Forslag fra mindretall

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa bistå med evakuering av personar i Gaza som har fått innvilga søknad om familiegjenforeining til Noreg.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa bistå med økonomisk støtte til evakueringa og reisa frå Gaza til Noreg for personar som har fått innvilga søknad om familiegjenforeining til Noreg.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa utvide familiegjenforeiningsordninga til også å gjelde besteforeldre, overårige barn og mindreårige barn i nær familie, til dømes fetter/kusine/nevø/niese som har mist foreldra sine i den nådelause krigen i Gaza.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa gjere unntak i krava om underhald for familiar som vart etablerte før krigen i Gaza braut ut, og at det vert gjort unntak for 24-års kravet og kravet om fire års arbeid eller utdanning i Noreg.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa innføre midlertidige ordningar slik at palestinarar frå Gaza med tilknyting til Noreg raskt får innvilga innreiseløyve og får assistanse frå norske styresmakter til å kome til Noreg.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringa innføre midlertidig unntak frå inntektskrav i alle familiegjenforeiningssaker som omfattar palestinarar frå Gaza.