstid. Komiteen støttar utvalet sin uttale om at det
er svært kritikkverdig at ei klagesak har lege utan å verte handsama
i over eitt år og ti månader, og ei anna sak i over to år og fire
månader.
Komiteen viser
til at i Innst. 432 S (2021–2022) delte komiteen EOS-utvalet si
bekymring om at sakshandsamingstida i klareringssaker hos NSM på
nesten alle område hadde gått opp i 2021 samanlikna med 2020. Komiteen føresette i innstillinga at
NSM tok grep for å redusere sakshandsamingstida, men sakshandsamingstida
både i klareringssaker og i klagesaker i andreinstansen hadde gått
opp frå 2021 til 2022. Komiteen støtta
i Innst. 456 S (2022–2023) utvalet si vurdering av at det var ei
urovekkjande utvikling. Komiteen viste
då til statsråd Emilie Mehls skriftlege svar til representanten
Nils T. Bjørke den 28. april 2023 om at som ei følge av utviklinga
i restansar hadde departementet gjeve NSM eit eige oppdrag om å
sette i verk naudsynte prosessar for å få restansane på klagesaker ned,
og at sakshandsamingstida for klagehandsaminga burde vere mellom
90 og 120 dagar, og at denne tilstanden skulle vere oppnådd i løpet
av sommaren 2023.
Komiteen bad
i Innst. 456 S (2022–2023) utvalet vurdere om rapporteringa om sakshandsamingstid
i klareringssaker i større grad kan syne utviklinga over tid og
dei omstenda som er knytte til borgarane sine rettar, slik som i
kva grad forseinkingane er skulda tilhøve ved dei som ber om klarering,
eller tilhøve ved handsaminga i tenestene. Komiteen har
stor nytte av at utvalet i Dokument 7 (2023–2024) har vist utviklinga
av sakshandsamingstida for ulike sakskategoriar frå 2019 til 2023. Komiteen deler utvalet si vurdering av
at sakshandsamingstida i NSM sine klagesaker framleis er uakseptabelt
lang, og at det er urovekkjande at sakshandsamingstida for negative
avgjerder hos FSA og SKM er aukande.
Komiteen viser til
at utvalet den 23. januar 2024 har orientert Justis- og beredskapsdepartementet
i eige brev om den uakseptabelt lange sakshandsamingstida i klareringssaker,
om utfallet av klagesakene utvalet har handsama i 2023, og kritikken
frå utvalet. Komiteen viser til at representanten
Bjørke i skriftleg spørsmål til justis- og beredskapsminister Emilie
Mehl den 19. april 2024 spurde kva tiltak departementet har sett
i verk i etterkant av EOS-utvalet sitt brev. Statsråden skriv i
svarbrevet den 25. april 2024:
«Per april 2023 hadde NSM 160 klagesaker
til behandling/ i restanse. 22. april 2024 hadde virksomheten 66
saker til behandling. Antall vedtak truffet februar og mars i år
er doblet sammenliknet med tidligere måneder. Dette er en positiv
utvikling.
Justis – og beredskapsdepartementet følger opp EOS-utvalgets
rapport. Saksbehandlingstiden i den spesielle sakstypen representanten
sikter til er særlig tema i styringsdialogen med NSM.
NSM har en positiv utvikling i saksbehandlingstiden
og har opplyst at de jobber målrettet med nedarbeidelse av restanser.
Justis – og beredskapsdepartementet har uttrykt en klar forventing
om at NSM når målene for saksbehandlingstid raskt.»
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet og Rødt viser til Innst. 456 S (2022–2023):
«Komiteen viser til statsråd Mehls skriftlege
svar til representanten Bjørke den 28. april 2023 om at som ei følge
av utviklinga i restansar har departementet gjeve NSM eit eige oppdrag
om å iverksette naudsynte prosessar for å få restansane på klagesaker
ned, og at sakshandsamingstida for klagehandsaminga bør være mellom
90 og 120 dagar, og at denne tilstanden skal vere oppnådd i løpet
av sommaren 2023.»
Disse medlemmer merker
seg at saksbehandlingstiden for klagebehandling fortsatt er langt
over det mål statsråden satte i sitt svar av 28. april 2023. Gjennomsnittlig
behandlingstid for klage i første instans er 360 dager og for klage
i andre instans 453 dager. Disse medlemmer påpeker
at hvis oppdrag gitt av statsråden ikke følges opp, er det statsrådens
ansvar at saksbehandlingstiden ikke når målet.
Komiteen legg
vekt på at i ljos av det stadig meir alvorlege tryggingspolitiske
biletet har samfunnet større trong til klarert personell. Avgjerd
om klarering har stor betyding for den som skal klarerast. Det er
grunnleggjande at klareringsarbeidet vert gjennomført innan rimeleg
tid med god kvalitet og vert opplevd som føreseieleg for dei som
søkjer klarering. Komiteen legg til grunn
at oppfølginga frå departementet varetek dette.
Komiteen registrerer
at EOS-utvalet gjer gode vurderingar av kva risiko som ligg til
grunn for kontrollarbeidet, og meiner utvalet har fridom til å prioritere mellom
kontrolloppgåvene med utgangspunkt i desse vurderingane.