Sammendrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2023 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 43 mrd. kroner, som vart ny rekord.

Vi deler rundt 90 pst. av fiskeressursane vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår vanlegvis fire typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, trepartsavtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg er òg part i ein trepartsavtale om forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er som fjernfiskenasjon deltakar i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne havet pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i, er nærmare presenterte i kapittel 3 i meldinga.

I kapittel 2 i meldinga gjev departementet ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Regjeringa omtaler dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane Noreg forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2023, er rekna ut til å vere om lag 71 mrd. kroner. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 20 mrd. kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av bearbeiding av fangsten. Den realiserte verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2023. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane i 2023.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2023 ein verdi på om lag 8,4 mrd. kroner. Det er grunnen til at godt over halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 35 pst. av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den klart viktigaste med ein verdi på om lag 4,4 mrd. kroner i 2023. Avtalen med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 9 pst. av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for om lag 1 pst. av dei samla verdiane i 2023.

Fiskeriavtalane for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023

Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2020–2024. Kapittel 3 i meldinga presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 i meldinga inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Kapittel 4 i meldinga gjer òg greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2022 og 2023. Hovudvekta er lagd på den norske utnyttinga av avtalane, i kva grad partane som får tildelt kvotar i havområda under norsk jurisdiksjon, faktisk nyttar desse kvotane, og verdien av fisket etter avtalane.